Hopp til innhold

Fryktar forgubbing av legestanden - fylkeslegen krev nyrekruttering

Vi får stadig eldre fastlegar, vi er dårleg førebudde på samhandlingsreformen og stadig fleire legestillingar står tomme eller har vikar. Fylkeslegen ropar no eit varsku om legesituasjonen i Sogn og Fjordane.

Fylkeslegen fryktar enda meir legemangel i distrikta etter samhandlingsreforma.

Fylkeslegen fryktar meir legemangel i distrikta.

Det er sterk sikringskost fylkeslege Per Stensland serverer pasienten Sogn og Fjordane fylke. Han meiner at legesituasjonen i fylket ikkje lenger er ei lett forkjøling, men snarare ein tung infeksjon som krev medisin.

– Manglande jamn rekruttering av legar fører til forgubbing. Mange kommunelegane er eldre enn 55 år. Dette resulterer i at 22 % har fast arbeidstid og ikkje deltek i vaktordning. Dette fører til eit kvalitetsproblem fordi desse vaktene i stor grad vert dekka av urøynde turnuslegar eller vikarar.

Det skriv fylkeslege Per Stensland og assiterande fylkeslege Jacob Andersen i eit brev i samband med Helse-, sosial- og barnevernsmeldinga som snart skal leggjast fram. I brevet peikar Stensland på at om lag 16 % av legestillingane er ledige eller har vikar.

Uroa over utviklinga

– Jamvel om vikarbruken er mindre omfattande enn før, representerer bruken av korttidsvikarar eit kvalitetsproblem. I 2009 var også nær ein tredel av fastlegane i fylket innvandrarar. Mange av desse har gode språkkunnskapar, men til saman ser ein i fleire kommunar eit bilde av eit kvalitetsproblem som gjeld fag- og språkkunnskap i tillegg til manglande kulturkompetanse, skriv fylkeslegen.

I eit intervju med NRK Vestlandsrevyen onsdag kveld sler Stensland fast at han er uroa over utviklinga, ikkje minst sett i lys av at samhandlingsreforma vil krevje enda meir legeressursar lokalt i åra framover.

– Dette er ein prosess som må kome i gang nå og kommunane har blitt minna om det mange gonger, seier Stensland.

Fylkeslege Per Steinar Stensland

UROA: Fylkeslege Per Stensland er sterkt uroa over utviklinga for legestanden i Sogn og Fjordane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Slit med rekruttering

Han peikar på at talet legetimar til kvar pasient i sjukeheim er 25 % lågare i vårt fylke enn i landet elles.

– Dette plasserer oss blant dei fylka som har budd seg for lite på samhandlingsreform. I 7 av 26 kommunar ser leiande kommunelege med stor uro på legerekruttering, sler Stensland fast.

Rekruttering til fastlegar er eit stort problem mange stader, og ikkje minst ute i distrikta. I Vågsøy er dei to fastlegar i manko og kommunelege Trond Iselseth er uroa over situasjonen.

– Vi slit jo med å rekruttere legar i ein kommune som Vågsøy. Situasjonen er i ferd med å forverre seg i og med at vi no har fått samhandlingsreforma og ei ny utfordring i forhold til dette med øyeblikkeleg hjelp-sengar som gjer at behovet for legar i distrikta er stigande, seier Inselseth.

Vil ha politisk merksemd

På Leikanger ser fylkeslegen ut over fjorden og pønskar ut kva resept han skal skrive ut for å kunne friskmelde legefylket Sogn og Fjordane. Det kan bli vanskeleg å finne nok ressursar til å svelge løysingane.

– På lengre sikt treng vi å halde oppe politisk merksemd om at dei faglege krava til legetenesta er større i distrikt enn sentralt, grunna eldre befolkning og krav til beredskap, ved å tydeleggjere korleis distriktsfylka stadig heng etter, meiner Stensland.

Han meiner og at det er naudsynt å vise korleis vikarsystema gir kvalitetsproblem og når no talet på legar i landet stig, er det ikkje gitt at distrikta får den same auken som byane.

Syner til Canada

– Er det ei naturlov at distrikta skal ha dårleg tilgang på legar? undrar Stensland og syner til at Canada har dei same utfordringane som oss.

– Her finst fleire universitet som gir legeutdanningar med distriktsperspektiv og som utdannar legar som i langt større grad enn hos oss vel å arbeide i distrikta. Dei legg utdanning og utplassering i større grad til distrikta. Også hos oss bør utdanninga av legar i større grad leggast til distrikta, meiner fylkeslegen.

– Fylkeskommunen, KS og Fylkesmannen bør vente at Universitet i Bergen styrker utplassering av studentar i distrikta med sikte på å betre rekruttering til denne delen av legetenesta, krev Stensland.