Polarskuta «Maud» på veg heim

AASIAAT, GRØNLAND (NRK): – Det kjennest svimlande og fint! Og det kriblar litt i magen, seier prosjektleiar Jan Wanggaard om reisa som no er i gang. Han fryktar ikkje full storm når Nord-Atlanteren skal kryssast med polarskuta «Maud» på slep.

Dette er historia om ein bergingsoperasjon heilt utanom det vanlege. Og om noko som handlar om langt meir enn å berge eit gammalt vrak.

Det er historia om polarskuta «Maud», som låg under vatn i 85 år. Sommaren 2016 blei ho heva, og året etter slept ut av Nordvestpassasjen – hit til Aasiaat på vestkysten av Grønland. Her har skuta «kvilt» gjennom vinteren.

I april i år var Jan Wanggaard og teamet hans tilbake i Aasiaat for å planleggje siste etappe av reisa tilbake til Vollen i Asker, der «Maud» blei sjøsett 7. juni 1917.

– Den praktiske førebuinga er ferdig, «Maud» ligg trygt på lekteren «Jensen», og slepebåten «Tandberg Polar» har vore gjennom ein grundig sjekk. No er vi klare. Det skal bli godt å komme heim, sa Wanggaard til NRK fredag, dagen før avreise. Laurdag ettermiddag lokal tid var slepet i gang.

Skal krysse Nord-Atlanteren med «Maud» på slep

Heimreisa går sørover langs vestkysten og rundt sørspissen av Grønland, vidare mot Island og så over Nord-Atlanteren til Noreg. Det er ei lang reise over ope hav.

Frå Aasiaat til Vollen er det 2803 nautiske mil langs den ruta dei planlegg å gå. Det er rundt tre gonger så langt som avstanden mellom Lindesnes og Nordkapp. Dei kjem til å gå med ein fart på rundt 4 knop. Dersom dei går samanhengande utan stans, blir det ei reise på 28 døgn. Men dei kjem til å gå til land, blant anna for å fylle drivstoff.

Vraket av Maud, med slepebåten Tandberg Polar i bakgrunnen

«Maud» med slepebåten «Tandberg Polar» i bakgrunnen i hamna i Aasiaat.

Foto: Truls A. Antonsen/NRK

Wanggaard kan ikkje seie sikkert når dei er tilbake.

– Vi segler i retning Noreg, og håpar å komme til Vollen i siste del av august. Kvar vi først får land i sikte får tida vise. Vi gler oss over at vi no er i gang med siste etappe, og så har vi sommaren på oss til å komme heim, seier Wanggaard.

Amundsen si gamle skute veg nær 400 tonn der ho ligg på lekteren «Jensen». Slepebåten «Tandberg Polar» er bygd i 1967, og har maskin frå 1969.

«Tandberg Polar» sleper polarskuta «Maud» på lekteren «Jensen»

Det er rundt 600 meter mellom slepebåten «Tandberg Polar» og «Maud», som ligg på lekteren «Jensen». Grafikk: NRK

Wanggaard seier han no er mest opptatt av å få «Maud» trygt tilbake til Vollen. Han fryktar ikkje at lekter og skute skal gå rundt ute på havet.

– Kva skjer viss det blir full storm?

– Då legg vi oss på vêret og ventar. Men stort sett trur eg nok vi kan segle jamt og trutt. Vi vurderer det slik at dette er det beste og tryggaste måten å hente «Maud» heim på. Eg trur nok at andre gjerne kjenner seg meir utrygge på dette enn det vi gjer, seier Wanggaard.

Bilde av dekket på polarskuten Maud
Foto: Truls A. Antonsen/NRK

Nøyaktig hundre år etter

«Maud» blei bygd på oppdrag frå Roald Amundsen til bruk på ekspedisjonen han starta sommaren 1918. 24. juni i år er det på dagen 100 år sidan «Maud» seglde ut Kristianiafjorden (Oslofjorden) med kurs for Vardø og deretter Nordaustpassasjen.

Målet var å drive forsking i Polhavet og kanskje også nå Nordpolen. Men ekspedisjonen møtte store hindringar. «Maud» blei sitjande fast i isen i Nordaustpassasjen nord for Russland.

Amundsen gav opp, og etter at han gjekk konkurs, blei skuta seld på tvangsauksjon, og frakta til den canadiske byen Cambridge Bay. «Maud» gjekk ned i 1931.

For sju år sidan blei prosjektet «Maud Returns Home» starta, med Wanggaard som prosjektleiar. Målet var å heve «Maud», og hente skipet tilbake til Vollen i Asker, der «Maud» blei bygd i 1916–1917.

«Tandberg Polar» slepte «Maud» – liggjande på lekteren «Jensen» – ut frå Cambridge Bay tysdag 29. august 2017. Foto: CBC

«Tandberg Polar» slepte «Maud» ut frå Cambridge Bay 29. august 2017. Foto: CBC.

– «Maud» er unik

Viktige milepælar er passert: Dei fekk løyve av canadiske styresmakter til å hente «Maud» til Noreg, dei fekk slepebåt og lekter på plass i Cambridge Bay, skipet er heva, og det er transportert ut av Nordvestpassasjen. No er siste etappe i gang.

Ruten hjem fra Grønland på et kart

Reisa frå Grønland vil ta «Maud» over Nord-Atlanteren og til norskekysten.

Foto: Synne Gjul

– Korfor er det viktig å hente «Maud» heim?

– Vi vil vise fram ein båt som tilhøyrer ein viktig del av norsk polarhistorie, og ikkje minst norsk kulturhistorie. «Maud»-ekspedisjonen var ei stor bragd, sjølv om ekspedisjonen ikkje blei så veldig kjent i ettertid. Dei nådde ikkje Nordpolen, men vitskapsdelen av ekspedisjonen var ein stor suksess. Dette blir tyngdepunktet i eit framtidig «Maud»-hus, som det er planen å byggje i Vollen.

– Korleis vil du karakterisere «Maud»?

– Ho er vakker, ho har ei sterk utstråling, det er eit fartøy som blei bygd av dei mest kompetente båtbyggjarane på den tida. «Maud» blei spesialbygd for Amundsen sin ekspedisjon. Ho er fullt på høgde med «Fram» og «Gjøa».

– Kan ho ikkje minne mest om eit vrak?

– Ho er i stor grad øydelagd av is og «tidas tann», men det er ei skute med kvalitet. Det er viktig at folk får oppleve «Maud» slik ho er, utan at ho blir restaurert. Eg trur fleire enn meg vil oppleve at ho «treffer dei i magen».

Etter at «Maud» har komme tilbake til Vollen, skal ho slepast til Tofte i Hurum, og liggje der fram til det nye bygget står klart i Vollen.

«Maud» er unik fordi ho er autentisk, båten er ikkje «fikla med» på 100 år, og vi skal heller ikkje gjere meir enn det som er høgst nødvendig for å bevare henne slik ho er i dag, seier Wanggaard.

Jan Wanggaard

I fjor sa Wanggard følgjande til NRK:

– Vi gjer dette med stor glede, og har gjennom desse sju åra komme godt under huda på «Maud»-ekspedisjonen–dei som deltok og det dei utførte. Det er ei utruleg historie med drama og menneskeleg innsats frå dyktige folk, folk med vilje og entusiasme. Vi opplever det som enorm glede og ære å gjennomføre dette prosjekt som Asker-selskapet Tandberg Eiendom har gjort mogeleg økonomisk.

Ein liten gjeng

Jan Wanggaard kjem frå Asker, er kunstnar, og har i fleire periodar budd og arbeidd i Lofoten. I 1981 blei han verdsmeister i brettsegling. Sidan 2011 har berginga av «Maud» vore jobben hans.

Bilde av mannskapet som skal slepe polarskuten Maud fra Grønland til Oslo

Her er teamet som hentar «Maud» heim til Vollen: Frå venstre framme: Terje Mørkved, Bjørn Myrann, Jan Wanggaard og Stig Pettersen. Frå venstre bak: Romas Masiulis, Jonny Vestvik og Frode Kristoffersen.

Foto: Truls A. Antonsen/NRK

– Bjørn, Stig, Terje og eg utgjer «kjernegruppa» som har vore med hele vegen. Dei andre karane har komme inn som offisersmannskap for seglasen. Frode er skipper, Jonny styrmann og Romas maskinist. Vi andre utfyller mannskapsposisjonar og tar vakter under seglasen, fortel Wanggaard.

– Vi i «kjernegruppa» er ein svært liten gjeng som har vore involvert i dette arbeidet på alle plan, heilt frå planlegging til gjennomføring, utan særleg bistand utanfrå. Det har vore eit bevisst val, og slik har prosjektet og oppgåva med heving og heimhenting av «Maud» vakse under huda på oss gjennom alle desse åra. Vi har halde på med dette i sju år, like lenge som ekspedisjonen varte, seier Wanggaard.

Slik ser det ut rundt Maud akkurat nå.

Slik såg det ut rundt «Maud» i midten av juli 2016, kort tid før den vellukka hevinga var eit faktum. Skipet gjekk ned i 1931, og har sidan lege på rundt ti meters djup i Cambridge Bay.

Foto: Jan Wanggaard

– Bergtatt av den gamle dama

– Vi gjer dette av naturleg vilje og dedikasjon for ei oppgåve vi meiner er viktig, seier han.

Alle sju var med også under slepet frå Cambridge Bay i fjor. No tar dei snart fatt på den tøffe turen over Nord-Atlanteren.

Med seg har dei ei dyrebar last.

Som Wanggaard har sagt det tidlegare:

– Vi er bergtatt av denne gamle dama. Ho er framleis full av kraft.

Når «Maud» er tilbake i Vollen, har ho fullført ein seglas jorda rundt. Den tok 100 år ...

Då vil også alle dei tre norske polarskutene vere på norsk jord. «Fram» og «Gjøa» står på museum på Bygdøy i Oslo.

Sjå heile reportasjen fra Grønland