Hopp til innhold

Denne er på veg ut av huset

SKIEN (NRK): Gjennomsnittsalderen til fasttelefoneigarar ligg no på 70 år, og talet på slike telefonar går raskt ned.

Fasttelefonen er i ferd med å bli en "gamlis-telefon".

Frå 2002 har 85 prosent av Noregs befolkning fjerna fasttelefonen frå bustaden sin.

Teknologien rasar av garde i ei forrykande fart, og ungane lærer å bruke mobiltelefonen før dei kan gå.

85 prosent borte

Fasttelefonen har det blitt mindre bruk for i slike tider, og sidan 2002 har nesten 85 prosent av Noregs befolkning fjerna den frå bustaden sin.

Gullbjørg Haugen

Gullbjørg Haugen har fasttelefon.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Ein skal ikkje mange år tilbake i tid før fasttelefonen var å finne i dei tusen heimar. Men etter at mobiltelefonen fant sin plass i handa til Ola Nordmann, har fleire kutta kontakten til fasttelefonen.

I 2002 var det omkring to millionar nordmenn som hadde fasttelefon i sine private bustadar. Når me no går mot slutten av 2016 er talet nede i 325.000.

– Følar meg tryggare

– Årsaka til at eg føretrekkjer fasttelefonen er at eg følar meg tryggare, seier Gullbjørg Haugen.

Haugen er ein av dei få som framleis sver til fasttelefonen, sjølv om ho også har mobiltelefon.

Arne Quist Christensen

Arne Quist Christensen seier at eldre er glad i fasttelefonen.

– Eg har jo vurdert å fjerne den, for det kostar jo dobbelt så mykje å ha begge deler, men eg er jo så vant til å ha den, seier Haugen.

For det er dei eldre som held liv i fasttelefonen. Gjennomsnittsalderen til brukargruppa ligg no på 70 år.

Byggjer ikkje ned

– Me ser jo at det er ein del av dei eldre som er glad i fasttelefonen, også er det framleis folk som ikkje har god nok mobildekning, seier moderniseringsdirektør i Telenor Noreg Arne Quist Christensen.

Christenen seier at talet på brukarar av fastelefon har gått jamnt ned over fleire år, og han legg ikkje skul på at ein dag vil kome der veldig få kjem til å bruke fasttelefon. Han seier likevel at dei ikkje kjem til å bygge ned fastnettet med det fyrste.

- Me har ingen planar om å ta det nettverket ned på kort sikt, seier Christensen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark