Hopp til innhold

Denne jusprofessoren elskar val

Nokon har eit sterkare forhold til valkampen enn andre. Johan Giertsen er truleg ein av landets ivrigaste valnerdar.

Nokon har eit sterkare forhold til valkampen enn andre. 
Me skal møta ein som truleg må vera ein av landets ivrigaste valgnerdar.

SJÅ VIDEO: Jusprofessor Johan Giertsen elskar val og meiningsmålingar. På datamaskina si samlar han resultat frå heile landet.

– Utruleg spennande og fascinerande. Eg sitrar nærmast, ler Johan Giertsen.

Til vanleg er han jusprofessor ved Universitetet i Bergen. Men når det nærmar seg val vert han travel også på andre frontar.

For Giertsen er nemleg valkampen julaftan og 17. mai på ein gong. Mellom bunkar av papir og lovbøker finn han tid til å studera meiningsmålingar.

– Kombinasjonen av politikk og tal har alltid fascinert meg, heilt sidan eg var liten gutunge. Då sat eg med reknestav og lagde mine egne prognosar basert på NRK sine sendingar, minnast Giertsen.

Samlar inn resultat

Det har han tatt vidare. No nyttar han datamaskina til å samle resultat av alle målingar som vert gjort. Resultata lastar han inn på nettsida «Poll of polls».

– Vi legg inn alle partimålingar i Noreg. Og på landsmålingane så reknar vi ut snittet av målingar i bestemte periodar, forklarar han ivrig.

På den måten finn Giertsen svaret på korleis folk ville ha stemt om det var valdag i dag.

– Eg tykkjer det mykje tryggare å sjå på tal som er komne. Det å spå er så usikkert. Kven veit kva som skjer frå torsdag til måndag?

– Spennande kven som er størst

Som Høgre-mann gler han seg over framgangen deira. Men enno kan mykje skje.

– Det er mest spennande er jo kven som blir største parti. Det er uvisst kven som er størst på måndag. Det er spesielt, for ingen nolevande nordmenn har opplevd eit anna parti som det største enn Arbeidarpartiet.

Måndag er det stortingsval, men om ikkje lenge er det på igjen for Giertsen. For om to år er det kommuneval.

– Allereie i haust byrjar vi og dei første tala kjem til våren. Det går i eitt og det er veldig gøy, avsluttar Giertsen.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.