NRK Meny
Normal

Frp vil gi staten ansvaret for sjukeheimsutbygging

Framstegspartiet vil flytte ansvaret for bygging av sjukeheimar frå kommunane til staten, og partiet vil også gi eldre juridiske rettar knytte til omsorgsbehov.

Partileder Siv Jensen presenterte i dag Fremskrittspartiets eldreomsorgspolitikk

VIDEO: Siv Jensen og Framstegspartiet vil gi staten ansvaret for å byggje sjukeheimar.

Dette sa partileiar Siv Jensen på den oppsummerande pressekonferansen sin i Kristiansand i dag. Partiet har lansert denne ideen også tidlegare, men med utsikter til at Frp no kan kome i regjering til hausten, så har forslaget fått ny aktualitet.

Siv Jensen meiner at det systemet vi har i dag for eldreomsorg har gått ut på dato. Det at ni helseministrar etter kvarandre har lovd å innføre enkeltrom for alle, er eit bevis på dette, sa Siv Jensen blant anna.

Halv pris for dobbeltrom

Ho vil no innføre ei ordning der ingen av dei som må dele rom med andre, skal betale meir enn halv pris.

– Då tenkjer eg det blir fortgang i bygging av nye sjukeheimar, sa Frp-leiaren på pressekonferansen. Frp har denne helga ValgCamp 2013 i Kristiansand.

Det er tre ting som må på plass, sa Jensen. For det første må det knytast juridiske rettar til omsorgsbehov. Altså at dei som har behov for ein institusjonsplass, skal få det.

– Det er ikkje rart at regjeringa Jens Stoltenberg ikkje har lukkast med å byggje ut sjukeheimsplassar. Ikkje vil dei øyremerkje pengar, og kommunane vil ikkje byggje så lenge dei ikkje har pengar til å drifte dei. Det vil vi endre på, sa Frp-leiaren.

Flytte finansieringsansvaret

Punkt to er å flytte finansieringsansvaret frå kommunen til staten. Det er ikkje dyrt og vanskeleg, sa partileiaren.

– Det er det same som skjer med utbetaling av sjukepengar, trygd og andre ytingar som er knytt til den enkelte sine rettar. Vi vil gjere det same med eldreomsorga, fordi vi meiner at dei som har behov for sjukeheimsplass skal få det, sa Siv Jensen.

Punkt tre er å innføre bemanningsnormer. Det handlar om å gjere kvardagen leveleg for dei som jobbar med eldre. Dei har ikkje nok tid til å gi pasientane den pleia dei har krav på.

– Vi må få opp pleiefaktoren, sa Siv Jensen på pressekonferansen.

Vil fjerne 70-årsgrensa

Siv Jensen var også oppteken av at eldrepolitikk handlar om meir enn sjukeheimsplassar. Ho skulda dei andre partia for å ha gløymt seniorar og pensjonistar.

Framstegspartiet vil fjerne pensjonsavkortinga for gifte og sambuande pensjonistar og vrake underreguleringa av pensjonane på 0,75 prosent. Partiet vil også fjerne 70-årsgrensa i arbeidslivet og innføre det dei meiner er reelle forhandlingar i trygdeoppgjeret.

Det gjeld også å leggje til rette for at fleire eldre kan bu heime, sjølv om dei har behov for hjelp.

– Det handlar også om å ta i bruk ny teknologi som kan skape tryggleik for dei som bur heime. Det har vore vellukka resultat når det gjeld overvaking, slik at dei som ynskjer det kan bu heime lenger, sa Siv Jensen.

Innvandringspolitikk

Det var ikkje berre eldrepolitikk som var i fokus på pressekonferansen. Siv Jensen kom også inn på den stadig aukande innvandringa til Noreg. Ho åtvara om at utgiftene til innvandring vil stige kraftig i åra som kjem.

– Mange av dei som kjem til landet i dag endar opp på passive ytingar. Fleire av dei som går inn i arbeidslivet sluttar fort. Dette aukar presset på velferdsytingane, og det må vi gjere noko med, sa Jensen blant anna.

Ho minte også forsamlinga om at Framstegspartiet dei siste åra har fremja fleire forslag om innstramming i asylpolitikken, forslag om ein handlingsplan for i kampen mot smugling, eit forslag om å forby heildekkjande plagg og meir.

– Men alle forslaga våre har vorte nedstemde, sa Jensen.

– Sjukehuskrise i Oslo-området

Frp-leiaren kom også inn på dei generelle problema i helsevesenet. Ho nemnde spesielt forholda ved Ahus på Lørenskog, som ho meiner var for lite alt då det vart opna. Ho peika også at det hastar å byggje ut sjukehusa i Oslo-området, som har den største veksten i talet på innbyggjarar.

Ho fryktar at sjukehussituasjonen i Oslo-området kan bli eit mareritt, om det ikkje blir sett i verk tiltak straks. Ho stilte blant anna spørsmål om det er lønsamt å rehabilitere Ullevål sjukehus i forhold til å byggje nytt

Siv Jensen vil også styrkje pasientrettane, der ho vil byggje vidare på eit system som har vore ein suksess i Danmark. Det går på tettare oppfølging av pasientane i alle fasane av sjukdomen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget