Hopp til innhold

Desperat jakt etter meir straum – her jublar dei for vindmøllepark

Nye planar om vindkraftproduksjon i Grenland og Færder skapar både glede og raseri.

Skjalg Aasland er leiar for Utvikling og Byggforvaltning på Herøya Industripark i Porsgrunn, og produksjonssjef i Yara, Morten Høvset.

MEIR KRAFT: Leiar for Utvikling og Byggforvaltning i Herøya industripark, Skjalg Aasland saman med produksjonssjef i Yara, Morten Høvset. Aasland fryktar det kan bli redusert aktivitet i næringslivet dersom det ikkje blir bygt ut meir fornybar kraft.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Frå toppen av det 106 meter høge tårnet til Yara sin fullgjødselfabrikk på Herøya i Porsgrunn kan Skjalg Aasland sjå mot Siljan, Vestfold og Skagerrak, der det er planar for sol og vindparkar.

Han er leiar for Utvikling og Byggforvaltning i Herøya industripark og nyt utsikta over ein av Noregs største industriparkar.

Men han er på desperat jakt etter meir straum. 30 bedrifter står i kø for å etablere seg her, og da trengst enorme mengder kraft.

– For oss er tilgang på meir kraft ekstremt viktig. Vi har veldig mange planar og treng å vite at vi kan få ny tilførsel av kraft.

Skjalg Aasland er leiar for Utvikling og Byggforvaltning på Herøya Industripark i Porsgrunn.

Skjalg Aasland er leiar for Utvikling og Byggforvaltning i Herøya industripark.

Foto: Martin Torstveit / NRK

No kan han skimte løysingar i horisonten.

Utanfor kysten til Færder kommune ønsker norsk havvind å etablere ein vindmøllepark. Og vender han blikket innover i landet kan det også kome vindmøller i Siljan kommune.

– Eg er veldig glad for å høyre om planane i Siljan. Vi treng meir produksjon av energi, og at det skjer lokalt er veldig bra. I tillegg treng vi utbygging av linjenettet.

Aasland fryktar det kan bli redusert aktivitet i industrien og resten av næringslivet dersom det ikkje blir bygt ut meir fornybar kraft.

Koker i sosiale medium

I Opdalen i Siljan er det foreslått eit anlegg med vind og sol.

Innbyggarane fryktar for naturinngrepa og det koker i sosiale medium.

Mange fryktar vindmøllene skal svine til eit av Siljan sine mest brukte rekreasjonsområde.

«At folk vil rasere områda for all tid er håreisande», skriv ein på Facebooksida «Du vet du er frå Siljan når».

Kristian Bråthen

Kristian Bråthen bur i Siljan og synest det er trist at naturen kan bli øydelagt.

Foto: Berit Heggholmen / NRK

Kristian Bråthen meiner planane er tankelaust.

– Det måtte vore ei folkeavstemming først, så kunne dei heller vurdert om vi gjekk for ei utgreiing av dette prosjektet.

Han trur det er mange med han, som meiner det er overkøyring.

– Dei lyttar ikkje til folket.

Kan sjå vindmølleparken

Ordførar i Siljan, Kjell Sølverød (SP), peikar mot fjellet Hovde frå garden der han bur.

– Der vil vi sjå tårna frå ei vindmølle. Og bak der vil vi sjå propellen av to til. Minsteavstanden i forhold til lyd er 900 meter, så det er godt innanfor her.

Det neste kommunestyremøte i Siljan skal avgjere om det blir fleirtal for å greie ut konsekvensane av ein sol og vindmøllepark (hybridpark) på fjellet i Opdalen.

– Her kan det komme 14 vindmøller og ein god del solcellepanel innanfor eit område som utgjer tre prosent av arealet i Siljan kommune, seier Sølverød.

Kjell Sølverød er ordførar i Siljan for Senterpartiet

Kjell Sølverød er ordførar i Siljan. Han meiner prosjektet er viktig for Grenland.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Viktig for industrien

Ordføraren meiner prosjektet er viktig for regionen og industrien i Grenland som treng meir elektrisk kraft.

Men 20 millionar kroner ekstra i kommunekassa kvart år betyr også noko for økonomien i kommunen.

Sølverød er positiv til ei konsekvensutgreiing. Men er ikkje sikker på om innbyggarane i kommunen vil ha det.

– Det er eg slett ikkje sikker på. Eg trur fleire er med på det no enn før, med dei høge straumprisane vi har hatt. Men det er sjølvsagt mykje kjensler når det er snakk om vindmøller.

Kjell Sølverød viser til at regjeringa er veldig for, og at rammevilkåra for kommunar som vil vere med på dette er mykje betre enn for berre fem år sidan.

Skepsis i eigne rekker

Siljan ligg eit steinkast frå heimbyen til Olje- og energiminister Terje Aasland. Statsråden har i haust fridd til Kommune-Noreg og oppfordra til satsing på vindkraft.

Men i Siljan møter Aasland skepsis frå eigne rekker.

Dag Jøran Myrvang er gruppeleiar for Arbeidarpartiet i kommunestyret. Han meiner saka er full av konfliktar og seier det er viktig at innbyggarane i Siljan veit kva som er i ferd med å skje.

Dag Jøran Myrvang er gruppeleiar for Arbeiderpartiet i Siljan

Dag Jøran Myrvang er gruppeleiar for Arbeidarpartiet i kommunestyret.

Foto: Martin Torstveit / NRK

– Då saka blei presentert i formannskapet var det ingen innbyggarar i Siljan som visste om det.

Han erkjenner at industrien i Grenland har bruk for mykje kraft til å gjennomføre det grøne skiftet. Men han vil prioritere utbygging av linjenettet for å få transportert krafta dit ho skal brukast.

– Vindkraft er noko av det mest konfliktfylte vi har, og då må vi politikarar vere trygge på dei vedtaka vi gjer. Derfor er det viktig med ein open prosess, slik at folk ikkje kjenner seg lurt i ettertid.

Myrvang seier det er snakk om store inngrep i naturen i eit område på seks kvadratkilometer.