Hopp til innhold

Vil bygge «konfliktdempande» vindmøller i Noreg

Norsk vind vil bygge sju store vindmøller eit steinkast frå E18, og meiner dei kan bygge utan å råke urørt natur. Prosjektet blir hylla av olje- og energiministeren.

Planer om vindkraftpark i Porsgrunn.

VINDMØLLER: Prosjektet kan bli den første vindmølleparken i sitt slag i Noreg.

Illustrasjon: Norsk vind

– Me må tole å sjå vindmøller, seier Espen Borgir Christophersen som er prosjektleiar i Norsk vind.

Han viser NRK rundt på Lanner i Porsgrunn.

Området blir i dag bruka av Nye vegar til å dumpe masser i samband med utbygging av ny E18 i Telemark.

Espen Borgir Christophersen i Norsk Vind

Espen Borgir Christophersen, som er prosjektleiar i Norsk vind, viser oss området der han ønsker å bygge vindmøller.

Norsk vind, med Christophersen i spissen, ønsker å bygge sju vindmøller på dette området. Vindparken skal kunne produsere straum til over 7000 husstandar.

Møllene blir høgst sannsynleg opp mot 250 meter høge.

– Dette er nærvind. Me vil bygge på eit massedeponi som ligg i nærleiken av E18, seier Christophersen.

Dei som er for vindkraft håpar konseptet nærvind skal gjere det mindre konfliktfylt å bygge vindmøller på land i Noreg.

Vindmøllene i Porsgrunn kan bli eit av dei første nærvindprosjekta i stor skala.

– Eg kjenner ingen andre prosjekt på lik line med dette, seier Christophersen.

NRK forklarer

Kva er nærvind?

Kva er nærvind?

1. februar 2023 fekk Olje- og energiminister Terje Aasland overrekt Energikommisjonens rapport.

Kva er nærvind?

Rapporten peikte på nærvind som ei god løysing for at Noreg skal produsere nok fornybar kraft.

Kva er nærvind?

Nærvind er vindmøller tett på vegar, industriområde og andre område som allereie er nedbygde. 

Kva er nærvind?

Dei som er for nærvind meiner det kan skåne urørt natur.

Kva er nærvind?

Motstandarar av nærvind meiner det ikkje gjev nok effekt. 

Jubel i departementet

Det er delte meiningar om utbygging av vindkraft i Porsgrunn kommune.

I NRKs valomat blei partia utfordra på om dei ønsker å bygge vindmøller:

Desse partia er imot påstanden: Frp, MDG, V, R, INP, DEM, Kon, Lib.

Desse partia er litt einige med påstanden: Ap, Sp, H, SV, KrF.

– Det er jo ofte ikkje sjølve vindmøllene som er problemet for folk, men infrastrukturen i form av anleggsvegar og anna utbygging. Dette området er jo allereie bygd ut og inngrepa i naturen er gjort, seier kommunestyrerepresentant for Høgre i Porsgrunn Petter Ellefsen.

Ellefsen trur eit nærvindprosjekt vil vere enklare å svelgje for folk. Nye vegar skal dumpe stein og grus i området fram mot 2025.

Bilete viser det aktuelle området som Norsk Vind vil utrede for bygging av vindkraft.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) jublar over prosjektet.

– Det er positivt. Eg gjekk sjølv ut og lanserte tanken om at me må sjå meir på nærvind, og no er også Stortinget med på tanken, seier Aasland.

Les også Aasland vil tapetsere E18 med vindturbinar

Terje Aasland ved E18

Kan stå klare i 2026

Framstegspartiets ordførarkandidat i Porsgrunn Stine Stamland er ikkje like imponert over prosjektet.

Ho meiner kommunen ikkje bør satse på vindkraft, sjølv om det byggast på eit massedeponi.

– Det er store arealinngrep til mindre nytte enn det er selt inn som. Det kan også påverke dyrelivet i mykje større grad enn me trur, seier Stamland.

– Men ein treng jo fornybar kraft?

– Me treng meir fornybar kraft, men me meiner det må satsast på vasskraft og kjernekraft.

Stine Stamland . porsgrunn frp

Stine Stamland er ordførarkandidat i Porsgrunn Frp.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Ifølgje Norsk vind blåser det godt nok i området til at ein får god straumproduksjon. Vindmøllene kan stå klare i Porsgrunn allereie i 2026.

Christophersen nektar ikkje for at dyrelivet vil bli råka av møllene.

– Men konsekvensane for fuglar og dyreliv er mindre her enn ved andre vindkraftprosjekt, seier Christophersen.

I ei ny undersøking kjem det fram at vindkraft splitter innbyggarane i norske kommunar. Vindkraft kan difor bli avgjerande i fleire kommunar under valet til hausten.

Denne saka er du openbert interessert i sidan du les den heilt ned. Tips meg gjerne om andre vinklar eg bør sjå på knytt til denne saka. Send meg også gjerne ein e-post viss du har tips til saker eg bør sjå på. 

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark

Seriekobla campingvogner

Seriekoblede campingvogner på ferga mellom Horten og Moss: – Er som et vogntog