Hopp til innhold

Nordmenn reiser mindre i sommar – Stor pågang på lokale ferietilbod

Høge prisar gjer at fleire held seg heime i sommar. Dermed aukar etterspurnaden etter lokale ferietilbod, og arrangørane kjenner på presset.

Bukta-Tromsø

Mange bruker heller sommaren i nord.

Foto: Trygve Grønning / NRK

– Det er veldig fint å kunne vere her, når ein ikkje har noko anna å gjere i sommar, seier Vårinn (14).

Ho er ein av deltakarane på basketklubben Tromsø Storm sin basketcamp i sommar. Tilbodet har slått an, og den første veka er alle plassane fylte opp.

Vårinn

Vårinn er ei av mange som nyttar seg av sommarens aktivitetstilbod i Tromsø.

Foto: Ida Harr Overland / NRK

Saman med 60 andre barn får Vårinn basketballtrening gjennom sommaren – heilt gratis.

– Stadig fleire får dårlegare økonomi, og det er derfor eit stort behov for rimelege ferietilbod, seier Ida Amelie Mayes, offiser i Frelsesarmeen i Tromsø.

Ida Amelie Mayes

Ida Amelie Mayes i Frelsesarmeen seier det er mogleg å få gode sommaropplevingar heime.

Foto: Ida Harr Overland / NRK

Endrar ferieplanar

Mayes påpeikar at kostnadene i samfunnet har gått opp, og at stadig fleire må endre vanane sine for å få kvardagen til å gå rundt økonomisk.

Dette påverkar ferieplanane. Ei undersøking gjennomført av Norstat viser at 72 prosent av Troms og Finnmark endrar reiseplanane sine i sommar på grunn av prisaukane.

Resten av landet er også sterk påverka, i hovudstaden seier nesten 1 av 2 at dei må avgrense ferieplanane.

At fleire blir heime skaper eit aukande press på dei lokale sommaraktivitetane. Dette merkar arrangørane godt.

– Vi har i alle fall fleire søkjarar enn vi har plass til, seier Monica Stenbakken, som leier Ferie for alle, eit ferietilbod frå Røde Kors.

Også Kirkens Bymisjon arrangerer ulike aktivitetstilbod i sommar, og har merka ein markant auke frå tidlegare år.

– I fjor hadde vi tredobla talet på barn som var med på aktivitetar. Eg trur nok folk kjenner på auka leveutgifter, seier Jenny Sjånes Johansen.

Jenny Sjånes Johansen

Jenny Sjånes Johansen i Kirkens Bymisjon trur folk kjenner på auka leveutgifter.

Foto: Ida Harr Overland / NRK

Skeivt røyndomsbilete

Mayes frå Frelsesarmeen meiner nordmenn har fått høgare forventningar til kva ein ferie skal innehalde, og at denne forventninga no kanskje er nøydd til å endrast.

Også Stenbakken ved Røde Kors meiner nordmenn er for dårlege til å nytte seg av dei tilboda dei har rundt seg.

– Vi skulle ønskje fleire norske familiar melde seg på aktivitetane våre. Vi veit at mange har behov for rimelegare alternativ, men kanskje er terskelen høgare i det norske samfunnet, seier Stenbakken.

Mayes påpeikar at det er mange frivillige organisasjonar og idrettslag som lagar gode, rimelege feriealternativ.

– Ein må leve etter evne. Det er absolutt mogleg å få gode sommaropplevingar der du bur.

Les også Dette bør du huske før sommerferien

Syden

Les også Semira må ha hjelp for å ta barna på sommerferie: – Vi gleder oss veldig mye

Semira Andemariam smiler til kamera. Hun har halvlangt brunt hår med lyse striper, og en svart skjorte. Fotografert på balkongen med sol i bakgrunnen.