Hopp til innhold

Legestudentar droppar små sjukehus

Legestudentar vil ikkje til små sjukehus. Så langt manglar helseføretaka 70 turnuslegar.

Nordfjord Sjukehus

VIL IKKJE HIT? Legestudentane søkjer ikkje til små sjukehus som Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

No er turnuslegeordninga gjort om slik at studentane sjølve kan velje sjukehus. Det kan gi problem for sjukehus i distrikta. Helse Førde manglar så langt 17 av 20 legar.

Turnuslege Kjersti Garfors seier mange legestudentar unngår distriktssjukehusa.

– Eg trur det kan bli vanskeleg å få folk til dei små sjukehusa. Studentane har gjerne ikkje høyrt om dei sjukehusa før, og då skal det litt til at dei søker der.

Det var avisa Firda som først meldte om utfordringane med færre turnuslegar.

Ho er turnuslege på eitt av dei minste lokalsjukehusa i landet, Nordfjord sjukehus.Få legestudentar ynskjer å vere turnuslege ved slike sjukehus. Heller ikkje Garfors hadde lokalsjukehuset på Nordfjordeid høgt oppe på ynskjelista.

– Eg hadde eit dårleg trekningsnummer, 445, og det var rundt fem plassar igjen då det var min tur til å trekkje.

(Artikkelen held fram under biletet).

Kjersti Garfors

OVERRASKA OVER NORDFJORD SJUKEHUS: Turnuslege Kjersti Garfors.

Foto: NRK

– Overraskande bra

Men Garfors, som er frå Naustdal i Sunnfjord, og som kan tenke seg å busette seg i Sogn og Fjordane, har blitt positivt overraska.

– Det er veldig bra, overraskande bra, faktisk. Eg får veldig mykje ansvar på Nordfjordeid samanlikna med andre sjukehus, sidan det er så lite.

70 turnusplassar står så langt ledige her til lands etter at fyrste delen av opptaket for neste år er unnagjort.

Stader som Narvik, Mo i Rana, Namsos, Kristiansund, Lærdal og Nordfjordeid er lite populære blant legestudentane som skal ut i helsevesenet, medan mange vil til storbyane.

(Artikkelen held fram under biletet).

Hans Johan Breidablik

OVERRASKA: Hans Johan Breidablik.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Svært overraskande

Helse Førde er eitt av helseføretaka i landet som så langt strevar med å få tak i nok turnuslegar, 17 av 20 plassar står ledige seier fagdirektør Hans Johan Breidablik.

– Dette kom svært overraskande på oss. Vi trur at dette må få ei løysing i og med at det finst folk som kan tenke seg å kome hit.

Og det er noko som trengst, Breidablik seier at små sjukehus er heilt avhengige av turnuslegane.

– Turnuslegane er eitt av to vaktsjikt som vi vanlegvis har, og er dei som i stor grad møter pasientane først.

Før har det vore loddtrekning som har avgjort kven av studentane som skal få oppfylt førstevala sine når dei skal velje seg eit sjukehus, dei med høgast nummer har fått oppfylt vala sine, som regel ved eitt av dei store bynære sjukehusa.

Men framover skal vanlege søknader avgjere kor studentane skal få turnusplass, det seier avdelingsdirektør Bente Skulstad i Helsedirektoratet. Det skjer trass i at mange ikkje vil til små sjukehus.

– Det kan sjå ut til at det er problem med å rekruttere til ein del av dei små sjukehusa, og vi ser at det gjeld heile landet.

– Alle plassane skal fyllast

Direktoratet fryktar også at små sjukehus i distrikta ikkje vil få nok søkjarar, difor har dei føreslått ein delt søkjarprosess der plassane ved små sjukehus blir utlyst fyrst. Medan dei som vil til store sjukehus må ha is i magen og tore å vente på ny runde.

– Det er iallfall heilt klart at i denne nye ordninga skal vi i størst mogeleg grad legge til rette for at alle sjukehusa i landet får dekt sine plassar.

Den nye ordninga skal no testast ut som eit pilotprosjekt. Helsedirektoratet trur det vil kunne føre til at fleire av dei 70 ledige plassane blir fylt opp. For samstundes er situasjonen i dag at mange legestudentar står i kø for turnusplass.

– Vi har heilt klart ei målsetting om at alle desse plassane skal fyllast opp.

– Greier seg ikkje utan turnuslegane

Turnuslege Kjersti Garfors, som også er tillitsvald for turnuslegane i Nordfjord, seier det er greit at den gamle loddtrekninga forsvinn.

No håpar ho at det ikkje gjer at turnuslegane forsvinn frå distrikta.

– Nordfjord sjukehus ville ikkje ha gått rundt utan oss turnuslegane. Det er vi som gjer mesteparten av den daglege drifta. Overlegane er til stades på dagtid, på ettermiddag og kveld tilkallar vi dei ved behov. Får ikkje sjukehuset turnuslegar vil ikkje drifta gå rundt.