Hopp til innhold

Zelenskyj på nordisk toppmøte: – Kvar bit av Europa må forsvarast

Den ukrainske presidenten er i Helsingfors for å diskutere vidare samarbeid med dei nordiske landa.

Støre deltar på nordisk toppmøte i Helsinki

HISTORISK: Volodymyr Zelenskyj kom til Finland onsdag for å møte nordiske leiare, ein sjeldan og historisk utanlandsreise for den ukrainske leiaren under den russiske invasjonen.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Kvar bit av Europa må forsvarast, sa Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj på det nordiske toppmøtet i Helsingfors i ettermiddag.

Det er Finlands president Sauli Niinistö som har invitert dei nordiske landa og Ukraina til toppmøtet.

Zelenskyj starta med å takke for den militære og økonomiske støtta frå dei nordiske landa.

Den norske pengestøtta viser verda kva det betyr å verdsette fred, sa han til Jonas Gahr Støre

Når det er Støres tur til å tale, startar han med å kalle Zelenskyj-besøket for rørande og historisk.

For det andre, seier han:

Så må denne krigen ta slutt – og det er angriparen som må avslutte han.

Og når freden kjem, må det vere på premissane til landet som har blitt angripe, legger han til.

Det viktigaste er å vere ei stabil støtte

– I dag skal vi oppdatere korleis kvart land kan hjelpe Ukraina. For Noregs del handlar det om presiseringar i Nansen-programmet, kor vi har forplikta oss til å gi 75 milliardar over fem år, seier Støre til NRK før pressekonferansen.

På spørsmål om det vil vere aktuelt å utvide støtta, svarer han:

– Det viktige er, ifølge Zelenskyj, at vi står ved dei over tid. Vi har forplikta oss på Stortinget til å støtte Ukraina i fem år. Det er eit signal det norske demokratiet kan vere stolt av.

Jonas Gahr Støre og Volodymyr Zelenskyj i Helsingfors 3. mai.

Jonas Gahr Støre og Volodymyr Zelenskyj skal mellom anna snakke om den vidare støtta til Ukraina.

Foto: NTB

Elles skal Støre og Zelenskyj følge opp samtalane dei har hatt det siste året. Eit viktig bidrag frå Noreg er luftvern.

– Det er med på å redde liv i ukrainske byar kvar veke, seier Støre

Statsleiarane skal også få høyre korleis Ukraina ser for seg kampen framover og deira syn på situasjonen.

uRDygev_zUk

Statsminister Jonas Gahr Støre er på plass i Finland, saman med statsleiarane i Sverige, Danmark, Island, Finland og Ukraina.

Foto: NTB

Danmarks statsminister Mette Frederiksen er også tydeleg i landets støtte til Ukraina.

– Vi støttar Ukrainas fridomskamp, så lenge den varer. Vi viker ikkje får løfta våre om å hjelpe Ukraina, seier Frederiksen.

Støre har tidlegare i år sagt at Noreg ønsker å trappe opp støtta til Ukraina.

– I fjor gav vi over 10 milliardar kroner i sivil og militær støtte til Ukraina. No trappar vi opp denne støtta, sa Støre.

Også Islands statsminister Katrín Jakobsdóttir er med på toppmøtet.

Hemmeleghald

Detaljane rundt presidentens besøk i Finland har vore hemmeleg.

Zelenskyj har avgrensa sine utanlandsreiser betrakteleg etter den fullskala invasjonen av Ukraina i fjor. Tidlegare har han besøkt Polen, Frankrike, Belgia, Storbritannia og USA.

DSC02901

NRK møtte Zelenskyj saman med andre journalistar i slutten av april.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

I førre veke møtte den ukrainske presidenten ei lita gruppe journalistar frå dei nordiske landa. Der var han tydeleg på at nordisk støtte er avgjerande i krigen.

På spørsmål frå NRK om han meiner Noreg har eit særskilt ansvar for å støtte Ukraina fordi Noreg har tent mykje pengar på høge energiprisar som følge av krigen, svarte Zelenskyj slik:

– Det er veldig vanskeleg å seie. Eg tenker ikkje på den måten. Noreg støttar vår posisjon, støttar med våpen og med pengar. Har landet tent meir, så har dei gjort det. Det gjer det også mogleg å støtte oss meir. Eg er svært takksam for den norske støtta.

Stoltenberg og Zelenskyj i Ukraina

Ukraina ønsker å bli med i Nato. Biletet er frå ein pressekonferanse i Kyiv 20. april.

Foto: DIMITAR DILKOFF / AFP

Om eit eventuelt Nato-medlemskap sa han dette til NRK:

– Dette er ei felles avgjerd i Nato. Eg trur at dersom avgjerda om medlemskap var avhengig av Stoltenberg åleine, ville Ukraina vore med i Nato.

Krigen i Ukraina har hatt følger for Norden. 4. april i år blei Finland formelt medlem av Nato.

NRK kunne også melde at det i kulissene på Nato-toppmøtet i april blei arbeidd med å få Ukraina inn i forsvarsalliansen.

SISTE NYTT

Siste nytt