Hopp til innhold

25 nye smitta i Bergen: – For tidleg å slå fast at det går nedover

BERGEN (NRK): Ny nedgang i nye smittetilfelle i Bergen, men 1 av 5 har ukjent smitteveg. Frå onsdag av startar kommunen vurderinga av om spesialtiltaka i byen skal opphevast eller forlengast.

Bergen kommune orienterer om koronasituasjonen i byen.

TILTAK: Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og helsebyråd Beate Husa (KrF) spritar hendene før ein av dei daglege pressekonferansane i Bergen den siste veka.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Som vanleg var det byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) som innleia tysdagens pressekonferanse i Bergen.

Ein førebels topp i talet på nye smittetilfelle per døgn vart nådd på laurdag, då kommunen hadde 43 nye tilfelle. Søndag var talet 34 og måndag var talet 32 ny tilfelle.

Siste døgn er det registrert 25 nye smittetilfelle i kommunen.

– Dagens tal er isolert sett lågare enn me har sett. Det er likevel for tidleg å seie om dette er ein nedadgåande trend. 25 er framleis eit høgt tal, seier Valhammer.

Helsebyråd Beate Husa (KrF) var ikkje med på pressekonferansen tysdag. Som ho sjølv melde frå om på Facebook, er ho innlagd på sjukehus etter eit uhell på sykkel.

Arbeids- og sosialbyråd Lubna Jaffery (Ap) blir settebyråd for Husa inntil vidare.

Framleis generell smitte

Det er ukjent smitteveg for fem av dei nye smitta i Bergen. Valhammer håpar smittesporinga skal gi svar.

– Dagens tal er ei fortsetting av den negative trenden vi har sett den siste veka, nemleg at stadig fleire ulike grupper blir smitta. Det er derimot positivt at 20 av dei 25 tilfella har kjent smitteveg, då dei er nærkontaktar av tidlegare smitta, seier Valhammer.

Det er jamn aldersspreiing i dei nye smittetilfella. Personar frå 12 år og opp til 87 år har fått påvist covid-19.

Kommunen har også fått bekrefta eit nytt smittetilfelle ved omsorgsbustadane i Gartnarmarken, slik at det totale talet på smitta der er seks bebuarar og to tilsette.

Også i studentmiljøet meldast det om nye smittetilfelle tysdag. UiB har tre nye smittetilfelle, medan BI har eitt nytt tilfelle, skriv BT.

Skal vurdere tiltaka

Det er gått ei veke sidan Bergen innførte eigne tiltak for å få bukt med smitteutbrotet i byen.

Kommunen sette krisestab og sidan då har dei halde daglege pressekonferansar for å oppdatere innbyggjarane på smittetilfelle og effekten av tiltaka som er sett i verk.

Måndag kom det fram at det er aktuelt å forlenge perioden med tiltak i Bergen. I utgangspunktet skulle tiltaka vara i ti dagar fram til 18. september.

– Me startar vurderinga av effektane av tiltaka i morgon, og me følgjer utviklinga nøye i dagane som kjem. Så får me sjå om det er tilstrekkeleg for at me kan oppheva tiltaka som planlagd på fredag, seier Valhammer.

Fem personar innlagde

Tysdag er fem personar innlagde på sjukehus i Bergen med koronasmitte. Tre av dei er innlagd på Haukeland universitetssjukehus medan dei to siste er innlagde på Haraldsplass.

Ingen av dei er i intensivbehandling. 106 tilsette i Helse Bergen er i karantene som følgje av at 26 tilsette har fått påvist covid-19.

Det er også påvist koronasmitte fleire stader i Vestland tysdag, mellom anna ved NRK Vestland sitt kontor i Førde.

Dette er tiltaka som gjeld fram til og med 18. september i Bergen:

  • Maks 10 personar i private samlingar.
  • Maks 50 personar i offentlege arrangement.
  • Anbefaler bruk av munnbind på offentleg transport dersom ein ikkje kan halde ein meters avstand.
  • Alle som kan ha heimekontor skal ha heimekontor.