Hopp til innhold

Dette betyr den nye hundelova for deg som vil ha eller har hund

Den nye hundelova stiller strengare krav til deg som hundeeigar. Dette er det du må vita.

Matmot Martine Halvorseth Johnsen og schæferen Bella er ute på lufting på hundejordet i Frognerparken.

STRENGARE KRAV: Den nye hundelova stiller strengare krav til hundeeigarar. Før Martine Halvorseth Johnsen og sambuaren fekk schæferen Bella, skaffa dei seg kunnskap gjennom bøker og kurs.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Det er alltid mykje ein må læra om den nye hunden ein får.

Det seier hundetrenar Maren Teien Rørvik, kjent frå serien «Frå bølle til bestevenn».

Ho mistenker at mange som har kjøpt seg hund under pandemien ikkje har dratt på kurs fordi dei anten ikkje har moglegheit eller lyst.

Det vil resultera i at dei nye hundeeigarane ikkje har den kunnskapen dei skal ha, seier Rørvik.

En dame med brunt hår, brun genser og olabukse sitter på gresset og holder en liten hund.

Hundetrenar Maren Teien Rørvik er programleiar i hundeserien «Frå bølle til besteven». Her er ho saman med hunden Zlatan.

Foto: Max Emanuelson / Monster/NRK

Stortinget er no i gang med å endra hundelova frå 2003. Lova har stått uendra fram til no.

Denne veka blei dei ferdige med første runde, kor endringane blei samrøysta vedtekne.

Rørvik fortel at endringane i stor grad dreiar seg om å gjera hundeeigar meir ansvarleg ovanfor hunden sin.

– Det kjem litt tydelegare fram at det er hundeeigar sitt ansvar å setta seg inn i reglar rundt hundelova, og ikkje minst i hundar sine behov og si åtferd.

Altså må hundeeigarar søka kunnskap om hunden dei skal skaffa seg.

Skal verke førebyggjande

Kompetansekravet er meint å virke førebyggjande, opplyser Landbruks- og matdepartementet.

Både realkompetanse og formell kompetanse er meint å inngå i kravet. Kompetanse til å ta vare på behova til hunden, samt vita kva som er den naturlege åtferda, er naudsynt kompetanse.

Kompetansen må også omfatta kunnskap om trening og bruksområdet til hunden, skriv departementet i ein e-post til NRK.

Det er framleis politiet som skal handheva hundelova. Politiet vil ved den nye lova kunna vektleggja om hundehaldaren har naudsynt kompetanse, men manglande kompetanse i seg sjølv vil ikkje åleine føre til straff.

– Manglande kompetanse vil kunna underbyggja vedtak som gjeld andre brot på lova, skriv departementet.

Kva veit hundeeigarane?

I Noreg er det per i dag over ein halv million hundeeigarar. Tenker ein at det bur i gjennomsnitt to personar i eit hus, svarar til det omtrent ein hund per femte hushald.

Sambuaren til Martine Halvorseth Johansen hadde ønska seg hund i åtte år.

– Han har tre bøker om schæferar, så han har lest seg opp og var veldig klar for å få denne hunden her.

Schæferen Bella er litt eigesjuk, fortel Johansen, så ho går ikkje langt vekk frå eigaren.

Kjem det nysgjerrige hundar som vil helsa, kan ho bli veldig vokal. Det skremmer mange, fortel Johnsen.

Kvinne med lyst hår og svart skinnjakke poserer på sida av ein schæfer-hund som ser inn i kamera. I bakgrunnen er ein stor grasplen, og to hunder med ryggen til.

Matmot Martine Halvorseth Johnsen og schæferhunden Bella har dratt til hundejordet i Frognerparken. Her har Johnsen henta kunnskap frå andre hundeeigarar.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Men det er berre bjeffing for å seia ifrå at her er eg, og så roar ho seg med ein gong.

Johansen har sjølv lese seg opp om hunderasen, og har vore med på treningar med den lokale schæferklubben.

I tillegg har ho tatt med Bella til hundeparkar, der Johnsen har snakka med andre hundeeigarar og lært av dei.

– Før det så visste eg ikkje så mykje om schæferhundar. Eg har vore redd hundar, men det er kurert no.

Therese Knoph-Sulland har hatt ein Jack Russel terrier tidlegare, og seier ho visste kva det ville innebera å få ein ny.

Therese Knoph-Sulland og hunden Ludvik er ute og trener på å ikkje la seg forstyrra på tur.

Therese Knoph-Sulland og Jack Russel terrieren Ludvik, på eit år og fire månader, er ute og trenar på å ikkje la seg forstyrra av omgjevnadane på tur.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Eg visste at eg ville ha terrier, for eg liker at det er mykje hund i ein liten kropp.

Fordi ho har hatt same hunderase tidlegare, har ho ikkje vore på kvalpekurs eller andre kurs.

– Men eg har dratt på agility-trening for at han skal få brukt hovudet sitt.

No er ho og hunden Ludvik ute og trenar på å gå tur utan å helsa på alt og alle rundt.

Cobberdog-hunden Max har tatt vegen til hundejordet i lag med bestefar Knut Rostad, som passar hunden til dottera medan ho er på jobb.

Svart hund står forann ein sittande mann med lysblå jakke, som sit på ein benk i ein park.

Knut Rostad seier Cobberdog-en Max kjem med ein gong han roper på han. Denne dagen har dei tatt turen til hundejordet i Frognerparken.

Foto: Ingeborg Undeheim / NRK

Rostad fortel at dottera var på kvalpekurs med hunden, men sjølv har han ikkje tatt kurs.

– Men eg har vakse opp med hundar då, så eg har litt erfaring.

Det du burde vita

Leiar i Norsk åtferdsgruppe for selskapsdyr (NAS), Turid Buvik, er spesielt glad for endringane som dreiar seg om hundeeigar sin kunnskap.

– Det er alltid betre å førebygga enn å reparera.

Buvik seier det er lettare å førebygga uønskt åtferd om ein veit meir om hunden sin.

Det er ikkje spesifisert i den nye hundelova korleis kravet om kompetanse og kunnskap hos hundeeigar burde handhevast, men Buvik har noko tips til dei som vil ha eller har hund.

Før du skaffar deg hund

Det første du burde gjera før ein skaffar seg ein hund, er ifølge Buvik å setta seg inn i hunderasen. Skal du ha ein blandingshund, må du setta deg inn i dei hunderasane hunden er ei blanding av.

– Det har utruleg mykje å seia om eigenskapane til hunden og kva du kan forventa.

Er du ein person som liker å gå tur og vera aktiv, kan jakthundrasar vera eit passande val.

For dei som held seg mest i byen er ein av selskapsrasane, som er litt mindre, eit godt alternativ, fortel Buvik.

Kvit, liten hund bit og dreg i ein pinne som eigaren held med begge hender.

Cockapoo-hunden Dobby, leikar med eigaren Atle Martinsen. Ein cockapoo er ei blanding av hunderasane puddel og cocker spaniel.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Deretter må du vita kva sannsynet for at desse eigenskapane kjem i ditt individ er, fortel Buvik.

Då må du setta deg inn i avlslinja og snakka med oppdrettar om korleis slekta til din potensielle hund er. Både foreldre, onklar og tanter.

Buvik fortel at det kan vera ein del hundar med eigenskapar som er lite typiske for rasen.

– Det kan vera ein vakthundar som er redde, eller jakthundar som er redde for skot.

Det tredje ein burde gjera før ein skaffar seg hunden, er å sjekka korleis ein trenar han, samarbeider med han og bygg opp tillit.

Slik veit du om dette er ein hund du har tid og moglegheit til å følga opp.

Nærbilde av ein brun hund av rasen cobberdog, som kikker opp mot eigaren (ikkje på bildet).

Cobberdog Alfred kikkar forventningsfullt opp mot eigaren sin som held ein pinne. Cobberdog er ein blanding av mellom anna labrador og puddel.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Døme på rasar ein burde styre unna om ein aldri har hatt hund tidlegare er belgisk fårehund og border collie.

– Det er hunderasar som kan få problematisk åtferd om dei ikkje får dekka behova sine. Rein turgåing vil aldri gjera dei nøgde.

Det kan sjølvsagt også gå fint i enkelte tilfelle, legg ho til, men ein skal vera forsiktig.

Om hunden endrar åtferd

Sjølv om ein har skaffa seg hund, lest seg opp og skaffa seg kunnskap, kan det likevel henda at hunden din endrar åtferd.

Ifølgje hundelova § 18 f skal hunden sjekkast av veterinær om den utviser uønskt åtferd. Smerte kan nemleg gjere hunden meir aggressiv.

Skulle hunden bli meir uroleg eller aggressiv enn vanleg, rår Buvik deg til å søka hjelp relativt tidleg.

Hund som spring over ein open grasplen med ein grussti, der ein joggar er på veg i same retning.

Ein joggar på eit hundejorde kan fort bli oppfatta som ein leikekamerat. Hundeeigar til goldendoodle Pasham (på bildet) var redd for at hunden skulle springa etter joggaren. Det skjedde ikkje. I den nye hundelova blir det også stilt strengare krav til at hundeeigar skal vera aktsam når hunden ikkje er i band.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Av erfaring veit ho at mange spør naboar eller andre dei kjennar om råd, men seier raske råd og løysingar er skummelt.

– Vit at personen du får hjelp av har utdanning og kompetanse i det, og i tillegg har ein del erfaring.

Det viktigaste, ifølge Buvik, er å sørga for at du får hjelp av nokon som driv etisk hundetrening, der ein gjev gulrot i staden for pisk. I Noreg er ikkje dette eit krav for å vera hundetrenar.

– Løysningar skal vera slik at hunden har det triveleg.

Hundetrening hos trenarar som aldri har sett rasen før, kan påføra hunden ubehag og i verste fall gjera han meir aggressiv, seier Buvik.

Hund av rasen Jack Russel terrier sit ved beina til eigaren sin i ein park.

Jack Russel terrier Ludvik blir skildra som ein glad og nøgd hund med masse energi. Ifølge Norsk kennelklubb passar rasen bra til ein aktiv familie. Hunden trivs også best i andre sitt selskap.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Om du ikkje har følgt første råd

Har du tenkt at du har lyst å skaffa deg ein hund, men ikkje lest deg særleg opp om hunden eller har du fått ein hund som ikkje er typisk for rasen?

Då er rådet å snakka med oppdrettar. Dei kjenner rasen og medlemmene av hunden din sin familie.

Og så må du melda deg på kvalpekurs.

– Der får du masse tips, og du får også eit lite nettverk slik at du får koma i gang med eit godt kvalpeliv allereie der.

Les også Vil stille strengere krav til hundeeiere i Norge

Husky valp

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger