Hopp til innhold

Utstyr frå Noreg skal hjelpe Ukraina med straumforsyninga

Lastebilar, kablar, verktøy og aggregat: Utstyr frå norske nettselskap skal no hjelpe ukrainarane med å få straumen tilbake.

Ansatte i Vevig i Gudbrandsdalen ved lastebil som skal gis til nettselskap i Ukraina. Fra venstre: Anstein Brustuen, Johannes Bergum, Ove Varpestuen og Arild Romfog.

Den vesle lastebilen med heisekran og anna verktøy er ein av to bilar nettselskapet Vevig i Gudbrandsdalen sender til Ukraina. Frå venstre Anstein Brustuen, Johannes Bergum, Ove Varpestuen og Arild Romfog.

Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

– Denne lastebilen har vore i arbeid hos oss i mange år. No har vi ikkje bruk for han lenger, men han kan heilt sikkert gjere nytte for seg i Ukraina, seier Johannes Bergum.

Han er dagleg leiar i Vevig, nettselskapet til Gudbrandsdal Energi.

– Dei treng det meste

Vevig er eit at mange nettselskap som har saumfare lagera av utstyr og reservedelar som dei no gir til Ukraina. Der er behovet enormt. Russiske angrep har øydelagd omlag halvparten av straumnettet i landet. Samtidig blir det mørkare og antakeleg kaldare i Ukraina dei neste vekene.

Far og sønn i en kjeller

Ein far og sonen hans i ein mørk kjellar aust i Ukraina er avhengige av lommelykter. Omlag halvparten av straumnettet i landet er øydelagd.

Foto: ARIS MESSINIS / AFP

– Dei treng det meste, seier Hege Sveaas Fadum. Ho arbeider i beredskapsavdelinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Her samordnar ho innsatsen for å hjelpe Ukraina med utstyr og reservedelar til straumnettet.

Hege Sveaas Fadum, NVE

– Vi møter mykje velvilje, alle vil hjelpe ukrainarane med utstyr og reservedelar, seier Hege Sveaas Fadum i NVE.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Akutt behov for aggregat

– Det som er akutt no, er å få straumaggregat som kan koplast på fort. Og så må ein skaffe utstyr som ein på sikt kan bruke til å bygge opp igjen kraftforsyninga, seier ho.

Den europeiske organisasjonen Energy Community seier Russland har klart å splitte opp det ukrainske straumnettet. Ukraina har bede om internasjonal hjelp, og EU-kommisjonen har bede selskap i Europa om å finne fram materiell dei har til overs.

Lastebil med to strømaggregater som nettselskapet Fagne gir til kolleger i Ukraina i høst.

Nettselskapet Fagne i Haugesund har sendt denne lastebilen med to aggregat. Utstyret kan brukast av på sjukehus eller i arbeidet med å reparere straumnettet.

Foto: Claudia Mocci / Haugaland kraft

Møter velvilje

– Alle er prega av situasjonen. Vi møter stor velvilje, seier Hege Sveaas Fadum.

Statnett og andre nettselskap har sendt utstyr også tidlegare i år. No er det ny innsamling av utstyr.

Tromlar med høgspentkablar, transformatorar, aggregat, effektbrytarar, sikringar, lastebilar og verktøy er mellom det som blir sendt.

Omtrent 100 lavspentsikringer fra Agder Energi er sendt til nettselskap i Ukraina.

Rundt 100 sikringar av denne typen er sendt frå fra Agder Energi til bruk i Ukraina.

Foto: Agder Energi

– Kva med beredskapen her heime når nettselskapa sender mykje utstyr til Ukraina?

– Førebels har vi berre sett at dei sender utstyr som dei uansett hadde tenkt å fase ut. Og vi har krav om at alle skal gjere sine risikovurderingar og vere sikre på at dei har god beredskap i sitt anlegg.

– Men dersom utstyret som blir sendt er gammalt, er det då dårleg?

– Nei, vi er opptekne av at vi ikkje skal sende skrot til Ukraina. Vi sjekkar at det er brukbart og ikkje til skroting, det er viktig.

Mørenetts Arve Hovednakk ved dieselaggregatet selskapet nå sender til Ukraina.

– Det er 25 år gammalt, men i god stand, seier Arve Hovdenakk i Mørenett på Sunnmøre. Selskapet sender dette 133 kilowatts dieselaggregatet til Ukraina.

Foto: Mørenett

Gammalt, men godt aggregat

I Ørsta på Sunnmøre har Mørenett funne fram eit stort aggregat på tilhengaren til ein lastebil.

– Det er 25 år gammalt, men vi har gått over det og sjekka at det er i bruksmessig god stand, seier divisjonssjef Arve Hovdenakk.

Aggregatet går på diesel og kan levere 133 kilowatt straum når den vanlege straumforsyninga er øydelagd.

– Det svarar til ein forsiktig straumbruk i 30–40 hushaldningar, seier Hovdenakk.

– Kjem til nytte

Ukrainske nettselskap har sendt ei lang liste over utstyr dei har bruk for i arbeidet med å reparere straumforsyninga etter omfattande åtak. Den inneheld alt frå kraftmaster og høgspentkablar til motorsager og sveiseapparat. Og dei treng kjøretøy, som ein 2009-modell Iveco frå Gudbrandsdalen.

Daglig leder Johannes Bergum og kolleger i Vevig ved lastebilen som nå skal til Ukraina.

Johannes Bergum og arbeidskameratane i Gudbrandsdalen er glade for å sende av garde to små lastebilar og verktøy til ukrainske kollegaer.

Foto: Jonas Oden Ulset / NRK

– Bak på planet her er det ein liten heisekran så dei kan frakte med seg stolpar og diverse utstyr. Og inni er det verktøy og plass til tre mann, så det kjem heilt sikkert til nytte, seier Johannes Bergum i nettselskapet Vevig i Øyer.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT