NRK Meny
Normal

– Grøne sertifikat er komne for å bli

– Problemet er ikkje at me har for mykje fornybar energi, men at me har for lite, meiner Geir Pollestad (Sp). Han er slett ikkje med på at utbygging av vindkraft er miljøøydeleggande pengesløseri.

Vindmøller

Geir Pollestad (Sp) er forkjempar for meir vindkraft i Norge.

Foto: Rainer Prang

Meir eller mindre etablerte sanningar om at utbygging av vindmøller og småkraft er positivt for landet, fekk brynt seg i NRK Brennpunkt-dokumentaren «Et slag i lufta» tysdag kveld.

  • Sjå heile dokumentaren her.

Professorar og fagfolk på klimaøkonomi hevda i dokumentaren at innføringa av grøne sertifikat i fjor, som skal bidra til meir fornybar energi i Norge, er feilslått politikk og miljøøydeleggande pengesløseri.

Eit av hovudargumenta er at landet vårt har meir enn nok fornybar energi frå før – gjennom vasskrafta – og at me eksporterer langt meir straum enn me importerer.

– For lite fornybar energi

Alle partia på Stortinget står bak ordninga med grøne sertifikat. Vararepresentant for Senterpartiet på Storinget, Geir Pollestad, går ikkje med på at grøne sertifikat er bortkasta.

– Problemet i Europa i dag er ikkje at me har for mykje fornybar energi, men for lite, seier han.

– Men kva skal Norge med meir fornybar energi – når ein i dag ikkje bruker alt ein produserer?

Me kan selja krafta til utlandet, elektrifisera norsk sokkel og bygga opp og satsa vidare på smelteverksindustrien i Norge. For mykje fornybar energi er aldri eit problem for eit land.

Støtte frå Solvik-Olsen

Pollestad får støtte frå stortingskollega Ketil Solvik-Olsen (Frp). På sin twitterkonto skriv han følgjande: «Grønne sertifikater gir lavere strømpris for folk flest og lavere overskudd i kraftselskapene. Det lever jeg godt med».

Vidare skriv Solvik Olsen at lågare energipris i Norge gjer oss meir attraktive for industrietablering og at det styrkar industrien og framtidig verdiskaping.

Ikkje alltid vindmølle-ja

Geir Pollestad understrekar også at trass i innføringa av grøne sertifikat, blir det på ingen måte fritt fram med vindmølleutbygging i Norge.

– All menneskeleg aktivitet, inkludert energiproduksjon, fører til inngrep i naturen. Derfor må me velja dei prosjekta som gjer minst skade for miljøet.

– Er grøne sertifikat komne for å bli?

– Det er dei definitivt. Nå skal me i gang med meir utbygging av fornybar energi i heile landet, seier Pollestad.