Hopp til innhold

Fire kommunar utan turnuslege

Fire kommunar ligg an til å måtte klare seg utan turnuslege i kommunehelsetenesta i 2010.

Blodtrykk
Foto: Colourbox

Det kjem fram i eit brev frå fylkeslegen til kommunane i Sogn og Fjordane.

Deler på byrda

Problemet med ikkje å få turnuslege er størst i dei små kommunane. Derfor har Fylkesmannen hatt tradisjon for å dele byrda på dei største kommunane i fylket. Det skriv Firdaposten på sine nettsider.

Kommunane som neste år står utan tilbod er Eid, Flora, Førde og Gloppen.