Hopp til innhold

Har fått 768 stillingar til 18 turnuslegestillingar i fylket

Helse Førde har fått inn over 768 søknader på dei 18 turnuslegestillingane i Sogn og Fjordane. Fylkeslegen vil likevel ikkje sleppe jubelen laus.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

VIL VENTE Å SJÅ: Fylkeslege Per Stensland vil ikkje konkludere med noko før tilsetjingsprosessen av turnuslegane er fullført.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For første gong er det no slik at legestudentane kan søkje seg dit dei helst vil. Mange frykta at denne ordninga vil gå utover sjukehusa i distrikta, fordi desse er mindre attraktive for dei nyutdanna legane.

Men søknadstala til alle dei tre sjukehusa i Sogn og Fjordane er no tresifra, og samhandlingssjef i Helse Førde, Vidar Roseth, er svært godt nøgd.

– Vi er veldig positiv overraska at det er så mange søkjarar. Det har vore ei viss uro i samband med overgangen til denne ny ordninga, men no har vi altså fått veldig mange søknader, seier Roseth til NRK.no.

– Veldig oppløftande

Frå i år kan legestudentane søkje seg dit dei helst vil ta turnustenesta si. Ordninga med loddtrekning er over, og mange har frykta at dette vil føre til eit auka problem med å få tak i turnuslegar i distrikta.

Vidar Roseth

NØGD: Vidar Roseth som er samhandlingssjef i Helse Førde seier søkjartala er svært oppløftande.

Men i år kom det heile 245 søknader til Lærdal sjukehus, 234 til Nordfjord og 289 til Førde sentralsjukehus. Det betyr 768 søkjarar til dei 18 turnuslegestillingar som skal fyllast.

– Det ser ut til at vi kan få tilsette i alle stillingar med kvalifiserte søkjarar. Dette er veldig oppløftande, seier Roseth.

Blant dei som blir lyst ut først

Søknadene til dei 450 turnuslegestillingane i Norge er delt inn i to puljer. Dei rekrutteringssvake områda vert lyst ut først og i den pulja er Sogn og Fjordane sine sjukehus.

Det er hovudårsaka til dei høge søkjartala trur Roseth.

– Det er slik at ein del nok vil søkje seg til desse områda, for å vere sikre på at dei får turnusstilling, seier samhandlingssjefen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde sentralsjukehus 9

289 VIL HIT: 289 turnuslegar har skrive søknad og seier dei gjerne vil jobbe ved Førde sentralsjukehus.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vil sjå resultatet først

Kvar student kan søkje til så mange sjukehus og helseføretak dei vil. Fylkeslege Per Stensland er glad for dei høge søkjartala, men er spent på kor mange som faktisk vil takke ja til å jobbe i Sogn og Fjordane.

Han seier det er svært mange turnuslegar som no søkjer om plass rundt om kring i landet, og at det er ei uvisse hos turnuslegane om dei faktisk får plass når dei vil.

– Difor er det ikkje overraskande at mange søkjer på mange plassar, dermed får vi eit høgt tal søknader, seier Stensland.

Fylkeslegen vil på ingen måte sleppe jubelen laus. At det ser lovande ut kan han gå med på, men Stensland vil likevel sjå resultatet av tilsetjingsprosessen først.

– Vi får sjå kven vi faktisk får

Det er svært viktig at dei turnuslegane som blir tilsette i Sogn og Fjordane er gode kandidatar, meiner Stensland, som viser til at turnuslegane er viktige for rekrutteringa til legestanden i distrikta.

– Det er krevjande å vere turnuslege i ein liten kommune på Vestlandet, og innbyggjarane er tente med at vi får av dei beste turnuslegane. Det er viktig kva turnuslegar vi får til vårt fylke, fordi turnuslegane er ein veldig viktig rekrutteringsbase.

No vil fylkeslegen spent følgje med på tilsetjingsprosessen. Først når den er slutt kan ein seie noko om den nye ordninga er til det betre eller det verre for distrikta.

– Eg tenkjer at den som lever får sjå.

– No skal vi først gjennom tilsetjingsprosessen, så får vi sjå kor mange som trekkjer seg, kor mange som har søkt og fått plass andre stader og så får vi sjå kven vi faktisk får, seier Stensland til NRK.no.