Navarsete skapar reaksjonar med «Heile Noregs Miljø-Ola»

Partileiarane har fridd til veljarane i årets siste partileiardebatt i NRK. Det var ingen klar vinnar, men Liv Signe Navarsete kan ha stukke av med sigeren for mest minneverdig sitat.

Partileder Liv Signe Navarsete snakket om Senterpartiets miljøpolitikk under den siste partilederdebatten til NRK.

SJÅ KLIPPET: Navarsete skrøt av 'heile Noregs miljø-Ola'

– Heile Noregs Miljø-Ola har hatt den største satsinga på fornybar energi nokon gong, sa Liv Signe Navarsete om sin SP-kollega og Olje og Energiminister Ola Borten Moe.

Kommentaren skapte både undring og reaksjonar på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Sjølv om Miljø-Ola-sitatet til Navarsete kanskje stikk av med sigeren for mest minneverdig sitat etter kveldens partileiardebatt, vil ikkje NRKs valekspert Anders Jupskås peike ut nokon vinnar av dagens partileiardebatt.

– MDG imponerte

Anders Jupskås

JAMT: Anders Jupskås vil ikkje kåre nokon vinnar av debatten, men er imponert over Miljøpartiet De Grønne.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Eg er eigentleg litt motstandar av å snakke om debattar i idrettsmetaforar, difor vil eg ikkje seie at nokon vann eller tapte, seier Jupskås, som meiner alle dei store partia generelt kom godt ut av debatten.

– Det overordna inntrykket av debatten var at veldig mange snakka veldig godt til sine eigne veljargrupper. Tidlegare har det vore lett å kåre taparar, men det var jamt i dag, seier han.

I Twittersfæren var engasjementet stort, og meiningane delte.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

– Klarte å halde seg visjonær

Jupskås meiner at Miljøpartiet De Grønne (MDG) og Raudt si deltaking gjorde debatten frisk.

– MDG og Rødt har litt mindre rutinerte partileiarar, dei klarte seg godt og brakte nye perspektiv inn i debatten, seier Jupskås.

– Dei gjorde det litt meir uoversiktelig enn det kunne vore, det var morosamt, seier Jupskås, og får støtte frå @skribente på Twitter:

Laster Twitter-innhold

– Særleg blei eg imponert av Hanna Marcussen i Miljøpartiet De Grønne, som ikkje fall i fella då ho blei utfordra med detaljar. Ho heldt seg på eit visjonært og ideologisk plan der dei andre, store partia slår kvarandre i hel med tal og statistikkar, seier Jupskås.

– Har sett Stoltenberg betre

Sjølv om Jupskås ikkje vil kåre verken ein vinnar eller tapar, seier han likevel at han har sett Stoltenberg i betre form enn i kveld.

– Dei store partia var veldig jamne, men eg må seie Stoltenberg har vore meir i slaget tidlegare, seier Jupskås, og legg til at debatten generelt var ryddig og utan store sleivspark.

Saka held fram under videoen

Jens Stoltenberg (Ap) ble spurt om ulike scenarier etter valget.

Jens Stoltenberg er klar for å regjere alene

Ingen skitten debatt

– Det var ymt til skremselspropaganda, Audun Lysbakken hadde ein tirade mot høgresida, Jens Stoltenberg kallte det for kaos, men elles var det ganske lite av dette, seier han.

– Det var ingen skitten debatt, og mykje fokus på saker, held han fram.

Han seier det er mogleg at partileiardebatten har innverknad på veljarar som enno ikkje har bestemt seg.

– Denne debatten er hovudsakleg ein preken for dei allereie frelste, men det er fullt mogleg med påverknad gjennom den siste appellen, seier han.

– Det er bare i hodet til Jens det er kaos

– Det er bare i hodet til Jens det er kaos

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Valgresultat banner» i nytt vindu

Les mer om stortingsvalget