Reaksjonar etter landets strengaste koronatiltak: – Ein katastrofe for utelivet

Utelivet fortvilar, nabokommunar ber folk styre unna og NM i friidrett er eit stort spørsmålsteikn. Slik råkar koronatiltaka i Bergen.

Slik endrer koronaviruset Norge, Bergen

NY RUNDE: Mona Tahani skjenka sin siste utepils på Lo-Fi Chill Out Bar då Noreg stengde ned i mars. No må utelivsbransjen i Bergen igjen stramme inn.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Byrådet i Bergen presenterte tysdag ei rekke tiltak og oppmoda folket om å bli med på dugnad i ti dagar.

Etter aukande smitte over lengre tid har byen no dei klart strengaste koronatiltaka i Noreg.

Desse tiltaka gjeld i ti dagar framover i Bergen:

  • Maks 10 personar i private samlingar.
  • Maks 50 personar i offentlege arrangement.
  • Anbefaler bruk av munnbind på offentleg transport dersom ein ikkje kan halde ein meters avstand.
  • Alle som kan ha heimekontor skal ha heimekontor.

Dette får store ringverknader for lokalsamfunnet i byen. Utelivsbransjen forstår at nye tiltak må innførast, men meiner dei har lidd nok.

Uteliv: «Kjempeslag» og «katastrofe»

Uteserveringen på Bryggen i Bergen
Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Dette er eit kjempeslag, seier Sølvi Rolland til NRK.

Ho driv Ole Bull-huset i Bergen som husar både restaurant, bar og scene. Ho meiner bransjen hennar har hatt det tøft nok.

Eitt av tiltaka var at talet på personar som kan vere samla på offentlege arrangement blir redusert frå 200 til 50. Utestader og restaurantar må også føre liste på besøkande.

Rolland viser til fleire tiltak som har gjort det utfordrande for næringa.

– Først måtte vi gå frå 500 til 200 gjestar, og så kom skjenkestoppen frå midnatt kor vi mista 60 % av omsetnaden.

Rolland får støtte frå Marit Warncke i Bergen Næringsråd og Gard Haugland som er medeigar i fleire restaurantar i Bergen.

– Dette er ei katastrofe for utelivet. Dette blir endå ein ting som tek tid og ressursar. Eg skal ikkje skylde på nokon, men dette er fortvilande, seier han.

– Dette er knallhardt for dei som slit tungt frå før. Mange hadde funne nye løysingar og no kjem dette. Dette går spesielt utover dei som er avhengig av publikum og sceneliv, seier Warncke.

Rolland har forståing for at kommunen må stramme inn, men meiner dei burde prata med bransjen først.

– Eg forstår at ein må setje strenge krav, men synest det er veldig spesielt at dei ikkje går i dialog med oss. Vi har ufatteleg gode rutinar. Eg meiner det er rart at folk kan samlast andre stader kor ingen driv smittesporing på vårt nivå, seier Rolland.

Utdanning: Avlyser alt fysisk oppmøte

Universitetsmuseet i Bergen, De naturhistoriske samlingene

DIGITALT: Hos Universitetet i Bergen blir no all undervisning digital, ifølgje Oddrun Samdal.

Foto: Therese Pisani / NRK

Tysdag melder NHH at tilsette som har moglegheit til det skal vere på heimekontor. Stenginga av fysisk undervisning blir også forlenga. Høgskulen på Vestlandet sitt campus i Bergen avlyser også all fysisk undervisning.

– Vi er med på denne dugnaden som byrådet i Bergen no set i verk. Vi må jobbe saman for å unngå eit større smitteutbrot i Bergen, seier rektor Berit Rokne.

Også på Universitetet i Bergen får dei nye tiltaka konsekvensar, både for tilsette og studentar.

– Vi oppmodar til heimekontor for våre tilsette. All undervisning blir også digital, seier Oddrun Samdal som er viserektor for utdanning.

Uvisse for NM i friidrett

Filip Ingebrigtsen

RÅKA? Friidrettseliten skal eigentleg til Bergen siste dagen byen har nye koronatiltak. No veit ein ikkje om det skjer. Her Filip Ingebrigtsen under NM på Byrkjelo i 2018.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Idrettslag har allereie vore nøydde til å setje aktiviteten på vent. Også dei må stramme inn.

NM i Friidrett skulle etter planen gå av stabelen på Fana stadion 18.-20. september. No kan arrangementet henge i ein tynn tråd.

– Vi tek ei avgjerd på onsdag, seier Anita Raa som er leiar for friidrett i Fana IL tysdag kveld.

Dagleg leiar i NFF Hordaland, Knut Berge, fortel at dette også råkar fotballen.

– Dette kan få konsekvensar fordi ein må redusere talet på kor mange som kan trene samtidig. På anlegg med fleire baner kan ein måtte endre kampoppsettet, seier han.

Berge håpar denne bremsen blir midlertidig.

– Eg er stolt over fotballen som frå før har tatt ansvar. No har vi heldigvis vore i gang ei stund, og eg er sikker på at klubbane også no er sitt ansvar bevisst, seier han.

Komande helg er det planlagd både cupar og serieturneringar.

– Eg kan ikkje svare på om desse vil bli arrangert som vanleg, men det er klart at vi har lagt opp til ein tak på 200 personar. No må vi snu oss rundt og sjå korleis vi kan tilpasse oss det nye talet, seier han, og legg til at ein ikkje kan utelukke avlysingar.

Kollektivtransport: Følg situasjonen tett

Munnbind

ANBEFALING: Tysdag kom Bergen kommune med anbefaling om å bruke munnbind på kollektivtransport dersom ein ikkje klarer å halde god nok avstand.

Foto: Bergit Sønstebø Svenseid

Bergen kommune kom også med anbefaling om munnbind på kollektivtransport dersom ein ikkje klarer å halde ein meters avstand.

– Vi aukar kapasiteten på rutene til og frå Haukeland. Ut ifrå statistikken vår har vi sett at dette er ei rute med fulle bussar, seier direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø.

Ho fortel at dei følg utviklinga og vurderer behovet fortløpande. Kommunen kom tysdag med anbefaling om å bruke munnbind dersom det er trongt om plassen.

– Eg håpar verkeleg at alle får tak i munnbind, også dei som kanskje ikkje har så god råd, seier Alette Marie Nygård.

Ho jobbar på barneskule og meiner at Bergen kommune burde sett i verk tiltak før.

– Ein skulle ikkje opna opp for noko eigentleg.

Nabokommunar unngår Bergen

Osterøybrua mellom Bergen og Osterøy.

OSTERØY: Vestlandskommunen Osterøy hadde sjølv oppblomstring av koronasmitte i ei periode.

Foto: John Petter Reinertsen / Samfoto

Situasjonen i Bergen blir også lagt merke til i nabokommunane rundt byen.

To av naboane går onsdag kveld ut og oppmodar innbyggarane sine om å unngå reiser til Bergen.

«I samband med det auka smittetalet i Bergen oppfordrar vi innbyggjarane i Vaksdal kommune til å unngå reiser til Bergen som ikkje er nødvendig dei neste 10 dagane» skriv kommunen på eigne nettsider.

Kort tid etter gjekk også Osterøy kommune ut med ei lik melding. Dei to kommunane har mange innbyggjarar som jobbar i Bergen.

«I fyrste omgang vil me oppmoda alle ostringar å ikkje gjere unødvendige reiser til Bergen. Elles oppmodar me alle ostringar som må reise til Bergen å fylgje råda gitt av Bergen kommune, blant anna med munnbind på kollektivtransport», skriv Osterøy på sine Facebook-sider.

Status Norge

Sist oppdatert: 30.09.2020
808
Siste uke
28
Innlagt
274
Døde