I februar skjedde det noko på grensa til Noreg. Reglane for kva det vil seia å bu i landet vart endra, for å hindra unødvendig innreise til landet.
Plutseleg vart tusenvis av personar, som frå før hadde lov å kryssa grensa, stengt ute frå landet.
NRK har i ei rekke saker vist korleis det har slått ut, som då gravide Girdvile ikkje fekk komma tilbake etter å ha tatt fostervassprøve i heimlandet Litauen.
Eller Kinga Agata Mulakwa, som blei vist bort etter å ha vore i mora si gravferd i Polen.
No viser statistikken for dei tre første månadane i år kor mange det gjeld.
Kvartalstal frå Politiets utlendingseining viser at over 2100 utlendingar frå 38 land har blitt vist bort etter at reglane mot importsmitte vart innskjerpa i januar.
I gjennomsnitt viste norsk grensepoliti bort 23 utlendingar kvar dag i perioden 1. januar til 31. mars.
– Lyn frå klar himmel
Dei fleste av dei 2100 bortviste personane er EØS-borgarar. Både dei sjølve, Skatteetaten og Nav reknar dei som busette i Noreg.
Arbeidsinnvandrarar som jobbar, skattar, leiger husvære og eventuelt har familie i Noreg, har derfor trudd dei hadde høve til å ta nødvendige reiser ut av landet.
– Derfor kjem det som lyn frå klar himmel når dei blir stoppa på grensa og vist bort når flyet landar i Noreg.
Det seier advokat Lina K. Smorr ved advokatfirmaet Andersen & Bache-Wiig. Ho representerer fleire utanlandske borgarar som bur og jobbar i Noreg, og som har blitt hardt ramma av innreisereglane.
Tidlegare har folk frå EØS-land hatt unntak frå innreiserestriksjonane. I år er kravet blitt at alle utlendingar, også frå EØS-området, må stå oppført med gateadresse i det norske folkeregisteret for å kunna reisa inn att i Noreg.
Mange arbeidsinnvandrarar har berre det mellombelse norske personnummeret, kalla D-nummer. Då er dei berre oppført i folkeregisteret med postnummer og ikkje registrert som busett i Noreg.
Flest til Polen og Sverige
Smorr er ikkje nådig i kritikken mot innskjerpinga.
– Dette strir mot både EØS-avtalen og menneskerettane. Det gir heilt urimelege konsekvensar, der folk rett og slett ikkje får koma heim. Det er høgst problematisk i eit rettstatsperspektiv, seier ho.
Folk frå ti europeiske land utgjer rundt 80 prosent av dei som er viste bort:
Polen toppar lista, med 500. Deretter følgjer Sverige, Litauen, Romania, Latvia og Estland.
Dei som har blitt viste bort, har anten blitt sende med første fly tilbake, eller sett på karantenehotell mens ein ventar på plass på returfly.
– Folk blir heilt rutinemessig kasta ut att, utan konkrete vurderingar av kvart enkelt tilfelle. Det er alt for strengt, og står ikkje i forhold til behovet for å stoppa importsmitte. Pålagd karantene hadde vore nok, meiner Smorr.
Behandlinga av dei som har blitt viste bort på karantenehotell før returen har også blitt kritisert.
NRK har mellom anna fortalt om Irma Zabitiene, som følte ho fekk lite eller ingen hjelp til sonen på fire månader på karantenehotellet.
Regjeringa: – Les reglane
Frå mars til desember i fjor vart nesten 8000 utlendingar vist bort på grensa, men då hadde EØS-borgarar altså eit unntak som no er fjerna.
– Berre dei som er norske statsborgarar eller folkeregistrerte i Noreg slepp inn i landet. Det gjeld også alle EØS-borgarar som har vore på besøk i heimlandet.
Det seier justisminister Monica Mæland (H). Ho seier det juridiske er vurdert, og står fast på regjeringa si strenge tolking.
– Det får sjølvsagt store konsekvensar for EØS-borgarar som er vande med å reisa fram og tilbake. Men reglane er kommunisert tydeleg, og me reknar sjølvsagt med at alle som skal ut og inn av landet set seg inn i regelverket.
– Riv ruskande gale
Advokat Smorr er ikkje samd i at det nye kravet til å vera busett er klart forklart frå styremaktene.
Ho viser til at andre statlege instansar, i motsetnad til Justisdepartementet og Utlendingsdirektoratet, reknar mange arbeidsinnvandrarar som busett.
– Når folk får post frå Skatteetaten eller Nav heim i posten, tenker dei at dei er busett, seier Smorr.
Ho meiner det er vanskeleg å oppfatta at det å vera «busett» er avhengig av om ein står oppført med gateadresse eller berre postadresse i folkeregisteret.
– I tillegg blir innreisereglane endra så ofte at det er vanskeleg å halda følge, sjølv for juristar.
Advokaten til Mulawka, Farooq Ansari, legg til at ein til dømes ikkje får dagpengar frå Nav utan å bu i Noreg.
– Då er det riv ruskande gale å hevda at personen ikkje er busett i landet. Å nekta innreise er heilt bak mål, meiner han.