– Mellom sju til 15 prosent av dei som døyr i Noreg døyr heime, men vi veit lite om kven dei eigentleg er, seier forskar Bettina Husebø. Ho er leiar ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin i Bergen, og prosjektleiar for heimedød-forskinga.
Gjennom djubdeintervju og større spørjeundersøkingar har forskarane ved Universitetet i Bergen som mål å utvikla kunnskap om korleis ein kan leggje til rette for at eldre og alvorleg sjuke skal få bu heime så lenge som mogleg.
Og dersom dei ønskjer det: Å døy i sin eigen heim.
Vil fokusere på heimesjukepleia
Husebø meiner eldrebølga vil tvinge fram ei stor endring av den eldreomsorga vi kjenner i dag. Dei siste åra har det blitt satsa stort på norske sjukeheimar.
– No er det på tide å snu fokus, og forbetre og prioriterer heimesjukepleia, seier Husebø.
- Les òg:
– Det er heilt ufatteleg at eldre menneske skal oppleve å ligge på dobbeltrom når ein skal døy, seier Christian Rieber.
Den 90 år gamle, bergenske forretningsmannen er gjennom GC Rieber Fondene ein av bidragsytarane til heimedød-forskinga i Bergen.
Då kona hans blei sjuk for nokre år sidan ynskte ho å døy heime, og ville nødig vere på sjukehus. Ho fekk sovna inn i si siga seng, noko Rieber seier har hatt stor betydning.
Han meiner fleire må få moglegheit til det same.
– Det er på ingen måte lagt til rette for at alle dei som ynskjer å få døy heime kan få oppleve det, seier Rieber.
ENGASJERT: 90 år gamle Christian Rieber meiner det må leggjast til rette for at eldre kan få døy heime hjå seg sjølv.
Foto: Siri Løken / NRK– Viktig forsking
– Det er behov for meir kunnskap om korleis eldre døyande kan få eit betre tilbod i heimen, seier helse- og omsorgsminsiter Bent Høie.
Han meiner difor at den nye forskinga frå Universitetet i Bergen er viktig.
– Vi må ruste helse- og omsorgstenesta for å møte det aukande talet på eldre som vil ha behov for hjelp, seier Høie.
Han peikar blant anna på at ein må heve kompetansen for å kunne gi betre heimebasert hjelp, noko Høie meiner òg er viktig for dei som vil døy heime.
- Les òg:
Kan ta tid
Ifølge helseministeren er Noreg alt i gang med å tenke annleis om eldreomsorg i tida framover. Høie er likevel einig i at det er for lite fokus på heimedød.
Han seier tilbodet om å få døy heime i stor grad er diagnosebasert, og at kreftpasienter oftare får tilbodet enn andre pasienter.
– Vi er opptatt av at dei som ynskjer å døy heime i størst mogleg grad skal få lov til det, seier Høie, som likevel trur det vil ta nokre år før ein er i mål på dette området.