Hopp til innhold

Ny hundelov: – Frykteleg vagt kva som eigentleg krevst av eigarane

Frå nyttår stiller hundelova krav om nødvendig kompetanse for alle som har ansvar for hund. Mange strevar med å forstå dei nye reglane.

Instruktør Kim Nordbotten Lydig hundeskole i Tønsberg og Hundeeier Anita Folvik.

ØNSKJER SERTIFISERING: Hundeinstruktør Kim Nordbotten trur alle hundeeigarar kjenner seg skikka til å ha hund. Han etterlyser ei sertifisering. Hundeeigar Anita Folvik med kvalpen Vilma er samd.

Foto: Randi Nørstebø / NRK

Ein av dei største hundeskulane i landet har sett seg nøydde til å hyre inn advokat for å tolke innhaldet korrekt.

Fleire tek til orde for at innhaldet i hundelova må bli meir konkret om det skal vere mogleg å følgje dei nye reglane.

  • Sjå faktaboks om den nye lova nedst i artikkelen.

Trur kompetansebevis kan løyse mykje

Hundeeigar Anita Folvik er tidleg ute til kurset hos hundeskulen Lydig i Tønsberg.

Hundeeier Anita Folvik på Lydig hundeskole i Tønsberg.

NY HUND, NYTT KURS: – Førre kurs hadde eg så mykje igjen for. Det er veldig ålreit å gå på tur med ein hund som høyrer på deg og er lydig, seier hundeeigar Anita Folvik.

Foto: Randi Nørstebø / NRK

Rundt henne vimsar «Vilma». Den fem månader gamle Beauceron-kvalpen snusar litt nervøst på kunstgraset i hallen.

Både hund og eigar er spente på korleis kvelden blir. Totalt er det venta ti kvalpar denne kvelden.

Dei tobeinte i hallen er samde om at den nye hundelova kan vere krevjande å tolke.

Instruktør Kim Nordbotten Lydig hundeskole i Tønsberg.

VAGE KRAV: Kim Nordbotten i Lydig hundeskule etterlyser tydelegare kompetansekrav i hundelova.

Foto: Randi Nørstebø / NRK

– Det står frykteleg vagt kva som eigentleg krevst av folk.

Nordbotten meiner løysinga er ei ordning der sertifiserte kurshaldarar deler ut kompetansebevis til hundeeigarane.

– Veit ikkje kva dei går til

Hundeeigar Anita Folvik er samd.

– Eg trur ikkje alle veit kva dei går til.

Ho meiner hundeeigarar må hugse at hunden potensielt kan vere farleg.

– Kvalpen bit, hoppar og klorar, og vil jo bli stor. Eg må få kontroll på henne. Det hadde vore heilt forferdeleg om ho skulle skade nokon.

Burde det vera eit obligatorisk kurs med kompetansebevis for dei som har ansvar for hund?

Ventar på rettleiar

Fleire aktørar NRK har snakka med etterlyser ei tydelegare lov. Ikkje minst dei som skal handheve lova.

NRK har snakka med fleire kjelder i politiet som forventar at det vil komme eit direktiv frå Politidirektoratet (POD) om korleis dei skal ta omsyn til kompetansekravet.

Men også POD ventar på meir informasjon.

– Politidirektoratet ventar på ein rettleiar frå Landbruks- og matdepartementet. Vi vil deretter halde politidistrikta informert om ny lovgiving, seier Heidi Keseler Venner, som er seniorrådgivar i Politidirektoratet.

Medan politiet ventar skal lova handhevast.

Dei første tjuefire dagane i januar vart det oppretta 44 straffesaker for brot på hundelova, ifølgje POD.

Les også Dette betyr den nye hundelova for deg som vil ha eller har hund

Matmot Martine Halvorseth Johnsen og schæferen Bella er ute på lufting på hundejordet i Frognerparken.

Meiner lova er klar nok

Dei som står bak den nye lova, Landbruks- og matdepartementet (LMD), meiner lova er klar nok.

Dei har førebels ingen planar om å regulere kompetansekravet nærare i ei eiga forskrift.

I ein e-post til NRK opplyser departementet at dei rett nok jobbar med ein rettleiar til hundelova, men at dette arbeidet vil ta tid.

Vidare opplyser dei at hundehaldar skal ha nødvendig kompetanse, men at kva som er nødvendig kan variere ut frå kva slags type hundehald det dreier seg om.

Hunden Frøya.

Kravet omfattar både kompetanse om behovet til hunden og dens naturlege åtferd Men korleis skal hundeeigar tolke dette på eiga hand?

Foto: Marius Christensen / NRK

Kravet omfattar både kompetanse om behovet til hunden og dens naturlege åtferd.

Tanken er at kunnskapen skal kunne brukast til å førebyggje risikoen hundehaldet kan medføre for omgivnadene.

– Vidare omfattar kompetansekravet at hundehaldar er kjend med korleis eige hundehald påverkar andre delar av samfunnet. Både når det gjeld effekten hundehaldet kan ha på andre menneske, beitedyr og vilt, skriv LMD.

NRK har ønskt å møte Landbruks- og matdepartementet til intervju, men det har ikkje late seg gjere.

Dei grunngir dette med høg reiseverksemd og full kalender.

Les også Merker at hundeeiere er flaue for å be om hjelp

Cecilie Sæther Sjåstad

Hyrar inn advokat

Oslo hundeskule er ein av dei eldste og største hundeskulane i Noreg.

Meir enn 100 instruktørar har 8–9000 deltakarar på kurs kvart år.

Bedrifta har hyra inn advokat Trond Werner Lunde for om mogleg å tolke endringane i hundelova for dei.

Også han meiner lova er for vag.

– Den nødvendige kompetansen kan variere mykje. Utan at lova på nokon måte gir svar på kva som ligg i kompetansekravet, seier Lunde.

Kan få alvorleg utfall

Juristen meiner kravet kjem an på kva slags hund du har og kva hunden skal brukast til.

– Slik som lova no er formulert, legg ein opp til at kvar og ein sjølv må finne ut av kva slags kompetansekrav det bør leggjast opp til, seier Lunde.

Blir hundelova broten, kan det likevel få alvorleg utfall.

Ved manglande kompetanse risikerer ein nemleg at politiet grip inn og bestemmer at hunden skal bli omplassert eller avliva, forklarer advokaten.

– Sjølv risikerer du gebyr, bøter eller fengsel i inntil seks månader.

Les også Ingen har plikt til å melde fra hvis hunden biter

Hunden Loke, han er en av mange som har fått hjelp av Dyrebeskyttelsen Norge.

Skeptisk til sertifisering

Det finst i dag over ein halv million hundar i Noreg.

Rundt 1,2 millionar menneske i landet vårt har ansvar for ein hund.

Det viser tal frå Norsk Kennel Klub (NKK), som har vore sterkt engasjert i å få på plass ei ny og forbetra hundelov.

Ei sertifisering av alle hundehaldarar har ikkje kommunikasjonsrådgivar Anne Buvik tru på.

– Ideen er vakker. Men at vi skal sertifisere 1,2 millionar menneske med heilt ulik bakgrunn og kunnskap er ein heilt sanselaus tanke, meiner ho.

Kommunikasjonsrådgiver Anne Buvik i Norsk kennelklubb sammen med hunden sin.

Anne Buvik i Norsk Kennel Klub meiner det blir for omfattande med sertifisering av alle som har tilgang til hund.

Foto: PRESSEFOTO / NKK

Buvik har sjølv hatt hund sidan 1975. Ho er både oppdrettar og jaktprøvedeltakar.

– Skal eg gå på kurs? Kva skal eg lære der? spør Buvik.

Tilbake i Tønsberg har kvalpen Vilma slått seg til ro saman med matmor.

Plasttaket gir kjærkommen ly frå kaldt januarregn.

Anne Folvik er klar på at ho treng kurs, sjølv om ho er ein erfarer hundeeigar. Ho veit kva ho vil ha ut av kurskvelden.

– Vilma skal lære seg å høyre på meg.

Instruktør Kim Nordbotten ved Lydig hundeskole i Tønsberg og Hundeeier Anita Folvik.

LANG ERFARING: Kim Nordbotten har 25 års erfaring med hundekurs. No er det Vilma og Anita Folvik sin tur til å få gode tips.

Foto: Randi Nørstebø / NRK

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark