Hopp til innhold

Meiner staten og kommunane vil tape stort på grøne sertifikat

Staten og kommunane rundt omkring i Norge vil tape milliardar på grøne sertifikat, meiner SSB-forskar. Han meiner det til slutt er forbrukarane som må ta rekninga.

Torstein Bye

TAP: SSB-forskar Torstein Bye meiner kommunane og staten vil merke at det blir mindre pengar i pengesekken som følgje av utbygginga av fornybar kraft.

Foto: NRK

I åra framover er det planar om ei storstila utbygging av fornybar kraft. Om alle planane blir realisert vil det bli produsert langt meir fornybar kraft enn det er bruk for i Norge, meiner Torstein Bye i Statistisk sentralbyrå.

I ein forskingsartikkel skriv fagdirektøren at staten og kommunane vil tape mellom 13 og 20 milliard kroner på ordninga med grøne sertifikat. Han meiner det ikkje er bruk for all den fornybare krafta som det no blir lagt opp til.

– Det problematiske med dette er at straumprisen vil vere så låg at den ikkje forsvarar kostnaden med utbygginga, seier Bye til NRK.no.

Etablerte kraftprodusentar må betale

Ein av dei som allereie har merka seg dei låge straumprisane er marknadssjef Rune Reed i Sunnfjord Energi. Diagrammet som viser korleis straumprisane har utvikla seg dei siste åra viser ein topp i mai 2011, og sidan har det gått jamt og trutt nedover.

No opplever kraftbransjen at også framtidsprisane held seg låge. Årsaka er dei skalla grøne elsertifikata. Enorme mengder fornybar energi skal inn på kraftmarknaden fram mot 2020. Torstein Bye meiner det ikkje er behov for all denne straumen, og meiner utbygginga går ut over kraftprodusentane som allereie er etablerte.

– Rekninga for utbygginga av den fornybare krafta vil hamne hos dei eksisterande kraftprodusentane, seier Bye.

Tap på mellom 13 og 20 milliardar

Bye har saman med professor Eirik S. Amundsen ved Universitetet i Bergen sett nærare på effekten av dei grøne sertifikata.

Målet med ordninga var utbygging av ny fornybar energi, energi som skulle erstatte kol, olje og andre fossile brensel.

Forbrukaren skulle betale i form av eit tillegg til kraftprisen. Men no ser kraftprisane ut til å bli så låge at det i realiteten er kraftproduksjonen utan grøne sertifikat som må betale i form av langt dårlegare inntening.

– Når kraftselskapa som er i marknaden i dag tapar pengar, så betyr det at eigarane av kraftverka, som er staten og kommunane, tapar pengar. Det er ganske betydelege beløp.

– Vi reknar med tap på ein plass mellom 13 og 20 milliardar kroner i 2020.

Bye seier at tapet grovt sett vil fordele seg med halvparten på kommunane og halvparten på staten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fredrik Behrens
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ventar magre år framover

Også i Sunnfjord Energi merkar administrerande direktør Fredrik Behrens konsekvensane av sertifikatordninga.

Selskapet er eigd av Sunnfjord-kommunar og BKK Bergen og årleg har dei betalt ut mange millionar i utbyte til eigarane. Men åra framover blir magre, eit resultat av nettopp ordninga med grøne sertifikat, seier Behrens.

– Då ein byrja rekne på korleis dette ville verke inn, så slo det inn i dei langsiktige kraftprisane. Dette skjedde samtidig som kolprisane og kostnaden for å drive kolkraftverk gjekk kraftig ned, seier direktøren.

Vel likevel å vere optimistisk

Men sjølv om selskapet hans må vere med på å subsidiere den nye kraftproduksjonen, er han ikkje samd med Bye i at utbyggingane er unødvendige. Han håpar krafta blir teken i bruk på nye område.

– Vi må vere litt optimistar når det gjeld dette. Låg kraftpris er smøring på den økonomiske verksemda.

– Vi ser allereie at Hydro har investeringsplanar i Norge som er miljøvenlege i forhold til alternativ i utlandet.

Han meiner det er behov for kablane som skal kunne sende kraft ut av Norge, og seier det ikkje berre er for krafta sin del, men også fordi ein vil greie å regulere den betre.

– I tillegg har vi den store moglegheita som ligg i Norge, med det at vi har ein forureinande sektor i Nordsjøen. Det å elektrifisere sokkelen er ei stor moglegheit, seier Behrens.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erling Sande (Sp)
Foto: Stian Lysberg / Scanpix

– Ufullstendig reknestykke

Det var brei semje om el- sertifikatordninga då den vart vedteken i Stortinget. Leiar i Energikomiteen, Erling Sande, frå Senterpartiet har vore ein varm forsvarar for ordninga.

Han kjøper ikkje argumentasjonen frå forskarane om store inntektstap for stat og kommunar.

– Dette reknestykket er etter mi meining ikkje fullstendig. Vi veit at stat og kommune også er utbyggjarar av den fornybare krafta, og at dei får grøne sertifikat.

– Dei eig delar av kraftselskapa og får nyte godt av den subsidieringa som er av fornybar kraft.

– Reduserte driftskostnader

Han peikar også på at både kommunar og stat, og for den saks skuld innbyggjarane, er forbrukarar av kraft. Såleis er ikkje dei låge kraftprisane negative.

– Låge prisar på kraft vil gje oss ei overkomeleg straumrekning, noko som også vil redusere driftskostnadene for stat og kommune, seier leiaren for energikomiteen.

Held fast ved at kommunane vil merke det

Bye i SSB meiner på si side at forbrukarane må ta rekninga, sjølv om det altså ikkje blir i form av dyrare straumrekning.

– Det vi gjer no er på ein måte å sløse med verdiane.

– Til sjuande og sist sit forbrukarane att med rekninga. I dette tilfellet i form av færre sjukheimsplassar, færre infrastrukturprosjekt i kommunane og liknande. Årsaka er at kommunane får 6, 5 milliardar mindre å rutte med, seier forskaren.