Hopp til innhold

Uroa over forgubbing i legeyrket

Kvar fjerde kommunelege i Sogn og Fjordane er så gamle at dei ikkje lenger går i vakter.

Per Stensland

UROA OVER FORGUBBING: Fylkeslege Per Stensland.

Foto: Privat

Dette går fram av medisinalmeldinga frå Fylkesmannen, skriv avisa Firda. Fylkeslege Per Stensland er uroa over at stadig fleire av legane no er over 55 år. Frå 2010 til 2011 auka denne andelen frå 22 til 31 prosent.

– No går ein del legar over 55 år framleis i vakter, men likevel er det slik at kvar fjerde kommunelege ikkje går i vakter, seier Stensland.

Konsekvensen er at vaktene i stadig større grad blir fylte av urøynde turnuslegar eller vikarar, og det fører til eit kvalitetsproblem, skriv Stensland i medisinalmeldinga.

Språkproblem i tillegg

I tillegg er ein stor del av kommunelegane innvandrarar, i 2009 utgjorde utanlandske legar 28 prosent av fastlegane i fylket. Sjølv om fleire av desse snakkar og forstår godt norsk, er også dette eit kvalitetsproblem.

– Til saman ser ein eit bilete av eit kvalitetsproblem som gjeld fag- og språkkunnskap i tillegg til mangelande kulturkompetanse, skriv Stensland.

Per Stensland tek til orde for at utdanninga av legar i større grad må leggjast til distrikta, og han meiner kommunane må samarbeide om tiltak som gjer det lettare å få tak i legar.