Hopp til innhold

Aasland vil tapetsere E18 med vindturbinar

Ei utrekning viser at det er plass til 6000 turbinar mellom Oslo og Kristiansand.

Terje Aasland ved E18

Olje- og Energiminister Terje Aasland (Ap) ved E18 i Bamble.

Foto: Martin Torstveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
423,3 ppm
1,5-gradersmålet
+1,06 °C
Les mer  om klima

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) kikkar utover E18 i Bamble.

Han møter NRK ved motorvegen for å lansere ein idé.

– Sjå for deg ein liten vindturbin i kvar einaste lyktestolpe nedover motorvegen, seier statsråden optimistisk.

Aasland er på desperat jakt etter fornybar kraft, og meiner det ligg eit stort potensial i vindproduksjon langs motorvegane våre.

Mindre vertikale vindturbinar er framleis i eit tidleg stadium, men kan bli viktige for framtidas kraftproduksjon.

Energikommisjonen peikte i førre veke på nærvind som eit viktig tiltak om Noreg skal ha nok kraft i 2030, og for at ein skal nå klimamåla som er sett.

– Noreg har gode føresetnader for nærvind. Me har store areal og lange vegstrekk, seier Daniel Flo, som er rådgjevar i Fornybar Noreg.

6000 turbinar

For å finne ut kva potensial som ligg i vindkraft langs motorvegen har Fornybar Noreg gjort ei utrekning på bestilling frå NRK.

Utrekninga tek utgangspunkt i E18 mellom Kristiansand og Oslo, som er eit motorvegstrekk på om lag 300 kilometer.

Fornybar Noreg meiner det er plass til 6000 mindre vindturbinar på strekket viss ein skal montere dei i lyktestolpane.

Basert på vindforhold langs E18 og effekt i turbinane har organisasjonen rekna seg fram til at turbinane kan generere opp til 120 GWh.

Det svarar til forbruket til 7000 norske husstandar kvart år.

– Ein kunne generert den same krafta med seks til åtte moderne vindmøller, seier Flo.

Storheia, januar 2023

Vindmøller i meir kjend form. Desse møllene er mykje meir effektive, men har vore omstridde fleire stader.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden / nrk

Skal skåne natur

Fordelen med nærvind er at vindparkane kan byggast i allereie nedbygde område. Aasland meiner difor vindturbinar langs E18 er ein god ide.

– Det skjer mykje spennande med teknologien rundt mikrovind. Eg meiner det også er fint at me kan bygge dette i allereie bandlagde areal, seier statsråden.

– Men straum til 7000 husstandar er ikkje så mykje?

– Eg meiner det er ein god start, seier Aasland.

Les også: Bonden Kjell vil lage eigen straum – mistar nesten motet av treig prosess

Bonde Kjell Vågsland foran fossen der han ønsker å bygge et mikrokraftverk, med en rød ringperm i hendene.
Bonde Kjell Vågsland foran fossen der han ønsker å bygge et mikrokraftverk, med en rød ringperm i hendene.

– Symbolpolitikk

Nærvind skal vere mindre konfliktfylt sidan det ikkje går utover urørt natur.

NRK spurte difor ein av dei mest engasjerte vindkraftmotstandarane om kva han syntest om ideen.

– Eg syntest dette er symbolpolitikk, seier Tommy Ballestad, som er leiar for Facebookgruppa «Nei til vindturbinar i Grenland».

– Men dette er jo mindre turbinar som skal byggast i urbane strøk. Det toler du vel?

– Det er ikkje turbinane i seg sjølv som er problemet. Eg stiller spørsmål ved effekten og nytten av å bygge 6000 turbinar, seier Ballestad.

Tommy Ballestad

Tommy Ballestad er leiar for ei Facebookgruppe som er imot vindkraftutbygging. Han seier mindre vindmøller isolert sett er uproblematisk i allereie utbygde areal. Men han meiner slike turbinar ikkje har nok effekt.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Aktørar står klare

Terje Aasland meiner på sin side at nærvind er ein viktig del av løysinga.

Norhybrid i Porsgrunn er blant aktørane som spesialiserer seg på nærvind og hybridkraft.

Dei står klare til å utvikle prosjekt i Noreg, men ønsker at reglane for konsesjonsplikt blir endra.

– Hovudproblemet er at våre mindre nærvindprosjekt nær industrielle område blir behandla på lik line som store tradisjonelle vindparkar i urørt natur, seier Carl Ivar Holmen som er dagleg leiar i Norhybrid Renewables AS.

Holmen viser til at konsesjonsregimet er laga for store vindturbinar, og at aktørar som han treng ei endring i regelverket for å verkeleg kome i gang i Noreg.

Han meiner kommunane burde få behandle søknadar om nærvind, og at NVE bør fokusere på storvind.

Olje- og energiministeren ber aktørane på nærvind gjere seg klare.

– Dei burde sjå på areal som har potensial. Det er ein spennande teknologi som eg heiar på, seier Aasland.

Les også: Ordfører snur om vindkraft: – Det er spennende

Ordfører Hallgeir Kjelldal omringet av et steinbrudd.
Ordfører Hallgeir Kjelldal omringet av et steinbrudd.