Hopp til innhold

Krisetal for Sunnfjord Energi

Halvårstala til Sunnfjord Energi var så dårlege at selskapet kalla inn til ekstraordinær eigarforsamling.

Sunnfjord Energi sitt hovudkontor i Førde.

TENER IKKJE PENGAR: Sunnfjord Energi sitt hovudkontor i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Administrerande direktør Fredrik Behrens seier året er rekorddårleg.

– Vi hadde eit første halvår som gjekk omtrent i null, og det er dårlegare enn vi har hatt nokon gong dei siste 10-15 åra.

I 2011 fordelte selskapet eit utbyte på nærare 30 millionar kroner til eigarane. I år kan det bli ingenting. Direktøren gjev den historisk låge straumprisen skulda for det, i tillegg til at selskapet må dekke inn store utgifter til utbygginga i Kjøsnesfjorden.

(Artikkelen held fram under biletet).

Fredrik Behrens

- MÅ DROPPE VINDKRAFT: Adm. dir. Fredrik Behrens.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Konsentrerer seg om vasskraft

No skal selskapet spare på det meste, seier Behrens.

– Vi har hatt investeringsplanar innan vindkraft og fjernvarme, no må vi fokusere på det som er vårt primære føremål, nemleg vasskraft, og då spesielt prosjektet i Jølstra.

Heller ikkje dei komande fem åra ser lysare ut for energiselskapet. Difor vart eigarane kalla inn til ekstraordinært møte i september. Fjaler kommune eig 11 prosent i selskapet og er den nest største kommunale eigaren.

(Artikkelen held fram under biletet).

Arve Helle

KJEM TIL Å MERKE DET: Ordførar Arve Helle i Fjaler.

Foto: Johan Moen / NRK

Går ut over eigarkommunane

Fjaler har i årevis kunna rekne med rundt tre millionar kroner i utbyte som har gått rett inn i drifta av kommunen. At desse pengane no fell vekk vil råke innbyggjarane, seier ordførar Arve Helle.

– Det er klart det vil ha konsekvensar dersom utbytet blir skrudd ned eller fell bort, det er det ikkje tvil om. Det er ingen av eigarkommunane som har ein økonomi som tillet at noko slikt kan skje utan at dei merkar det.

– Må ha is i magen

Drifta og økonomien av Sunnfjord Energi skal opp i formannskapa hos eigarkommunane. Helle seier kommunane må ha is i magen når det gjeld å halde på eigarskapen. Han meiner det er tenleg at eit eksternt selskap går gjennom drifta av energiselskapet.

Brulandsfossen kraftverk

FOR MYKJE VATN: Rikelegmed vatn, som her i Brulandsfossen Kraftverk i Førde, har ført til låg pris på straumen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK