Hopp til innhold

Fryktar at distrikta kan få dei dårlegaste legane i landet

Distrikta blir taparar, dersom legane sjølv skal få bestemme kvar dei vil ha turnus. Dei beste legane vil søkje seg til dei store byane, fryktar fylkeslegane i Sogn og Fjordane og Finnmark.

Lege
Foto: Stockmarked / Scanpix

I dag er det loddtrekning og dermed tilfeldig kvar i landet legane skal ha turnusteneste. Det kan det no bli slutt på dersom regjeringa får det som den vil.

Regjeringa vil nemleg at studentane sjølve skal få velge kor dei vil søkje på såkalla nybegynnarstillingar. Dermed skal ikkje staten lenger ha ansvar for at legane kjem ut i jobb.

Distrikta får dei dårlegaste legane

Fylkeslege i Finnmark, Karin Straume

KRITISK: Fylkelege Karin Straume i Finnmark vil ha loddtrekning.

Foto: Arnstein Jensen / NRK

Fylkeslegane både i Sogn og Fjordane og Finnmark er kritiske til ei slik ny ordning fordi dei fryktar dette skal gå ut over rekrutteringa av legar i distrikta.

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, meiner dei beste legane vil reise til storbyane, medan distrikta får dei dårlegaste legane. Han får støtte av kollega Karin Straume i Finnmark.

– Vi er uroa over at dette skal gå ut over legedekninga, seier Straume. Ho meiner dagens praksis med loddtrekning av turnusplassar, har vore den viktigaste ordninga for å få legar til Finnmark.

Legane må sjølv få bestemme

Hege Gjessing

POSITIV: Leiaren i Yngre Legers Forening vil at legane skal få bestemme sjølv.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

Leiar i Yngre Legers Forening, Hege Gjessing, likar forslaget til regjeringa.

I dag har det oppstått lange køar av legar som ventar på å få turnusplass, og i tillegg er det hard konkurranse frå utanlandske legar.

– Vi er glade for at det no blir gjort noko med turnusordninga, seier Gjessing. Ho meiner dei mindre sjukehusa no må ut og marknadsføre seg sjølv.

Slik ordninga er i dag får lokalsjukehusa tilført legar utan at dei må gjere noko sjølv, meiner leiaren for turnuslegane.

Loddtrekning førte oss fylket

Statleg styring av kvar legane skal ha turnus, har ført til at mange legar har fått seg jobb i distrikta.

To av dei som heilt tilfeldig kom til Førde for ti år sidan er anestesilege Robert Brennersted og kona Hege Kristiansen, som jobbar som barnelege. Det hadde aldri skjedd om dei fekk velge sjølve meiner ekteparet.

– Vi har tenkt å bli verande her sjølv om vi ikkje visste noko om plassen frå før, seier ekteparet.

Dei meiner dagens ordning er ein god måte å få legar til distrikta.

Robert Brennersted og Hege Kristiansen

BLEI I FØRDE: Robert Brennersted og Hege Kristiansen har stifta familie i Førde.

Foto: Simon Solheim@rk.no / NRK Sogn og Fjordane