Hopp til innhold

Bergen heng etter på smittesporinga: – Nokre har over 50 nærkontaktar

Bergensarar må venta i fleire dagar før dei får beskjed om dei har vore nær ein smitta person. No fryktar helsesjukepleiarar at oppbemanning til smittejakt går ut over sårbare barn.

Bergen kommune orienterer om koronasituasjonen i byen.

HALVERT, MEN: Helsebyråd Beate Husa (KrF) vil sjå fleire dagar med låge smittetal for å slå fast at trenden går nedover i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Også i dag heldt Bergen kommune pressekonferanse for å oppdatere om det pågåande smitteutbrotet i byen.

Etter rekordhøge døgntal på 42 nye smitta to gonger denne veka, var talet i dag halvert til 21 nye smitta.

– Talet er lågare enn i går, og det er bra. Det er likevel eit høgt tal, seier helsebyråd Beate Husa (KrF).

Kan ta dagar

Smittesporinga er blitt ei utfordring i Bergen dei siste vekene.

Helsebyråden vedgår at det kan ta fleire dagar før nokon som er nærkontakt av smitta, får beskjed om det.

– Med så høge smittetal er det ei utfordring å få spora det raskt nok. Dei tilsette på smittesporinga har gjort ein ekstraordinær innsats dei siste dagane, men det kan ta nokre dagar før folk blir ringt opp, seier Husa.

Ifølge helsebyråden har nokre av dei nye smitta hatt både 2–3 nærkontaktar og 15–20 nærkontaktar.

– Men vi har også nokre som har over 50 nærkontaktar. Eg ber alle om å tenke over bevegelsane sine dei neste dagane.

Kø ved teststasjon NHH Bergen

INGEN NYE SMITTA: Det var lange køar ved den mellombelse teststasjonen på NHH då utbrotet var eit faktum. For første gong sidan 26. august har ingen nye NHH-studentar testa positivt for korona det siste døgnet.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Reagerer på omdisponering

Bergen får no hjelp av nabokommunane for å ta unna smittesporinga.

Kommunen prioriterer også om og flyttar tilsette til smittevernkontoret for å klare å følge opp alle smittetilfella.

Dei hentar fire helsesjukepleiarar frå barne- og familieetaten. Det reagerer faggruppeleiaren for helsesjukepleiarane på.

Dagny Elise Ulvøy fryktar dette går utover tilbodet til sårbare barn som treng snakke med helsesjukepleiarane på skulen.

– Vi ser eit auka behov etter skulestart for at vi er til stades, spesielt i saker om vald, overgrep og rus. Då er det synd at dei kan møte stengde dører den neste veka, seier Ulvøy.

– Dei samlar mot og bankar på døra den eine dagen. Er ikkje helsesjukepleiarane der då, så går dei kanskje ikkje dit ein anna dag. Det er kjempeviktig at vi er der kvar dag.

Smittevernkontoret i Begen

TRENG FLEIRE: Smittevernkontoret i Bergen blir bemanna opp.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

– Ikkje ein ønskjeleg situasjon

Helsebyråd Beate Husa vedgår at dette ikkje er ein ønskjeleg situasjon. Statlege styresmakter vil ikkje omdisponera helsesjukepleiarar som eit langsiktig tiltak, seier ho.

– Men vi treng å raskt å få vekk forseinkinga. Helseministeren er orientert om dette i dag og viser forståing for at det skjer mellombels.

– Vi vil så snart som mogleg føre tilbake helsesjukepleiarane til deira ordinære arbeid, lovar Husa.

Generell smitte

Det nye utbrotet i Bergen kunne i første omgang sporast tilbake til smittespreiinga i studentmiljøet, særleg på NHH, der 136 studentar har testa positivt sidan 26. august. Men fredag var første dag utan nye påviste smittetilfelle ved handelshøgskulen.

Helsebyråd Husa seier i dag at dei no har tydelege teikn på ein meir generell smitte i bergenssamfunnet. Ho er framleis uroa for at smitten skal spreie seg til dei eldre.

– Vi treng fleire dagar med låge smittetal for å slå fast at smittetrenden går nedover, seier Husa.