Hopp til innhold

Google-etablering kan tvinge fram massiv vindkraftutbygging i Noreg

Google sitt nye datasenter i Skien vil bli eit straumsluk, og kan føre til ei enorm utbygging av vind og sol i Noreg.

Slik skal senteret på Gromstul utenfor Skien se ut.

MASSIVT: Det nye datasenteret til Google kan bli eit av dei største i verda.

Foto: Google

Retting: NRK har 16. februar retta ein reknefeil som gjorde at anslaget til kva som kan krevst av fornybar kraftproduksjon blei for lågt. Dette skuldast at NRK tok utgangspunkt i den potensielle effekten ved vindkraftanlegget Tellenes, i staden for den faktiske produksjonen.

Google har ein ambisjon om å bli utsleppsfrie innan 2030.

På tomta til datasenteret fortel Google om korleis dei skal kutte utslepp ved å blant anna investere i fornybar kraftproduksjon.

– Det må vere rein energi. Sol og vind er dei openberre kraftkjeldene. Me ser også på andre teknologiske moglegheiter, seier Niels Martin Andersen som er sjef for datasentera til Google i Noreg.

Datasenteret i Skien kan bli blant dei største i verda.

Google investerer nesten 7 milliardar kroner og planen er å setje senteret i drift i 2026.

Google Sarah Raimond ved datasenteret i Skien og Niels Martin Andersen

Niels Martin Andersen er Googles politiske sjef for datasenter i Norden. Bilete er frå Google-tomta på Gromstul i Skien.

Foto: Theo Aasland Valen / NRK

Enormt kraftbehov

Viss Google bygger i full skala kan det krevje enorme mengder kraft.

Statnett stadfestar til NRK at Google har søkt om tilgang til 840 megawatt.

– Eg har aldri høyrd om eit datasenter som er i nærleiken av å bruke så mykje straum, seier sjefsanalytiker i StormGeo Sigbjørn Seland.

Google ønsker også å dekke sitt eige straumbehov i landa dei har datasenter. I Danmark opererer dei slik i dag:

Over 200 vindturbinar

Basert på tal frå NVE har NRK rekna ut at eit årleg forbruk ved datasenteret kan ligge på om lag 5886 GWh.

Google har allereie inngått ei avtale med eit vindkraftanlegg i Noreg. Dette ligg i Tellenes i Rogaland. Anlegget har ein årleg produksjon på om lag 520 GWh.

Det attståande behovet kan svare til over 260 vindturbinar. Talet avheng av kor stor effekt turbinane har.

Til samanlikning har eitt av Noregs største vindkraftanlegg, Storheia i Trøndelag, 80 turbinar. Turbinane på Storheia har også ein mindre effekt enn det NVE legg til grunn i for turbinane i reknestykket.

Skulle ein utelukkande produsert straumen med bakkemontert solkraft krevst over 9700 fotballbanar med solcellepanel. Det er over 38 gonger storleiken av Oslo sentrum.

Tala er basert på utrekningar og informasjon frå NVE.

Tellenes vindpark i Sokndal og Lund kommuner i Rogaland.

Google har allereie investert i eit vindkraftanlegg i Rogaland. Anlegget har 50 turbinar.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

Press på kraftproduksjon

Leiar for hovudutval for næring, industri og klima i Telemark fylkeskommune, Ådne Naper (SV) er glad for å høyre at Google vil investere i fornybar kraftproduksjon.

Han meiner Google-etableringa vil tvinge fram vindturbinar og solcellepanel.

– Ein eller annan stad må krafta produserast, seier Naper.

Norgessjef i Google, Tine Austvoll Jensen og Karianne Oldernes Tung (digitaliseringsminister) ved Google-tomta i Skien

Noregssjef i Google, Tine Austvoll Jensen og Karianne Oldernes Tung (digitaliseringsminister) ved Google-tomta i Skien.

Foto: Theo Aasland Valen / NRK

Straumanalytikaren i StormGeo meiner presset for å bygge vind- og solkraft vil auke når Google kjem.

– Ei etablering som dette vil gjere utbygging av fornybar kraftproduksjon meir lønsamt, seier Seland.

Frp meiner det er naivt å tru at Googles behov for kraft skal dekkast med vind og sol. Dei ber Google om å tenke annleis.

– Google bør gå for kjernekraft. Det er det mest optimale med tanke på areal, regulering og effekt, seier Marius Nilsen, som sit i energikomiteen på Stortinget.

Nei til vindkraft i Skien

Krafta Google treng ser ikkje ut til å bli produsert lokalt med det første.

I Skien har ordførar Marius Roheim Aarvoll (H) gjort ei avtale med INP om at det ikkje skal byggast vindkraft i kommunen dei neste fire åra.

– Me har ei avtale om at det ikkje skal vere vindkraft i Skien dei neste fire åra. Så er det eit handlingsrom der som me må utnytte.

Aarvoll set i første rekke sin lit til solkraft. På sikt vil han også få på plass vindturbinar.

Industrien i Grenland skrik også etter meir kraft. Dei håpar Google-etableringa vil føre til meir kraftproduksjon på sikt.

– Eg håpar det startar ein diskusjon. Me treng meir straum og større nettkapasitet, seier Yarasjefen på Herøya, Ole-Jacob Siljan.

Ole-Jacob Siljan Fabrikksjef hos Yara på Herøya

Ole-Jacob Siljan er fabrikksjef i Yara Porsgrunn. Dei ønsker å elektrifisere produksjonen sin og treng mykje straum.

Foto: Roald Marker / NRK