Det er travle dagar for prosjektleiar Jan Wanggaard og teamet hans i Cambridge Bay, heilt nord i Canada. Dei har nådd ein ny milepæl. Snart skal «Maud» slepast bort, ut gjennom Nordvestpassasjen og til Grønland. Det er første etappe på vegen heim.
– Vi kom hit i mai-juni, og har hatt ein veldig hektisk sommar. Først og fremst har vi klargjort «Maud» for den lange reisa vi har framfor oss. Vi har rydda ut nye tonn med lause materialar og fylt nokre containerar som skal sendast til Noreg, fortel Jan Wanggaard til NRK. Vi har sikra «Maud» på lekteren vi bruker, «Jensen», og klargjort slepebåten, «Tandberg Polar».
Nok eit lass lause materialar frå «Maud» blir rydda på land ved hjelp av slepebåten «Tandberg Polar».
Foto: Jan Wanggaard / Maud Returns HomeGjennom Nordvestpassasjen til Grønland
– Når kan «Maud» slepast ut frå Cambridge Bay?
– «Maud» er så godt som klar for avreise. No ventar vi på at isen skal løyse seg opp mot aust, slik at vi kan segle oss ut av dei tronge og krevjande farvatna austover mot Grønland, fortel Wangaard.
– Vi reknar med at vi kan dra i siste halvdel av august. Isen legg seg igjen allereie i oktober. Då er vi forhåpentlegvis vel framme på Grønland. Der blir «Maud» liggjande fram til våren. Då startar ferda over Nord-Atlanteren.
«Maud» på hamna i Tromsø i 1918. Det var der Roald Amundsen sin ekspedisjon starta.
Foto: Nasjonalbiblioteket/Peter Wessel ZapffeHeime 100 år etter
– Vi håpar å vere heime nøyaktig 100 år etter at Maud forlèt Noreg 18. juli 1918, fortel Wanggaard. Planen var å slepe «Maud» via Nordaustpassasjen, same rute som blei brukt under ekspedisjonen. Men det viste seg vanskeleg å få løyve til gjennomsegling.
«Maud» blei bygd i Vollen i Asker i 1916–1917. Året etter starta Roald Amundsen sin ekspedisjon. Målet var å drive over Polhavet, og nå Nordpolen. Men ekspedisjonen møtte store hindringar. Amundsen gav opp, og etter at han hamna i økonomisk uføre, blei skuta seld på tvangsauksjon, og frakta til Cambridge Bay. «Maud» gjekk ned i 1931.
Slik såg det ut rundt «Maud» i midten av juli 2016, kort tid før den vellukka hevinga var eit faktum. Skipet gjekk ned i 1931, og har sidan lege på rundt ti meters djup i Cambridge Bay.
Foto: Jan Wanggaard– I sjokkerande god stand
Prosjektet «Maud Returns Home» har i fleire år jobba med å heve vraket, og få båten heim til Vollen. Der er det planen å byggje eit eige hus for «Maud».
«Maud» i dagslys i fjor sommar, etter 85 år under vatn og is Cambridge Bay. Isen har sett sine spor.
Foto: JAn Wanggaard/Maud Returns HomeVed hjelp av løfteballongar fekk dei «Maud» til overflata 30. juli i fjor.
- Les også:
- Les også:
Eitt år seinare viser det seg at «Maud» er i god stand.
– «Maud» er vel nærast i sjokkerande god forfatning, og det er eit eventyr å rydde opp her, og vere i gang med det omfattande reingjeringsarbeidet. Dette er noko som vil halde fram i lang tid etter at vi er tilbake i Noreg. Berre grovarbeidet er gjort til no, fortel Wanggaard.
Etter ein sommar i Cambridge Bay, var det stor stas for «Maud»-teamet å få besøk frå Noreg. Ordførar og rådmann frå Asker kommune kom til Cambridge Bay tysdag. Frå venstre: Prosjektleiar for «Maud Returns Home», Jan Wanggaard, Bjørn Myrann, Terje Mørkved, rådmann Lars Bjerke, ordførar Lene Conradi, og Stig Pettersen. Til høgre ser vi ankervinsjen på «Maud», som også blei brukt på «Fram».
Foto: Jan Wanggaard / Maud Returns Home– Oppreising for Roald Amundsen
Denne veka har «Maud»-teamet hatt besøk av ordføraren i Asker, Lene Conradi og rådmann Lars Bjerke.
– Dette er storvegs, og ei strålande markering av kor viktig det er at «Maud» kan komme heim etter 100 år. Det at «Maud» returnerer til Noreg, er ei veldig fortent oppreising for Roald Amundsen og den altfor undervurderte «Maud»-ekspedisjonen hans, seier Wanggaard. Ekspedisjonen sette djupe spor etter seg i naturvitskapleg forsking over hele verda, legg han til.
– Besøket frå Asker kan oppfattast som eit signal om at det offisielle Noreg no begynner å setje «Maud»-ekspedisjonen og heimkomsten inn i det rette perspektivet – som noko svært viktig i norsk polar- og kulturhistorie, seier han.
Ei lyspære med sokkel – framleis intakt etter at polarskuta «Maud» har lege 85 år under is og vatn i Cambridge Bay.
Foto: Jan Wanggaard / Maud Returns HomeTre polarskip på norsk jord
Direktøren for Frammuseet, Geir O. Kløver er imponert over prosjektgruppa frå Asker.
– Det er strålande at folk no vil få høve til å sjå alle dei tre norsk polarskipa på norsk jord. Med «Maud» heime, vil skipa frå alle dei store norske ekspedisjonane vere samla – «Fram», «Gjøa» og«Maud». All ære til dei som står bak denne kompliserte operasjonen, og lukke til på heimvegen, seier Kløver.
– Kva er høgdepunkta arbeidet med «Maud»-prosjektet, Jan Wanggaard?
– Det har vore ei rekkje milepælar for oss desse åra. Den første var å få eksportløyve for «Maud», som jo er eit registrert kulturminne i Canada. Neste milepæl var då vi kom til Cambridge Bay etter lang seglas med «Tandberg Polar» og «Jensen» sommaren 2014. Dette var ein sommar med svært krevjande isforhold i Nordvestpassasjen, seier Wanggaard.
«Tandberg Polar» i arbeid ved «Maud» i fjor sommar.
Foto: Jan Wanggaard/Maud Returns Home– Full av kraft
– Vidare var det ei enorm glede for oss å oppleve at «Maud» steig opp av havet og blei heva sommaren 2016, etter 85 år på havets botn, seier han. Og no – etter desse åra i Cambridge Bay – skal vi altså få oppleve at «Maud» endeleg set nasen mot aust og sør, mot heimlandet. Det er nesten ufatteleg at «Maud» nokon gong skulle få vende heim etter at Amundsen mista det kjære skipet sitt i konkurs i 1925, etter sju år på tokt i Arktis.
– Det er mykje arbeid?
Jan Wanggaard er prosjektleiar for «Maud Returns Home».
Foto: Privat– Vi gjer dette med stor glede, og har gjennom desse åra komme godt under huda på «Maud»-ekspedisjonen – dei som deltok og det dei utførte. Det er ei utruleg historie med drama og menneskeleg innsats frå dyktige folk, folk med vilje og entusiasme. Vi opplever det som enorm glede og ære å gjennomføre dette prosjekt som Asker-selskapet Tandberg Eiendom har gjort mogeleg økonomisk, seier Wanggaard.
No ser han fram til å dra prosjektet i hamn, bokstaveleg talt.
– Vi er bergtatt av denne gamle dama. Ho er framleis full av kraft. 500 tonn eik og to tusen år med båtbyggjarkunst. Vi gler oss!
«Maud» tidleg i mai 2016, då isen framleis omgitt skipet.
Foto: Jan Wanggaard / Privat