– Det var på mange måtar litt som «å hoppe etter Wirkola», seier Arve Uglum om å ta over stafettpinnen etter programskapar Oddgeir Bruaset, som gjennom mange år var blitt ein bauta i programmet.
Han utvikla konseptet «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og laga 78 episodar før han pensjonerte seg i 2014. Då fekk Uglum det ærefulle oppdraget. Med seg på laget fekk han kollega og fotograf Torje Bjellaas.
– Vi hadde laga TV-program før vi begynte med dette. Eg tippar at den dokumentariske erfaringa frå serien «Fjellfolk» var grunnen til at vi blei vurderte som nokon som kunne føre arven vidare, seier Bjellaas.
Uglum var ikkje så engsteleg for å bli samanlikna med forgjengaren.
– Programkonseptet var svært knytt til han. Det var vanskeleg å gjere noko med det. Eg fekk heldigvis ei raus og fin mottaking. Det gjekk eigentleg veldig greitt, vedgår sogningen.
Trass seks sesongar – det han kallar ei æve i TV-samanheng – blir han likevel omtalt som «han nye». Uglum trur han aldri blir kvitt det stempelet.
Tilbake der det starta
– Det er kjempevanskeleg å finne stadane og historiene. Eg trudde det var det som kom til å ta knekken på programmet, seier 44-åringen.
Men no har programmet altså nådd episode nummer 100. Han blir vist på NRK1 søndag 15. desember. Uglum og Bjellaas starta i Sogn og Fjordane og lagde sin første episode i Solund. No er dei tilbake på same staden i jubileumsepisoden. Ringen er slutta.
– Kven får vi møte i episode 100?
– Jon Kvalvik og Johanne Haveland frå Nautøyna i Solund som er dei vestlegaste innbyggjarane i Noreg. Dei er 80 år gamle begge to og bur midt ute i havgapet. Nesten utanfor noregskartet, fortel Uglum.
Jakta på den gode historia
Det er ikkje alltid så enkelt å finne dei gode historiene. Både Uglum og Bjellaas rosar kollega Noralv Pedersen for sitt omfattande kjeldearbeid.
– Han har eit veldig vakent blikk når han leitar etter historiene, seier Bjellaas.
– Ein må finne seg eit område og gå i gong med leitinga. Vi snakkar mykje med kommunar og journalistar i lokalaviser, informerer Uglum.
– Kva er den mest spennande plassen de har besøkt?
– Det er vanskeleg å svare på. Vi besøker så mange ulike stader. Eit av programma i den nye sesongen er frå Finnmarksvidda. Han vi møter bur så utruleg langt vekke frå folk. Heile sju mil i luftlinje, seier Uglum.
– Ein livsstil som er i ferd med å forsvinne
Det er viktig å bruke nok tid på å bli kjend med folk før opptak, slik at dei er komfortable med å bli filma. Duoen besøker vanlegvis stadane fleire gonger og gjennom ulike årstider.
– Kva trur de serien har betydd for folk?
– Eg tenkjer at dette er ein serie som handlar om oss. Det handlar om kven vi er som nordmenn, seier Bjellaas.
Han legg til:
– Å leve i eitt med naturen er ein livsstil som er i ferd med å forsvinne. Det viktigaste for oss er å prøve og halde liv i dette programmet vidare. Vi merkar at folk er glad i det.
Du kan sjå episode 100 av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» her: