Trur på framleis låge straumprisar

Dei behagelege kraftprisane i vinter vil truleg halde fram – no kan dei alt ha nådd toppen.

Lese av strømmåler

BEHAGELEGE PRISAR: 2012 vart året med svært låge straumprisar. Det same kan skje i år.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Marknadssjef Trude Undebakke i Sognekraft seier kulda har gjort at magasinfyllinga den siste tida har gått ned og prisane har den siste tida gått oppover, men lite tyder på straumkrise i år.

– Det kan sjå ut at til at vi har nådd ein førebels pristopp. Alt i dag vil prisane gå nedover, seier ho.

Svært låge prisar i fjor

Trude Undebakke i Sognekraft følgjer med på den nordiske kraftbørsen Nordpool. 2012 vart året med svært låge straumprisar. No har kulda festa grepet og produsentane tappar magasina for vatn i takt med at prisen går opp, melder NVE.

Framover kan vi faktisk forvente at prisane går forsiktig ned, no ligg spotprisen på i overkant på vel 36 øre per kilowattime.

– Det ser ut som ei normal utvikling så langt. Det er ingenting som tyder på at vi får eit prishopp. Men vi kan sjølvsagt ikkje garantere noko. Det er mange faktorar som spelar inn, seier Undebakke.

Bør vere vaktsame

Prognosane er basert på ein normal vinter framover. Handelssjef Bengt Haugnes i SFE seier forbrukarane likevel bør vere vaktsame.

Så langt er det lite snø i fjellet og ein er meir sårbare no om det kjem mindre nedbør framover enn normalt. Då kan prisane igjen gå oppover.

– Det er naturleg at fyllingsgraden er på veg nedover når det har vore relativt kaldt. Dersom det er høg produksjon og kulda varer, er det klart at straumprisane kan gå noko opp, seier han.