Hopp til innhold

Innførte nye krav i fjor – no aukar fråværet

Eit halvt år etter at Bergen stramma inn tidskrava i heimesjukepleia har sjukefråværet auka med 14 prosent. – Fleire sjukepleiarar har slutta, seier tillitsvald i Norges Sykepleierforbund.

Rebekka Ljosland

VIL VENTA: Helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) vedgår at Bergen kommune har eit problem med ein høg grad av sjukmelde. Byråden meiner det er for tidleg å skulda dei auka fråværstala på dei nye normtidene. – Det er for tidleg å seia om normtidene åleine har noko av skulda.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Sjukefråværet i heimesjukepleia i Bergen held fram med å auka også i andre kvartal (sjå faktaboks).

Både i første og andre kvartal har sjukefråværet gått opp 14 prosent frå i fjor.

– Dette er høge tal. Sjukeheimssektoren har hatt nedgang medan tala for heimesjukepleia går opp. Kva er grunnen til det, spør hovudtillitsvald i Norges Sykepleierforbund i Bergen, Bente Soltvedt Leversen.

– Normtidene har skulda

I desember i fjor reduserte Bergen kommune normtidene. No er det venta at pleiarane brukar mindre tid til kvar pasient.

– Den logiske konklusjonen å trekkja er at normtidene har hatt ein direkte innverknad på sjukefråværet. Byrådet må snart innsjå at det var feil å innføra denne ordninga.

Mikkel Grüner

UROA: SV-politikar Mikkel Grüner meiner ordninga med normtider må reverserast. – Me har vore uroa sidan normtidene vart innført. No får me uroa stadfesta

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Det seier SV-gruppeleiar, Mikkel Grüner. Han meiner byrådet bør reversera ordninga, som etter hans syn aldri skulle ha vore innført.

Auken viser det me har sagt heile tida. Innskrenkinga gjer ei allereie hardt pressa gruppe endå meir utsett.

Mikkel Grüner, gruppeleiar for SV i Bergen

– Sjukepleiarar har slutta

Ifølge Leversen er tilsette i heimesjukepleia frustrerte og oppgitte. Fleire sjukepleiarar har slutta sidan innføringa av normtidene i desember.

– Kommunen har stramma inn for mykje og folk klarar det ikkje i lengda, seier ho.

I vår skreiv NRK om heimesjukepleiar Silje Helen Sæterdal, som møtte veggen på grunn av høgt arbeidspress i jobben.

Då opplyste fleire tilsette i heimesjukepleia at normtidene førte til sjukmeldingar på grunn av stress og angst.

Bente Leversen, NSF

VIL SNU: Hovudtillitsvald Bente Soltvedt Leversen i Norges Sykepleierforbund Bergen er ikkje overraska over at fleire er sjukmelde enn på same tid i fjor. – Tidspresset har auka og det har ein klar samanheng med sjukefråværet, seier Leversen, som meiner byrådet må reversera ordninga.

Foto: NRK

– Tidspresset har auka og det har ein klar samanheng med sjukefråværet, seier Leversen, som samstundes peikar på at fleire faktorar spelar inn.

– Kommunen har sete i gang fleire tiltak, som smart – og mobil omsorg. Det er mykje nytt på éin gong.

Helsebyråden: – For tidleg å seia

I vår meinte helsebyråd Rebekka Ljosland (KrF) at det var for tidleg å skulda utviklinga på normtidene. Det står helsebyråden fast ved – åtte månader etter at endringa vart sett i gang.

– Det er for tidleg å seia om normtidene åleine har noko av skulda. Samstundes har sjukefråværet frå første til andre kvartal falle. Hadde det vore like høgt, kunne me kanskje sagt at normtidene var grunnen til problemet.

Men sjukefråværet i heimesjukepleia er likevel 14 prosent høgare i første og andre kvartal samanlikna med i fjor. Kva skuldast auken?

– Det kan vera fleire grunnar det. I nokre soner har fråværet gått opp, medan det i andre har gått ned. Heimesjukepleia er ei tung eining, der dei tilsette har vore gjennom store omstillingar dei siste åra, seier Ljosland og viser mellom anna til samhandlingsreforma.

Byråden har ingen planar om å reversera ordninga, men lovar å involvera brukarar og tilsette når ho skal evaluerast i desember.

– Om tilsette opplever at ein ikkje får nok tid, tek eg sjølvsagt slike innspel på største alvor.