Hopp til innhold

Bestiller neste års ferie for å utnytte billig norsk krone

Utanlandske turistar er allereie i gang med å bestille noregsferie for neste sommar, og dei vil betale for han no.

Thor Filip Halvorsen, prosjektdirektør, Norwegian Hospitality Group

BESTILLER NO: – Turistane ringjer og vil bestille ferien for neste år no for å nytte seg av billig kronekurs, fortel prosjektdirektør i Norwegian Hospitality Group, Thor Filip Halvorsen.

Foto: ROBERT HANSEN / NRK

– Beautiful! Vi har aldri sett eit så unikt landskap som dette før, seier dei irske turistane Ivan Johnston og Aideen O'Healy.

Utenlandske Turister i Stavern.
Ivan Johnston og Aideen O'Healy.

TURISTAR: – Come to Norway, seier irske Ivan Johnston og Aideen O'Healy. Dei har vore i Sandefjord, Larvik og Stavern, og er overraska over at det ikkje er dyrare å feriere i Noreg.

Foto: Ole Oskar Eriksen / NRK

Dei er på noregsferie for første gong, og lovprisar stadene dei har besøkt i Vestfold.

Den låge kronekursen har overraska dei.

– Vi trudde at det skulle vere dyrare i Noreg enn det er. Vi synest ikkje det er dyrt i det heile, seier Johnston.

Ferien har gitt meirsmak.

– Vi skal definitivt tilbake, seier dei.

Booker ferie for neste år

– Det blir booka frå heile verda.

Det fortel prosjektdirektør i Norwegian Hospitality Group, Thor Filip Halvorsen, og slår ut armane framfor Dalen hotell.

Turistane ringjer frå USA, Nederland, Frankrike og Italia for å oppleve det ærverdige og luksuriøse hotellet inst ved Telemarkskanalen.

Dalen hotell i Telemark.

Ei overnatting med frukost på Dalen hotell kostar frå 3000 (utan bad) til 10.000 kroner per natt.

Foto: ROBERT HANSEN / NRK

Skal du overnatte her, må du grave djupt i lommeboka.

Likevel kjem mange i sommar, og allereie no merke Dalen hotell at utanlandske turistar også bestiller neste års ferie.

– Kronekursen betyr at alle som ikkje har den norske krona, får rabatt. Vi har amerikanarar som ringjer og vil komme neste år, men dei vil betale no, seier Halvorsen.

Tidlegare ute no

Også Telemarkskanalen merkar at utanlandske turoperatørar er mykje tidlegare ute enn før.

– Vi har allereie no førespurnader frå spanske og engelske turoperatørar for neste sommar. Vanlegvis får vi ikkje det før ut på hausten, seier dagleg leiar, Janne Lindgren.

Janne Lindgren, daglig leder i Telemarkskanalen.

Janne Lindgren, dagleg leiar i Telemarkskanalen.

Foto: ROBERT HANSEN / NRK

Utanlandske turoperatørar er generelt meir på banen no etter koronapandemien, fortel ho.

Men det kjem også av kronekursen, meiner Lindgren.

– Eg vil tru at den låge kronekursen både påverkar nordmenn til å feriere meir heime, og får utanlandske turistar til å komme til Noreg, seier Lindgren.

Mange utanlandske turistar i år

– Dette er gledeleg å høyre, seier Ida Bakken Tønder, kommunikasjonssjef i NHO Reiseliv.

Det kjem mange utanlandske turistar til Noreg denne sommaren, stadfestar ho.

Ida Bakken Tønder, kommunikasjonssjef i NHO Reiseliv

Ida Bakken Tønder, kommunikasjonssjef i NHO Reiseliv.

Foto: Per Sollerman / Per Sollerman

Sju av ti reiselivsbedrifter får fleire eller like mange utanlandske turistar som i fjor, viser den siste medlemsundersøkinga deira.

Ho trur mange utanlandske turistar har hatt Noreg på ønskjelista lenge, og som no nyttar moglegheita fordi det er litt rimelegare å reise til enn det har pleidd å vere.

Kronekursen triggar reiselysta

Det er rekordhøg reiselyst blant utanlandske turistar til Noreg, fortel reiselivsdirektør i Visit Norway, Aase Marthe J. Horrigmo.

Det viser tal frå Reisebarometeret deira i vår.

Tyskland er den største marknaden av utanlandsturistar for Noreg. I fjor var veksten her på 10 prosent samanlikna med 2021.

Aase Marthe J. Horrigmo, reiselivsdirektør i Visit Norway.

Aase Marthe J. Horrigmo, reiselivsdirektør i Visit Norway.

Foto: VISIT NORWAY

– Vi ser no at reiselysta i Tyskland til Noreg er «all time high», seier ho.

Horrigmo trur kombinasjonen høg reiselyst og låg kronekurs slår heldig ut for Noreg.

– For dei som ønskjer billig ferie, er Noreg framleis dyrt. For dei som over tid har hatt lyst til å reise til Noreg, er kronekursen no kanskje det som avgjer at dei tek den ferien i år, seier ho.

Auke i Lofoten

I Lofoten opplever turistnæringa også ein auke i bookingar for 2024, fortel marknadsansvarleg i Destination Lofoten, Vegeir Selboe.

Kronekursen er ein av to hovudgrunnar til det, påpeikar han.

– Kombinasjonen av kronekursen og direkteruter gjer at reisa er billigare, og Lofoten er nærare enn før. Dette gir seg utslag i fleire bookingar med lengre opphald i Lofoten, seier Selboe.

Vegeir Selboe, markedsansvarlig i Visit Lofoten.

Vegeir Selboe, marknadsansvarleg i Destination Lofoten.

Foto: KJELL OVE STORVIK / DESTINASJON LOFOTEN

Han er ikkje overraska over at turistar bestiller ferie for 2024 og 2025.

– Vi er vande til bestillingstider på eitt til tre år. Det er som regel bestillingar frå marknader som har lang reiseveg, fortel han.