Hopp til innhold
Koronatesting ved Bergen legevakt
Foto: Marit Hommedal

Koronavirus i Vestland

Oppsummert

Få siste nytt om koronasituasjonen i Vestland fylke her. Her kan du også sjå pressekonferansar frå Bergen kommune, tilrettelagt for døve.

  • Legg ned koronatenester frå nyttår

    I slutten av desember kjem Bergen kommunen til å avvikla koronatelefonen, test- og vaksinestasjonen, skriv kommunen i ei pressemelding. Det vil framleis vera mogleg å få koronavaksine ved Smittevernkontoret, på apotekar og hjå nokre fastleger.

  • Bergen kommune får kritikk for pandemi-liste

    Omfattende informasjon om 120.000 innbyggarar blei samla i eit eige dokument under pandemien, skriv BA. Blant opplysningane er levekårssone, korleis dei blei smitta og kort helsehistorikk.

    Assisterande kommuneoverlege Arild Iversen seier dei samla inn data som dei meinte var naudsynte for å driva smittesporing, men få veit at lista finst.

    Verken dåverande eller noverande personvernombod i Bergen kjenner til lista. Det er vanlegvis dette ombodet som vurderer lovlegheita av til dømes datainnsamling og lagring.

    – Dette er ikkje til å tru. Skal ein bortforklara alt med «gode intensjonar» og ein «ekstraordinær situasjon», spør førsteamanuensis og ekspert på personvern, Malgorzata Cyndecka ved UiB, i avisa.

    Tidlegare helsebyråd Beate Husa (KrF) stadfestar at ho kjenner til lista, men seier til BA at ho ikkje kan hugsa å ha vore med i diskusjonar knytte til det som omhandlar personvern og innsynsrett.

    Testkø utenfor teststasjonen på Festplassen i Bergen, torsdag 25. mars
    Foto: Cato H. Kristensen / NRK
  • Bergensere fikk utgått covidvaksine

    Ved en feil fikk 47 personer i Bergen covidvaksine som var gått ut på dato. Det fikk ingen negative konsekvenser for dem, men anses likevel som alvorlig.

    Dagbladet har fått innsyn i en epost fra en assisterende smittevernoverlege i Bergen til Legemiddelverket. I henvendelsen spør legen om personene det gjelder kunne ta skade av feilen og om de måtte ta en ekstra vaksine.

    Smittevernoverlege Marit Voltersvik bekrefter tabben som skjedde på to apotek i vestlandshovedstaden.

    – Konklusjonen fra Statens legemiddelverk og Folkehelseinstituttet var at avviket ikke hadde noen negative konsekvenser for de vaksinerte, men at det var å betrakte som alvorlig og et brudd på interne rutiner, sier Marit Voltersvik.

    Hun sier også at Pfizer anså som fullverdige også etter 37 dager, så lenge den var oppbevart riktig.

    (NTB)

  • Får fem koronamillionar

    Bergen kommune får 5,3 millionar kroner til støtte og oppfølging av born og unge etter koronapandemien. Utdanningsdirektoratet løyver midlane til fylkeskommunane og 42 kommunar som vart hardast råka av pandemien. Øygarden, Askøy og Bjørnafjorden får også midlar. Vestland fylkeskommune får 1,3 millionar kroner.

48
36
27
9
Totalt i region Vest120
Totalt i Norge467