Første etappe av reisa heim til Noreg er fullført. Slepet av «Maud» – liggjande på lekteren «Jensen» – starta i den canadiske byen Cambridge Bay tysdag 29. august. To og ei halv veke seinare, laurdag 16. september, kunne slepebåten «Tandberg Polar» dra «Maud» inn på hamna i Aasiaat på vestkysten av Grønland. Der skal «Maud» liggje over vinteren.
– Vi kom til Aasiaat laurdag kveld etter ei krevjande men vellukka utsegling frå Nordvestpassasjen og kryssing av Davisstredet, fortel Jan Wanggaard i «Maud Returns Home».
Davisstredet er havområdet mellom Grønland og den canadiske Baffinøya.
Store mengder drivis
– Dette blei eit vanskeleg år med mykje is, og vi blei utfordra på alle måtar for å kunne finne den beste ruta gjennom isen. Men sakte men sikkert fekk vi «tråkla» oss fram gjennom drivisen, seier Wanggaard.
«Maud» blei brukt av Roald Amundsen på ekspedisjonen han starta i 1918. Men ekspedisjonen møtte store hindringar. Amundsen gav opp, og etter at han hamna i økonomisk uføre, blei skuta seld på tvangsauksjon, og frakta til Cambridge Bay. «Maud» gjekk ned i 1931.
Prosjektet «Maud Returns Home» har arbeidd i fleire år for å få «Maud» tilbake til Vollen i Asker, der skuta blei bygd i 1916–1917. Og i juli i fjor blei båten heva.
- Les også:
- Les også:
I løpet av sommaren har Wanggaard og hans team førebudd slepet til Grønland. Dei venta i fleire veker på at isforholda skulle bli akseptable. Det var avgjerande å komme i gang før isen begynte å pakke seg igjen i Nordvestpassasjen.
Gjennom storm mot Grønland
– I og med at isløysinga i år let vente på seg heilt til slutten av august, blei også kryssinga av havet mellom Canada og Grønland prega av haustlege forhold med vind opp i storm styrke. Men før vi kom så langt, måtte vi søkje ly for vêret nokre dagar då eit stormsenter passerte oss rett før vi seglde ut i Baffinbukta, fortel han.
Ifølgje Wanggaard måtte mange båtar avlyse planlagde gjennomseglingar av Nordvestpassasjen denne sesongen.
– To turseglarar følgde oss i fleire dagar gjennom isen i råka som vi av og til måtte presse open med slepebåten vår, seier Wanggaard.
Takla tøffe forhold godt
Han er svært godt nøgd med korleis «Maud» og «Jensen» oppførte seg under dei til dels krevjande forholda.
– Flåten oppførte seg veldig bra i sjøen og det var ein fryd å sjå «Maud» med nytt vatn under kjølen etter nesten 100 år.
Wanggaard legg ikkje skjul på at det er mange sterke kjensler knytt til heimseglinga av «Maud».
Sterke kjensler
– Etter fleire års arbeid med planlegging og heving av «Maud» djupt inne i Nordvestpassasjen, er det ei sterk oppleving for oss å sjå Amundsen si stolte skute segle gjennom nytt farvatn – på veg til å fullføre ei fullstendig omsegling av Nordpolen over ein tidsperiode på 100 år, seier Wanggaard.
– Samtidig veit vi at svært mange vil glede seg over å sjå «Maud» komme heim til Noreg. Skuta representerer ein viktig del av den norske polar- og kulturhistoria, og ikkje minst kastar «Maud» lys over sider ved Roald Amundsen som er ukjent for dei fleste nordmenn, seier Wanggaard.
– No er «Maud» framme på Grønland. Kva skjer vidare?
– «Maud» skal no få kvile her i Aasiaat fram til neste vår, og så får vi sjå når det beste tidspunktet vil bli for å setje kursen vidare ned rundt Kapp Farvel og over Nord-Atlanteren til Noreg neste sommar, seier Jan Wanggaard.