NRK Meny
Normal

Ber folk varsle om bruk av tvang

Pasientombod Runar Finvåg ber folk slå alarm dersom dei mistenker at eldre blir utsett for tvang på sjukeheimar.

Pasient- og brukerombud i Møre og Romsdal

Pasient- og brukarombod Runar Finvåg trur mange ikkje veit om dei strenge reglane som er knytt til bruk av tvang.

Foto: Kristin Mehlum / NRK

I går kunne ein lese at Aukra kommune får refs for å ha brukt ulovleg tvang mot demente og andre sjukeheimspasientar. Det var eit tilsyn ved Aukraheimen i april som førte til at Fylkesmannen i Møre og Romsdal slo alarm. Der kom det nemleg fram at pasientar ved heimen skal ha blitt utsett for ulovleg makt og tvang.

No ber pasient- og brukarombod Runar Finvåg folk om å slå alarm dersom dei har mistanke om at eldre blir utsett for tvang ved sjukeheimar. Undersøkingar har vist at tvangsbruken på norske sjukeheimar er utbreitt, men Finvåg seier dei nesten aldri får inn slike meldingar.

– Det er ikkje mange pårørande som seier ifrå til oss om slike ting. Det er nok store mørketal i forhold til dette med tvang, noko tilsynet frå fylkesmannen også viser. Difor ønskjer vi at fleire melder frå dersom dei har ein mistanke, seier han.

Manglar kunnskap

Finvåg trur mange ikkje er klar over dei strenge reglane som er knytt til bruk av tvang.

Kommunehuset i Aukra

Aukra kommune må no svare Fylkesmannen på kva dei vil gjere for å unngå å bruke ulovleg makt og tvang overfor sjukeheimspasientane sine i framtida.

Foto: Are Haukaas

– Eg trur ein av hovudgrunnane er at mange ikkje veit at enkelte tiltak faktisk er tvang, og at det også finst reglar for bruken av tvang, seier han.

Finvåg trur mange kanskje tek dei etablerte normene på sjukeheimane for gitt.

– Det kan vere at dei som jobbar der får høyre at slik og slik gjer vi det her, og så tek ein det for god fisk at dette er i samsvar med dei lovar og reglar som er vanleg praksis, seier Finvåg.

– Men som denne tilsynssaka har vist, så er det ein god del praksis som ikkje er i tråd med regelverket, held han fram.