Hopp til innhold

Slår alarm om legedekninga

Norske legar let seg ikkje lokke av faste jobbar i distrikta. I Sogn og Fjordane er situasjonen blitt så alvorleg at fylkeslegen slår alarm.

Per Stensland

UROA: Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland likar dårleg at det framleis er problem å skaffe fastlegar til distriktskommunane over heile Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

– Legedekninga i fylket er så dårleg at folk i fylket ikkje bør finne seg i det, seier fylkeslege Per Stensland.

På fylkesmannsbloggen gir Stensland uttrykk for at han er sterkt uroa for legedekninga i Sogn og Fjordane.

Han peikar på at talet på legar har dobla og tredobla seg dei seinare åra, men at det framleis er mangel på kommunelegar rundt om kring i distriktsfylket.

– Då eg kom til Sogn og Fjordane for mange år sidan var det om lag 10 000 legar i Norge og det var vanskeleg å få legar til distrikta. No er det blitt over 20 000 legar, men framleis er det vanskeleg. Kvifor i alle dagar skal det vere slik? Her må ein ganske enkelt gjere noko, seier Stensland til NRK.no.

For perioden 2003–2009 var auken i legestillingar i sjukehusa 25 prosent, medan fastlegestillingane auka med 12 prosent.

Fryktar skeivfordelinga vert skeivare

Fylkeslegen peikar på fleire ting som gjer at situasjonen no er i ferd med å bli endå meir alvorleg.

Når samhandlingsreforma trer i kraft frå 1. januar neste år vert det auka behov for legar ute i distrikta. Samtidig kan det gå mot at turnustenesta vert avvikla.

Stensland fryktar at skeivfordelinga av legar mellom distrikt og sentrale strok vil bli endå meir urimeleg om ikkje noko vert gjort.

– Både kommunane og fylket har ein ugjort jobb. Men vi må også krevje at sentrale styresmakter legg meir til rette for at legetenesta i distrikta skal bli meir stabil og meir føreseieleg, seier Stensland.

Vanskeleg å få tak i legar i distrikta

Stensland seier dei aller fleste nyutdanna legar vil jobbe ved sjukehusa. Over mange år har sjukehusa hatt ein jamn vekst i tal legar, medan auken i talet fastlegar har vore ei heilt anna. Denne situasjonen er endå meir alvorleg i distrikta, som til dømes i Sogn og Fjordane.

Gjennom samhandlingsreforma skal kommunane få meir av ansvaret for pasientar frå sjukehusa. Dette vil krevje fleire legar ute i kommunane, men når det vert oppretta like mange nye stillingar i sentrale strok, vil det bli like vanskeleg å få tak i legar ute i distrikta, meiner Stensland.

Stensland meiner alle gode krefter no må jobbe saman for å prøve å snu den alvorlege trenden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Blodtrykk

LEGETIME: Fylkeslegen fryktar det skal bli endå vanskelegare å rekruttere fastlegar til Sogn og Fjordane om turnustenesta forsvinn.

Foto: Colourbox

– Dette kan vi gjere

Slik det er i dag er flesteparten av fastlegane sjølvstendig næringsdrivande. Stensland meiner ein bør vurdere eit anna avlønningssystem.

– Mange unge legar i dag vil synst det er like greitt å vere ein vanleg tilsett, med vanlege rettar. Får vi til eit system der unge legar som har ansvar for sin eigen familie, kan gå inn i eit slikt tilsetjingsforhold vil det vere ein fordel, seier Stensland.

I tillegg til å sjå på lønnssystemet meiner Stensland ein også bør jobbe for at fleire lokale ungdomar utdannar seg til legar.

– Alvorleg om turnustenesta forsvinn

Stensland er også uroa for at den såkalla turnustenesta kan stå for fall. Før legane får legelisens må dei fungere i ein periode som kommunelege og ein periode som lege på sjukehus.

Systemet er basert på loddtrekning, og slik det har fungert har det vore minst populært å vere i distrikta, som til dømes i Sogn og Fjordane og Finnmark.

– Tidlegare undersøkingar har vist at turnustenesta har vore den viktigaste rekrutteringstenesta for unge legar til Sogn og Fjordane. Dersom ein legg ned denne tenesta, utan å ha ein klar strategi for korleis å freiste legar ut i distrikta, då blir det veldig vanskeleg, seier Stensland.

Folk merkar at tenesta er ustabil

Fylkeslegen er svært spent på om unge kvinnelege legar vil halde fram med å velje seg til Sogn og Fjordane og Finnmark dersom det ikkje lenger er trekningsbasert turnus.

Han er uansett klar på at situasjonen er alvorleg og meiner problemstillinga må gripast tak i. For folk i fylket merkar allereie i dag at legedekninga ikkje er god nok.

For 10 år sidan var nær 20 prosent av stillingane heilt ledige. No er nær 20 prosent av fastlegane korttidsvikarar. Det fører til eit kvalitetsproblem.

– Du får gjerne ein fastlege, men går du dit nokre månader seinare er det ein annan. Dette fordi det er vikarar som dekker opp dei ledige stillingane. Den faglege oppfølginga blir dårlegare enn om ein hadde hatt stabile legar.