Facebook

Storesøstera som leita etter søskena sine i 25 år

Tenk deg at du kjem heim frå sommarferie til tomt hus. Søskena dine er adoptert ut av landet, utan at du har fått vite noko. Facebook vart redninga.

Året var 1990 i Romania. Ileana Baiescu var storesøster i flokken, som budde i Scutelnici.

– Som den eldste følte eg eit stort ansvar, som eg tok svært alvorleg frå eg var svært ung, fortel ho til NRK.

Familien levde i djup fattigdom, som så mange andre i Romania etter kommunismen. Men samhaldet mellom dei seks søskena var godt.

Dei var bestevener for livet: Uansett kva som skjedde, eller kor tøft livet ville bli, dei hadde kvarandre å støtte seg på.

Spesielt bekymra var ho for veslebroren Victor. Han var den sjuande i rekka av det som skulle bli til saman 10 born. Han var liten og veik. Ileana hugsar ho var redd for han, for han hadde så tynne bein at dei ikkje klarte å bere han.

Det var ein bror Ileana lova seg sjølv at ho skulle passe ekstra godt på.

Fekk aldri sagt farvel

Ileana Cunniffe Baiescu

38 år gamle Ileana Cunniffe Baiescu starta Facebook-sida «Never forgotten Romania children»i Irland. Men ho nøyer seg ikkje med å bruke internett. Ho ringer rundt og av og til besøker ho familiar i Romania på vegner av adoptivbarn.

Foto: Ileana Cunniffe Baiescu

Foreldra hadde bestemt seg. Dei ville gje vekk alle borna sine, bortsett frå Ileana til barnlause par frå utlandet.

Dei irske, britiske og amerikanske familiane kom på døra og henta borna ved hjelp av lokale styresmakter i kommunen i Buzau. Foreldra fekk ikkje betalt i pengar, men i mat og klede. Ein tur på marknaden i bytte mot seks barn.

Ileana følte det som eit svik og 13-åringen raste mot foreldra. Ho hadde ikkje eingong fått seie farvel.

– Eg sa til dei eg hata dei. At dei aldri meir kunne vere mine foreldre.

Ho flytta inn hos tanta si, som trøysta henne med at søskena ville få eit betre liv i utlandet. Elles snakka dei lite om det som hadde skjedd. Det var ei privatsak.

Men Ileana var fast bestemt på å finne dei igjen, alle seks. Det var byrjinga på ein leiteaksjon som varte i 25 år.

Barn av presidentens dekret

President Nicolae Ceausescu ynskte å bygge eit sterkt land, som var sjølvforsynt og uavhengig utanlandsk påverknad.

Med dekret nummer 770 på slutten av 60-talet, vart abort og prevensjon forbode. Kvinner var allereie oppmoda etter andre verdskrig til å få mange barn, og no vart det enda fleire fødslar, i alle fall i ein periode, før dei sank igjen.

Ein konsekvens av denne politikken var at mange barn vart sende på barneheim, fordi foreldra ikkje hadde råd til å ta seg av dei.

Prioriterte prestisjeprosjekt

På 80-talet stramma regimet grepet for å få gjennomført to store moderniseringsprosjekt. Ein bydel vart jamna med jorda for å gjere plass til verdas andre største offentlege bygg etter Pentagon i Washington D.C. Folkets palass skulle samle heile statsapparatet i Bucuresti, og kosta om lag 4–6 milliardar dollar.

BUCHAREST PEOPLES HOUSE

Folkets palass er eit av verdas største bygningar. I 1990 var det framleis ein byggeplass. Det vart vurdert å rive bygget, men ein kom til at det er for dyrt. I dag huser det mange internasjonale organisasjonar, og det fungerer som nasjonalforsamling.

Foto: MICHEL EULER / Ap

Som om ikkje det var nok byrja Ceausescu å betale ned på utanlandsgjelda.

Rekninga var det folket som måtte ta. Som om det var krig i landet måtte folk stå i kø med rasjoneringskort i handa for å kjøpe mat og propan.

Staten tok det dårleg om nokon klaga. Det hemmelege politiet hadde auge og øyre over alt. Eit skeivt ord kunne føre til fengselsstraff.

Ein norsk diplomat som feira jul i Bucuresti på slutten av 80-talet, fortalde meg ein gong at ho var overlukkeleg for å få tak i ein banan på julaftan.

Ei mager trøyst var det då kanskje at Romania var gjeldfritt dagen da diktatoren og frue vart skoten første juledag i 1989.

Den massive undertrykkinga og fattigdommen folk hadde levd under kom for ein dag, og sjokkerte ei heil verd. Og dette vart startskotet på ein adopsjonsbonanza ein knapt har sett nokon annan stad.

Lenka til sengene

Det var det amerikanske ABC programmet 20/20 som først avslørte dei tusenvis av utmagra borna som levde under grufulle forhold i barneheimane i Romania. Alt ifrå 100.000 til 170.000 barn levde i uverdige forhold i over 700 barneheimar.

ORPHANS

Ved barneheim nummer 1 i Bucuresti hadde situasjonen betra seg noko i 1991. Men ungane hadde framleis ikkje leiker. Mange av barneheimsbarna var kraftig understimulerte, noko forskarar meiner kan føre til at dei utviklar seg seinare enn andre.

Foto: SIUMUI CHAN / Ap

Psykisk utviklingshemma var lenka til sengene sine, nakne i si eiga avføring. Det var desse mest sjokkerande vitnesbyrda som fekk mest merksemd i internasjonale medium.

Mediemerksemda bidrog til at mange reiste til Romania for å adoptere.

Storesøster på leiting

Tilbake i Romania i 1990, leita Ileana febrilsk etter ein måte å kontakte søskena sine på. I ei skuff hjå tanta fann ho ei adresse til ein av adoptivfamiliane i Irland.

– Eg skreiv brev til dei i to år. Eg fekk vener til å skrive på engelsk for meg. Men fekk ikkje svar, fortel ho.

Så kom dei overraskande på besøk i 1992. Ein politimann stakk hovudet inn døra for å sjekke at det var riktig adresse.

Scutelnici

Ileana vil gjerne gje noko tilbake til heimstaden, og samlar no inn pengar til ein leikeplass for ungane der. Ho har også fått hjelp frå norske adoptivbarn.

Foto: Ileana Cunniffe Baiescu

– Det irske paret heldt eit bilete av meg i handa. Dei såg på meg. Dei såg på bildet. Eg stod og skrella poteter. Eg hugsar eg mista ei halvskrelt potet, som rulla bort til dei.

Ileana fekk vere med dei på biltur i Romania i ei veke. Dei lova å halde kontakt, og da ho fylde 18 i 1996, spanderte dei ein flybillett til Irland. Der fekk ho endeleg møte fire av søskena sine.

– Det var heilt magisk, fortel ho til NRK. Masse kjensler. Berre den eldste jenta hugsa meg. Ho var seks år i 1990. Ho sa til meg ho ofte hadde sett meg i draumane sine.

Den eine adoptivfamilien hjelpte henne økonomisk, slik at ho kunne studere hotellfag, og ho har budd i Irland sidan 1997.

Fleire søsken etter adopsjonen

Etter kvart som ho kom i arbeid, og tente eigne pengar, byrja arbeidet med å hente søskena som framleis var att i Romania.

For mor til Ileana hadde rukke å få tre barn til etter adopsjonane i 1990.

– Den eldste broren henta eg til Irland i 2005. Dei to yngste kom da Romania vart medlem av EU i 2007.

Framleis ein bror og ei søster sakna

Victor

Victor (til høgre) saman med søstera rett etter dei hadde blitt adoptert av eit amerikansk og britisk par i 1990.

Foto: Never forgotten Romania children / Privat

Samtidig leita ho etter dei to siste av dei seks, søstera i England og broren Victor som kanskje var i USA. av 10 søsken.

Dei irske familiane hadde mista kontakten, alt dei hadde var eit etternamn og eit vagt minne om at søstera budde ein stad i Manchester-området.

– Eg tok fram telefonkatalogen og ringde alle med det etternamnet i Manchester. Det er snakk om 300–400 telefonsamtalar. Eg etterlyste ho i avisa, fortel Ileana.

Arbeidet bar frukter. Ei dame ringde og sa ho kjende søstera.

Ho fortalde at faren i familien hadde døydd nokre år etter adopsjonen. Mora fekk nok med sine to biologiske barn, og sende den adopterte jenta, altså søstera til Ileana, i fosterheim.

– Ho vart ein kasteball. Ho budde i mange ulike fosterheimar i England. Ho hadde aldri ein skikkeleg heim, fortel Ileana.

Søstera hadde igjen mista kontakten med den amerikanske adoptivfamilien til Victor. Han med dei tynne beina, han som ikkje kunne gå. Var han i USA eller England? Levde han?

Kaotiske adopsjonar på 90-talet

Ileana Cunniffe Baiescu

Ileana Cunniffe Baiescu med to av dei fem barna sine i Irland.

Foto: Ileana Cunniffe Baiescu

90-talet i Romania handla om å ta igjen det tapte etter tiår med planøkonomi. Før styrte staten alt, nå var det eit fritt land. Kanskje litt for fritt.

Den økonomiske omstillinga var smertefull, arbeidsløysa steig kraftig i starten av 90-talet.

Konsekvensen, fleire born vart sende inn i det overbefolka rumenske barneheimssystemet.

I dette kaoset oppstod det ein industri av mellommenn som formidla adoptivborn. Ei blanding av lokale forretningsmenn, byråkratar og politikarar.

Det var heilt vilt, fortel Ileana.

– Alle kunne levere frå seg ein unge til ein lege eller ein advokat. Det skjedde over alt. Ofte kom ikkje foreldre eingong til Romania for å hente barna, dei vart sende med fly til for eksempel flyplassen i Washington D.C.

I 2001 vedtok Romania, etter press frå EU, å midlertidig forby internasjonale adopsjonar. EU meinte prosessane var prega av kronisk korrupsjon.

Men da hadde allereie mange liv blitt øydelagde. Dei mest uheldige hadde blitt tvinga inn i prostitusjon av kyniske kriminelle.

Facebook, Never forgotten Romania children

Slik byrja søket etter Victor på Facebook. Ileana laga ei Facebook-gruppe. Overraskinga var stor da ho vart oversumt av adoptivbarn som trengde hjelp til å finne sine biologiske foreldre.

Foto: Facebook, Never forgotten Romania children / Faksimile

Adoptivbarn byrjar å «vende heim»

Og veldig lite var dokumentert. Noko som er ei stor utfordring for dei som no vender heim til Romania for å finne sine biologiske røter.

På førespurnad frå Al-Jazeera kunne Det nasjonale direktoratet for adopsjon i Romania opplyse at rundt 16.000 born vart adopterte i perioden 1993 til 2001.

Det reelle talet kan vere mykje høgare. For det finst ikkje tal frå 1990–1993. Men Ileana hevdar det ikkje er umogleg at det kan vere så mange som 100.000.

– Vi vil aldri få vite det verkelege talet, aldri, fortel Ileana.

Mange av dei som vart adopterte på 90-talet har no byrja å få sine eigne barn.

Catrina Rebegea frå Det nasjonale direktoratet for adopsjon i Romania, skriv i ein e-post til NRK at dei i perioden frå 2007 til 2011 opplevde ein 40 prosent auke i førespurnadar frå barn som er adoptert til utlandet.

Facebook kjem til unnsetning

For Ileana, og andre på leiting, har det vore dyrt og tidkrevjande å leite etter slektningar. Privatdetektivar, tallause brev og tungvinte byråkrati.

Og der det før var lugubre adopsjonsformidlarar, finst det no fleire som tek seg godt betalt for opplysningar om sakna slektningar.

Facebook fjernar desse mellomledda med eit museklikk.

– Alle er jo på Facebook. Og det går an å bruke det til noko meir nyttig enn å spionere på ekskjærasten, ler Ileana.

Men der andre folk leiter opp ekskjærastar og gamle skulekameratar, byrja ho å søke etter Victor.

Våren 2015 oppretta ho Facebook-gruppa «The never forgotten Romania children», for å finne broren ho hadde leita etter i 25 år.

Resultatet vart ikkje slik ho hadde tenkt. I staden for å finne broren, byrja adoptivbarn å kontakte henne, med bøn om hjelp til å finne røtene sine i Romania.

Ileana byrja å bruke «detektiv-erfaringa» si til å hjelpe andre.

Til dags dato har ho løyst 150 saker. Det er flest adoptivbarn som ber om hjelp. Men også familiane i Romania kontaktar henne.

Ho har totalt fått over 500 førespurnadar, om lag 100 av dei er frå biologiske foreldre Romania. Resten er adoptivbarn frå heile verda.

Førespurnadane kjem frå heile verda. Dei fleste vart adopterte til USA og Canada. Men det er også mange frå Europa, Australia og New Zealand.

Fire norske venninner fekk hjelp

På besøk i Noreg

Ellen, Ileana, Maritha og Florina. Frå da Ileana var på besøk i Noreg.

Foto: Maritha Konstanse Mæland / Privat

Ellen Serine Marinela Fosen frå Kopervik tok kontakt med Facebook-gruppa til Ileana i vår. Ho ville finne sine biologiske foreldre i Transylvania.

Det tok ikkje lange tida før innlegget var lest i Romania, og jungeltelegrafen byrja å gå på den rumenske landsbygda.

I sommar reiste ho med foreldra til Romania for å møte sine biologiske foreldre og ei søster og ein bror.

– Dei tok oss imot med opne armar i ein varm heim. Dei er nokre fantastiske personar med eit godt hjarte, og det kjendest veldig rett for meg å gjere dette, fortel Fosen.

På rekke og rad tok tre andre adopterte venninner kontakt for å få hjelp.

Dei fire hadde møtt kvarandre på adoptivtreff kvart år frå dei var små. Ofte har dei lurt på kor dei kjem frå, og gjennom Facebook har alle fått svar.

Dei fire er Florina Andrea Ness (23) frå Hamar, Andrea Vassbrekke (20) frå Haugesund, Ellen Serine Marinera Fosen (21) frå Kopervik og Maritha Konstanse Mæland (23) frå Vea.

Til saman har sju nordmenn fått hjelp av Facebook-gruppa.

Maritha på besøk

Maritha møtte sin biologiske familie for første gang i november. Frå venstre Marin Christian, stefar, Teodora Lacrimioara, Crenguta aurelia, Alex Andrei, Giano Codrut, Elena Renata, Dana Mihaela, mor Teodora, Maritha Konstanse og Sorin Vasile.

Foto: Maritha Konstanse Mæland

Maritha fann 10 søsken i Romania

Den som fann aller flest slektningar, var Maritha Konstanse Mæland, frå Vea. Det viste seg ho hadde 10 yngre søsken i ein landsby utanfor Cluj i Transylvania.

I midten av november reiste Maritha på besøk.

– Det var knallsterkt, eg kjende eg vart forelska i heile gjengen. Dei hadde leita etter meg i fleire år, sa dei. Den biologiske mor mi lurte på korleis eg hadde hatt det. Kva eg hadde gjort på, om eg hadde gått på skule, fortel Maritha til NRK.

Maritha er den eldste i flokken, og den einaste som har blitt adoptert vekk. Ho fortel at behovet for å vite meir om seg sjølv, for alvor melde seg da ho vart mor.

– Kor stammar eg frå, og kva er historia bak meg?

Ho gjorde seg også tankar om kor heldige vi er i Noreg. Familien var fattige Romfolk, som driv jordbruk.

Du tenker jo at dette kunne vore mitt liv. Mora sa at ho eigentleg ville behalde meg, men da svarte eg at det er ei meining med alt. Og eg er glad for at eg har blitt adoptert vekk. For no har eg to familiar!

Skeptisk til Facebook

Maritha vedgår at ho i starten var litt skeptisk til å bruke Facebook for å leite opp røtene sine. Men skepsisen vart gjort til skamme.

Aschileu Mic

Ileana besøkte familien til Maritha i Aschileu Mic for å avtale praktiske detaljar i samband med besøk frå Noreg.

Foto: Ileana Cunniffe Baiescu

– Eg var heldig som fann ein person som verkeleg bryr seg, og som ikkje forventar noko tilbake, seier Maritha til NRK.

Ileana og Maritha har blitt gode venninner. Maritha er gjort til administrator av facebook-gruppa, og ho er no kontaktpunkt for alle førespurnadar frå Noreg.

Ileana besøkte til og med familien til Maritha i landsbyen Aschileu Mic. Ho var i området saman med barneheimsaktivisten Izidor Ruckel for å vere med i ein dokumentarfilm, og tenkte ho like gjerne helse på familien, og avtale praktiske ting før Maritha kom på besøk.

Ileana gjer altså meir enn å administrere ei Facebook-side. Ho føl opp med telefonar og hjelper til med byråkrati, og når ho har sjansen, reiser ho rundt til familiane og førebur dei på besøk frå utlandet.

Jakta på Victor held fram

Men så var det broren Victor da. Han hadde ho enno ikkje funne midt i arbeidet med å hjelpe hundrevis andre verda over. Skjebnen til broren låg heile tida i bakhovudet.

I sommar vart ho kjend med ei kvinne frå USA, som driv ei liknande side på Facebook, «Adopted from Romania». Ileana fekk fri tilgang til alle meldingar der, som ho saumfor for spor etter Victor.

– Eg hugsar den kvelden. Eg jaga ungane til sengs. Så sette eg meg ned for å søke gjennom gamle meldingar. Massevis av meldingar. Klokka tre om natta fann eg ei tre år gammal melding.

Den var frå den dåverande kjærasten til Victor. Ho hadde riktig namn, heimby og fødselsdato.

Victor

Victor var RAF soldat i Irak.

Foto: Victor / Privat

– Eg vart heilt galen, eg lo og gret, fortel Ileana.

Men gleda vart raskt forvandla til fortviling. Facebookprofilen var deaktivert.

– Eg kunne ikkje kontakte henne. Men i meldinga var der eit etternamn. Willard. Eg byrja søke gjennom profil etter profil på Facebook.

Til slutt fann ho Facebook-profilen til Victor. Han som var så svak då han vart adoptert. Korleis hadde det gått med han?

Det viste seg han hadde budd i USA, men flytta til Storbritannia og verva seg i det britiske flyvåpenet, RAF. Han hadde nesten blitt drepen av ei vegbombe i Irak i 2007.

– Kollegaene i bilen bak oss trudde vi var døde, da vi hadde forsvunne i ei sky av støv og flammar, fortel han til North Wales Chronicle.

I seinare tid har han drive innsamling for veteranar med posttraumatisk stressyndrom.

Victor var den 69 ande vellukka leiteaksjonen gjennom Facebook-gruppa «Never forgotten Romania children».

Never forgotten Romania children

Ileana melder frå til følgarane på Facebook at ho endeleg har funne broren Victor etter 25 år. Her er han avbilda med søstera som også bur i Storbritannia. Førre gang dei to var fotografert i lag var i 1990, og det gulna bilete var lenge det einaste minne storesøstera hadde av dei.

Foto: Never forgotten Romania children / Faksimile

Ileana fortel at Victor i starten var veldig skeptisk. Og det har teke tid til å bli kjend med han igjen. Han slit med traume frå utanlandsoperasjonane. Søstera har også hatt eit tøft liv som fosterbarn. Men Ileana er ikkje den som gjev opp så lett. Ho snakkar med begge så så ofte ho kan.

Og på sin private facebook-profil har ho bilde av begge to, med kommentaren:

– Eg visste eg ein dag ville finne dykk igjen, sjølv om de vart adoptert av to ulike familiar.

Ynskjer å gje noko tilbake til landsbyen

Ileana har mellom all leitinga også rukke å stifte familie. Ho har fått fem born.

– Eg har halvparten så mange som mor mi, spøker ho.

Men ho stilte strenge krav til ektemannen. Dei måtte kjøpe hus før dei fekk barn.

Ungane skulle ha ein hus dei kunne kalle heimen sin.

No ynskjer ho å gje noko tilbake til landsbyen der ho vaks opp. Scutelnici i Buzau fylke er framleis fattig, og ho samlar no inn pengar til ein leikeplass.

– Da eg var lita, hadde vi ingenting å leike med. Ikkje ei disse, eller ei trampoline. Eg har aldri teke betalt for å hjelpe andre. Men draumen min er at eg kan få hjelp til å bygge denne leikeplassen.

Basar Karmøy

Maritha, Ellen og Florina arrangerte basar på Karmøy for leikeplass i Romania.

Ho håpar å samle inn 12.000 Euro til ein leikeplass med kapasitet for 300 barn i landsbyen.

Maritha har vore med å hjelpe til å samle inn pengar på Karmøy. Ho inviterte Ileana til Noreg, og arrangerte ein innsamlingsaksjon på Vea. Dette inspirerte den lokale barnehagen til å halde kronerulling blant foreldre.

Vil hjelpe så lenge det trengst

26 år etter den vonde dagen i 1990, har Ileana har forsona seg med foreldra sine.

– Vi snakkar ikkje om fortida. Vi levde alle gjennom dei vanskelege tidene. Vi veit kva som skjedde. Mor mi hadde ikkje utdanning, ho hadde lite kunnskap. Etter kvart som eg har fått barn sjølv forstår eg kor tøft dei måtte ha hatt det.

Arbeidet med å spore opp slektningar vil ho halde fram med. Samtidig har det vore gjevande å kome i kontakt med familiar i Romania.

– Hugs, eg var også ein fattig person frå Romania, eg var som dei.

Ho har ein ambisjon om å hjelpe desse familiane i framtida. Kanskje hjelpe dei ta seg betre av barna sine.

– Dei har lite å hjelpe seg med, men hjartevarmen er der. Det kan ein bygge vidare på, fortel Ileana Cunniffe Baiescu.