Anne Kathrine Solvang er hos optikar Cathrine Saastad for kontroll av kontaktlinsene.
Saastad Syn i Porsgrunn er ein av mange optikarforretningar som i fleire år har kjempa for å få tilgang til den digitale kommunikasjonsplattforma Helsenett.
– Både for Anne Kathrine og andre pasientar, er det ein stor fordel at optikarar nå kan kommunisere digitalt med fastlegar og andre aktørar i helsevesenet, seier Cathrine Saastad.
Plattforma blei etablert allereie i 2009. Først nå har optikarane fått innpass der.
Brev i posten
Fram til nå har dei kommunisert per post med fastlegar og augelegar.
– Det seier seg sjølv at det både er ein lite tenleg og tungvinn måte å føre ein fagleg samtale på, seier Saastad.
Mange er ikkje klare over at optikarar fekk offentleg godkjenning som helsepersonell i 1988.
– Med moderne utstyr og kompetansen vår, kan vi i mange tilfelle bidra til å avdekke symptom på alvorleg augesjukdom og annan sjukdom som eksempelvis diabetes, seier optikaren.
Gjennom Helsenett kan nå optikarar raskt kommunisere og dele informasjon med fastlegar og aktørar innanfor spesialisthelsetenesta.
– Optikarar speler ei viktig rolle som førstelinjeteneste. Jo fleire pasientar som får synshjelp i førstelinjetenesta, jo mindre press blir det lagt på spesialisthelsetenesta, seier Saastad.
Legeforeininga er positive
Leiar Hans Torvald Haugo i Norsk Optikerforbund meiner pasientane nå kan få hjelp både raskare og tryggare.
– I tillegg kan vi hjelpe pasientane på ein betre dokumentert måte enn før.
Nå er målsettinga at enda fleire optikarar skal bli ein del av Helsenett. Haugo seier det berre er gode erfaringar så langt.
– Det å kommunisere gjennom Helsenett er den digitale motorvegen som Helse-Noreg vil bruke framover, seier han.
Ifølge president Anne-Karin Rime i Den norske legeforening, er Helsenett-samarbeidet med optikarar så ferskt at ho ikkje kjenner til erfaringane til legane ennå.
– Det er uansett positivt at legar kan kommunisere trygt digitalt med andre aktørar om felles pasientar, seier Rime.
– Opplevast trygt
Tilbake hos Saastad Syn i Porsgrunn bekreftar Anne Kathrine Solvang at ho kjenner seg godt varetatt hos optikaren.
– Det er veldig bra at optikaren har kommunikasjon direkte med legen. Det kan fort bli feil viss eg skal vere mellomledd, så det at fagpersonar kan kommunisere på denne måten opplevast trygt, seier ho.