Hopp til innhold

Andrew Tate tiltalt for valdtekt og menneskehandel

Eit kriminelt nettverk med formål om å utnytte kvinner er no tiltalt av rumensk politi. Dei fire sikta avviser skuldingane.

Andrew Tate frå pizza-videoen.

Andrew Tate er kjend for å røyke sigarar i videoane sine.

Sigarar, raske bilar, privatfly og provoserande utsegn om kvinner. Slik kjenner mange den kontroversielle britisk-amerikanske influensaren Andrew Tate.

No er den tidlegare kickboksaren, broren hans Tristan og to kvinner tiltalt for valdtekt, menneskehandel og organisert kriminalitet. Det skal vere snakk om overgrep mot sju kvinner.

Dei skal vere ein del av eit kriminelt nettverk i Romania, der formålet var å utnytte kvinner seksuelt.

Dei fire skal ha avvist skuldingane, og Tate har tidlegare uttalt at politiet ikkje har bevis i saka.

Andrew Tate, broren Tristan på veg til retten i București i Romania 21. april 2023.

Andrew Tate, broren Tristan og advokat Eugen Vidineac på veg ut av retten i Bucuresti i Romania i april.

Foto: AP

I slutten av desember i fjor ransaka politiet i Romania åtte bustader for bevis. Dei konfiskerte mobiltelefonar, videoutstyr, bilar, narkotika, falske ID-kort og 100 000 kronar i kontantar.

Brørne og dei to andre sikta i saka blei sett i varetekt. Ein rumensk domstol forlenga fengslinga med 30 dagar - fire gonger.

Les også Meiner Tate har gjort det farlegare å vere sexarbeidar i Romania

Antonella speil

31. mars anka dei fire sikta fengslinga, og vant fram. Då fekk dei vere i husarrest den siste månaden.

No er dei same fire personane på nytt pålagde husarrest, fram til rettssaka startar.

Internettfenomen

Tate har dei siste åra blitt stor på internett. Før profilen hans blei bannlyst av TikTok, hadde han 4,7 millionar følgarar på kanalen.

Andrew Tate blir ført bort frå bustaden sin av maskert politi.

Tate blei arrestert i bustaden sin i Romania 29. desember 2022.

Foto: Reuters

Han blei også bannlyst frå Twitter, men fekk kome tilbake då Elon Musk tok over leiinga. Der har han no 6,9 millionar følgarar.

Ber valdtektsoffer ta ansvar

På sosiale medium og gjennom podkasten «Tate Speech» er influensaren kjend for å forkynne maskulinitet, gi sjølvhjelpsråd, og kjem stadig med kontroversielle utsegn på ulike tema. Følgarane hans er hovudsakleg unge menn.

Han har mellom anna sagt at valdtektsoffer må ta ansvar for overgrepet. Dette er også grunnen til at han blei bannlyst frå Twitter.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt