Hopp til innhold

Vindkraftutbyggar gir opp kommunane

Utbyggar meiner vindkraftprosjekt blir skrota tidleg når lokalpolitikarar blir sett under press frå innbyggarane.

Turbiner på Storheia, Fosen

PROSJEKT DØR TIDLEG: Aktør i vindkraftbransjen har slutta å presentere vindkraftprosjekt til kommunane. Bilete er frå Storheia vindpark i Trøndelag.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / NRK

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Norsk Vind har 14 prosjekt i drift eller under utvikling her i landet.

Nå vil dei ikkje presentere prosjekt til kommunane lenger.

– Kommunar over heile landet seier prinsipielt nei til vindkraft, utan ein gong å greie det ut, hevdar prosjektleiar Espen Borgir Christophersen i Norsk Vind.

Espen Borgir Christophersen, prosjektutvikler i Norsk Vind

Espen Borgir Christophersen meiner kommunane må sjø moglegheiter vindkraft gir og hente inn kunnskap før dei fattar vedtak

Foto: Martin Torstveit / NRK

Christophersen trur aksepten for vindkraft er mykje høgare enn det ein kan få inntrykk av.

– Dei må ikkje berre lytte til det vi opplever som eit facebook-demokrati, der lokalpolitikarane blir oversumt av mytar og usanningar om kva vindkraft er, seier han.

Motstanden har ført til at selskapet har lagt fire prosjekt på is berre i Grenland i Telemark.

Dei kunne ha gitt mellom 1 og 2 terawatt timar med straum.

– Kommunane må vere medvitne om at dei går glipp av store inntekter, og ikkje minst grøn og billig straum. Vindkraft leverer kraft til under 40 øre per kilowatt time.

Les også Ny rapport: Noreg må ha 50 prosent meir kraft

AURLAND: Vatnet i eit pumpekraftverk vert brukt fleire gonger, omtrent som elektrolytten i et batteri.

Saka teken av sakskart

I Siljan var det planar om eit anlegg med 14 vindmøller og ein god del solcellepanel.

Ordførar i Siljan, Kjell Sølverød (Sp), bur like ved fjellet der det var foreslått at vindmøllene skulle stå.

Han meiner utbygging av vindkraft er viktig for industrien i Grenland, som er på desperat jakt etter meir straum.

Da lokalpolitikarane møtte massivt press frå organiserte vindkraftmotstandarar, såg Sølverød at mange politikarkollegaer blei usikre i saka.

– Eg synest det er for vilt. Da vi kom nokre dagar ut i dette, var det folk utanfrå bygda som hadde sterke meiningar om kva vi skulle gjere i Siljan. Det var ein stussleg oppleving for meg.

Det enda med at saka blei tatt av sakskartet fordi grunneigar Fritzøe Skoger ikkje ville inngå ein avtale med utbyggar Fred Olsen.

Fritzøe Skoger grunngav på nettsida si at dei på kort sikt ville prioritere å byggje nødvendig kompetanse innanfor sol-, vindkraft og hybridløysingar, før dei tok stilling til eventuelle investeringar og forretningsmodellar.

– Går glipp av 20 millionar kroner

Med vindmøllene på plass ville kommunen ifølge ordføraren fått 20 millionar kroner ekstra i kraftinntekter.

Vindmøllene ville ha lagt beslag på kring 6000 mål i Siljan, men ordføraren trur ein kunne funne ei løysing alle kunne vore nøgde med.

Ordfører i Siljan, Kjell Sølverød (Sp)

Siljanordførar Kjell Sølverød framfor tomta der han ville bygd eit fleirbrukshus til 50 millionar kroner, men som det ikkje er råd om no.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Dersom vi var villige til å sette oss ned, kunne vi justert dette til det beste for alle partar og heldt oss unna skiløyper og fine fiskevatn.

Vil ha kjernekraft

Men motstandarane mot vindkraftutbygging rustar seg til meir kamp.

Dei meiner motstanden må trappast opp.

– Ting er under mobilisering, og vi skal organisere oss enda betre, seier Tommy Ballestad, administrator for Facebooksida «Nei til vindturbinar i Grenland»

Tommy Ballestad, administrator for Facebookgruppa "Nei til vindturbiner i Grenland"

Tommy Ballestad i «Nei til vindturbinar i Grenland» meiner vindkraft er ein blindveg i det grøne skiftet.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Han trur ikkje dei auka inntektene som kommunen kan få er så sikre og seier resultata når det gjeld vind i området er dårlege.

– Dei som er imot det de driv med vil seie at de er eit hysterisk hylekor som berre lagar bråk?

– Det er maktmisbruk. Kven er det som tek frå oss den flotte naturen? Det er det store spørsmålet. Kven er det som vil bygge vindkraft, som i mine auge er lite effektiv og lønnsam?

Han seier gruppa ynskjer å bidra med informasjon om at vindkraft er lite berekraftig. Sjølv er han veldig for kjernekraft.

– Vindkraft er så vidt ein sideveg, men den sidevegen er ein blindveg.

– Svært uheldig

I april blei det klart at regjeringa opnar for meir vindkraft på land.

Åtte månader etter at NVE opna opp for dette, er det likevel berre søkt om fem nye prosjekt. Dei ligg alle i Finnmark.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) vonar ikkje vindkraftprodusentar sluttar å legge fram planar for vindparkar grunna lokal motstand.

– Det er svært uheldig. Dei som skal jobbe fram vindkraftprosjekt må få ein god dialog med kommunane og ein open diskusjon om korleis dei kan tilpassa seg omgjevnadane og areala som er tilgjengelege.

Aasland seier det er viktig med vindkraft på land for at vi skal kunne auke forbruket av straum ikkje minst i industrien framover.

Terje Aasland, under et besøk på åpen dag i Stokkfjellet vindpark.

Olje- og energiminister Terje Aasland seier det er svært uheldig dersom det ikkje blir lagt fram nye vindkraftprosjekt.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg

Regjeringa jobbar med å legge til rette for at plan- og bygningslova skal gi kommunane meir medråderett i framtidige vindkraftprosjekt.

For regjeringa vil ikkje handsame konsesjonssøknadar kommunen ikkje seier ja til.

– Gjennom skattlegginga av vindkraft vil vi sørge for at kommunane sitt igjen med meir av verdiskapinga slik at dei vil ha ein økonomisk gevinst av det, seier Aasland.