Bruce Lee, kongen av kloakken i Romania

GJENGLEIAREN: Han heitte eigentleg Florin Hora, men kalla seg Bruce Lee, fordi han hadde ry på seg til å vere flink å slost. I fleire år var han sjef for ein gjeng som budde ved den største jernbanestasjonen i Bucuresti. Fotografen, som også er journalist, Radu Ciorniciuc, budde der nede i fire månadar

Foto: Radu Ciorniciuc

Kva skjedde med «kongen av kloakken» og gjengen hans?

BUCURESTI, ROMANIA (NRK): Han regjerte over dei narkomane som budde under asfalten ved Bucurestis største jernbanestasjon. Så vart han arrestert. Og gjengen hans spreidd for alle vindar. Fire år seinare reiser NRK til Bucuresti, for å finne ut korleis det gjekk med dei.

– Eg slost med gendarmane, eg var rasande. Politiet heldt folka i den steikande juliheten. Det var ein dårleg dag. Dei tok alle hundane, alle barna. Politiet sa ikkje kor dei vart sende.

Sosialarbeidaren Alina Dumitriu fortel om dagen da gjengleiaren, som kalla seg Bruce Lee, vart arrestert.

Alina Dumitriu

BER POLITIET OM Å TA DET ROLEG: Sosialarbeidaren Alina Dumitriu kranglar med politiet under arrestasjonen av Bruce Lee i 2015.

Foto: Radu Ciorniciuc
APTOPIX Romania Drug Trafficking

ARRESTERT: I juli 2015 vart Bruce Lee arrestert. Han fekk ein dom på 17 år i fengsel.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Alina var sosialarbeidaren som introduserte meg til Bruce Lee for fire år sidan.

Døypenamnet hans var Florin Hora. Han vaks opp på barneheim under kommunismen i Romania, og kom til Bucuresti for over tjue år sidan for å søke lukka.

I 2014 fekk eg vere med han ned i det underjordiske riket han hadde skapt for seg sjølv og rundt 130 rusmisbrukarar. Mange var born heilt ned i tiårsalderen.

Bruce Lee opp

KONGERIKET TIL BRUCE LEE I 2014: Slik såg det ut da NRK besøkte rusmisbrukarane som budde under jernbanestasjonen i Bucuresti.

Da eg for fire år sidan klatra ned i den mørke tunnelen under jernbanestasjonen, høyrde eg levenet frå menneske og husdyr. Men det verste var kanskje den søtlege stanken frå sveitte og sjuke menneske.

Det eg fann der nede ei brokete forsamlinga av menneske som på ulikt vis hadde hamna på skråplanet. Dei sniffa lim, sette sprøyter, og spelte høg musikk frå to digre høgtalarar. Nico og Vinz var ein av favorittane.

Det var ein slags fest i helvete, som gjentok seg kvar dag.

Eg passa godt på kor eg sette beina. Brukte kondom og sprøyter flaut på toppen av ein uidentifiserbar saus som låg i botnen av dei mange gangane.

Kloakkbarna

I SAMTALE MED NRK: I 2014 fekk NRKs reporter full omvising av Bruce Lee. Han likte å snakke med journalistar. Dei aller fleste i gjengen rundt han var tunge rusmisbrukarar med store helseplager.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Kloakkens Robin Hood

Bruce Lee presenterte seg sjølv som ein slags moderne Robin Hood. Han stal frå dei rike for å hjelpe sine fattige undersåttar, fortalde han alvorleg til meg.

Det var nok også delvis sant. Alina fortel meg at Bruce Lee tok vare på folka sine. Han sende dei til lege, og betalte rekninga.

Narvesenlighteren

MODERNE ROBIN HOOD? I 2014 hevda Bruce Lee til NRKs reporter at han var ein person som stal frå dei rike og gav til dei fattige.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Men han hadde også ei mørk side. For politiet fann heroin. Dei skulda han for mord. Mange av dei som budde i kloakken var prostituerte.

Det er framleis litt uklart kva han vart dømd for. Men det var mange som døydde rundt Bruce Lee. Sjølv overlevde han alltid.

No sonar han ein dom på 17 år i sikkerheitsfengselet i Aiud, som ligg langt oppe i Transylvania. Det er her dei blir sende, dei farlegaste kriminelle i Romania.

Dei fleste eg spør, vedgår Bruce Lee fortente fengsel, men at fengselsstraffa kanskje var i strengaste laget.

Rikskjendisen

Alina fortel at gjengen til Bruce Lee skulda henne og dei andre sosialarbeidarane for å bringe journalistar og søkelys på miljøet i kloakken. Det var deira feil at politiet aksjonerte.

Men Bruce Lee ville ha merksemd. Han deltok i prateprogram på fjernsyn, og han tok imot journalistar frå heile verda. Amerikanske ABC laga ein lang reportasje om «the sewage children», som gjekk på nasjonalt fjernsyn i USA.

PÅ FJERNSYN: Bruce Lee deltek i rumensk fjernsynsprogram

Bruce Lee hadde blitt eit fenomen. Det kom eit press frå andre EU-land på rumenske styresmakter. Dei måtte gjere noko med situasjonen.

Politiet hadde også rikeleg med bevis mot han. Dei hadde sendt ned ein spanar, som levde saman med dei narkomane, og kartla miljøet.

Er kloakken verkeleg stengd?

Eg prøvar å få eit intervju med Bruce Lee i fengselet, men det tek for lang tid å få alle løyver på plass.

Så eg fokuserer på å finne det som er igjen av gjengen hans. Han hadde eit heilt apparat rundt seg, livvakter, assistentar og ei kokke som kvar dag laga ei stor gryte med suppe.

Eg snokar rundt utanfor jernbanestasjonen, og ser det dampar ut frå eit par kumlokk der det før budde folk.

Etter ei stund dukkar det opp nokre få sjeler, som har søkt ly i eit par av dei gamle tunnelane. Men dei har ingen tilknyting til den gamle gjengen, fortel dei.

Heimlause Bucuresti

NESTEN FOLKETOMT: To karar dukkar opp og viser oss ned eit hol ved jernbanestasjonen. Det er berre ein handfull menneske som bur der no.

Foto: Felix Stancu / NRK

Eg klatrar ned for å sjå korleis det ser ut. Det er mørkt og fullt av søppel. Noko beveger seg i søpla, eg håpar det er ein katt og går opp igjen.

Det er tydeleg at tunnelane for det meste har stått tomme sidan Bruce Lee sine velmaktsdagar.

Hard asfalt

HARD ASFALT: Framleis er det mange som rusar seg ved jernbanestasjonen i Bucuresti. Men det er ikkje mange som bur under bakken lenger.

Foto: Felix Stancu / NRK

Bruce Lee heldt i det minste ein viss orden på dei narkomane. Han hadde husreglar. Folk måtte rydde etter seg, elles vart dei kasta ut. Ingen hadde lov til å slost.

Han leigde til og med eit vektarfirma for å halde utkikk ved utgangane. Rykta ville ha det til at Bruce Lee låg i krig med den tyrkiske mafiaen som opererte på jernbanestasjonen. Men kven veit kva som er sant?

Bucuresti er ein by der mytar og realitet smeltar saman. Ja, det er ein brutal kvardag for dei heimlause, men dei elskar samtidig ei god historie.

Kanskje var det også difor barneheimsbarnet Florin Hora laga seg karakteren Bruce Lee.

For å overtyde dei andre om at hans gjeng var den mest hardbarka blant dei utstøytte og heimlause i byen. Og han klarte på denne måten å klatre til topps i hierarkiet blant dei heimlause narkomane.

No er gjengen hans spreidd rundt om i ein by med to millionar innbyggarar, og 18.000 sprøytenarkomane.

Kor mange trur du vi kan finne, spør eg Alina? Ho sukkar:

– Av 130, kanskje 20-30? Det er synd, for vi hadde eit godt samarbeid med dei, det var lett å hjelpe dei fordi dei var på same stad.

Monica Dan

ALT ER VED DET SAME: Leiaren for den rumenske nasjonale anti-AIDS organsiasjonen ARAS, fortel situasjonen for rusmisbrukarane framleis er den same. Ho seier dei treng minst to millionar sprøyter for å dekke behovet.

Foto: Felix Stancu / NRK

Mange døde

Eg og Alina reiser til hovudkvarteret for den nasjonale anti-AIDS organisasjonen, ARAS. Det er dei same triste brakkene vi besøkte for fire år sidan, trykt inn i eit travelt vegkryss i utkanten av byen.

Og leiaren Monica Dan, fortel at styresmaktene i Romania framleis ikkje prioriterar det å hindre smittsame sjukdomar.

Eg spør om ho har oversikt over gjengen til Bruce Lee. Ho fortel mange døydde av kroniske sjukdomar. Kanskje så mange som 20-30%, men tala er usikre.

– Det vi veit sikkert er at mange er døde etter at dei vart kasta ut av undergrunnen, fortel Dan.

Ho seier talet på rusmisbrukarar i Bucuresti har gått ned. Men det er truleg fordi uvanleg mange av dei bukka under i fjor vinter.

På tur med sprøytebussen

Eg får haike med sprøytebussen til ARAS. Dei køyrer på kryss og tvers av Bucuresti, og deler ut reine sprøyter og kondom. Dei har god kjennskap til rusmiljøet, og dette er den beste sjansen eg har for å finne kjenningar frå jernbanestasjonen.

– Han vil vite kor dei vart av, seier Alina til teamleiar Dan.

– Ja eg veit, men det er ikkje så lett, svarar han.

ARAS Bucuresti

UANSETT VER: Alina Dumitriu (til venstre) og Diana Iliescu i ambulansen til ARAS deler ut sprøyter og kondom fire dagar i veka. Dei kjenner rusmiljøet godt.

Foto: Felix Stancu / NRK

Kvar gong bussen stoppar, strøymer narkomane til med plastposar fulle av brukte sprøyter. ARAS har panteordning, og dei som leverer blir påskjønna med fleire boksar reine sprøyter.

– Elles blir sprøytene berre liggande på gata, og leikande born kan stikke seg, fortel Alina.

Sprøyter i Bucuresti

PANT PÅ SPRØYTER: Kvar dag handterar sosialarbeidarane frå ARAS tusenvis av sprøyter.

Foto: Felix Stancu / NRK

Ein mann som kallar seg Vasile kjem hinkande, og fortel han har væskande sår over heile kroppen. Han har soppinfeksjon på grunn av AIDS, og det klør og svir.

Men det er ikkje AIDS denne mannen vil døy av, fortel Alina meg. Det er hjarteinfarkt. Han går på sokalla «legal highs», det er urtedop gjerne kjøpt på postordre frå Kina heilt lovleg. Men sjølv om det er lovleg, er det svært skadeleg for hjarte.

– Vasile treng ein hjarteoperasjon, elles vil han døy, fortel Alina.

Vasile får litt behandling av ein lege, og hinkar ut i den kalde natta.

Behandling Bucuresti

TRENG HJARTEOPERASJON: AIDS-pasienten Vasile har store sår på kroppen. Men det er hjarteoperasjon han treng.

Eg spør Alina korleis ho orkar å halde på med dette arbeidet år etter år. Ho vedgår ho byrjar å bli sliten i hovudet.

– Når eg reiser på konferansar og høyrer kva ressursar kollegaer i andre land har, blir eg sint. Eg vil ha fleire sprøyter til våre folk, betre tilbod. Her i dette landet gir styresmaktene faen.

Teamet deler ut årleg rundt ein million sprøyter, men behovet er minst det dobbelte.

På leiting etter gjengen til Bruce Lee

PÅ TUR MED SPRØYTEBUSSEN: Det er roleg stemning inne i ambulansen medan vi rullar inn i bydelen Ferentari. Ein veit aldri kva som kan skje, brukarane er ofte rusa og ustabile.

Foto: Felix Stancu / NRK

Leitinga held fram

Eg har teke fram mobilen og viser fram bilde av kretsen rundt Bruce Lee, som eg møtte for fire år sidan.

Men rusmisbrukarane har nok med seg sjølv.

Så får Alina sjå eit fotografi av ei raudhåra jente, som står og heng i holet ned til Bruce Lee sitt hovudkvarter. Ho lyser opp.

– Det er Sylvia, ho er på sjukehuset, fortel Alina.

Det viser seg at Alina har fleire jobbar, og ein av dei er å passe rusmisbrukarar som ligg på sjukehus.

Dagen etter besøker vi Sylvia ved Viktor Babes sjukehuset. Ho er ved ei avdeling der ein har plassert heimlause som har tuberkulose.

Eg navigerer meg gjennom ein stappfull korridor av hostande menneske. Sjeflegen ristar på hovudet, og spør meg kvifor eg kastar vekk tida med å intervjue slike folk.

Vi finn eit besøksrom, og Sylvia blir trilla inn i rullestol. Ho pustar tungt, og fortel tuberkulosen har byrja tære på skjelettet. Ho håpar på å få ein operasjon i hofta. Men ho prøvar å sjå lyst på det.

– Det hadde vore verre med kreft, seier ho og ler.

Ho fortel det var i kloakken hjå Bruce Lee ho vart smitta av tuberkulose. Det var så tung luft der.

I veggane låg digre sentralvarerør, som varma opp lufta. Det var gode forhold for bakteriar og virus.

Kloakkbarna i Bucuresti

SYLVIA FØR SJUKDOMEN: Slik såg ho ut i 2014 da NRK møtte henne. Nå sit ho i rullestol med tuberkulose som har gått i skjelettet.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK
Sylvia

SYLVIA FIRE ÅR SEINARE: NRK finn ei sliten kvinne i rullestol, som har vanskar med å puste på grunn av tuberkolose.

Foto: Felix Stancu

Sylvia trur dei fleste som døde der nede omkom av tuberkulose. Dei var allereie smitta, da dei vart kasta ut av politiet. Vinteren tok seg av resten.

– Det er riktig at Bruce Lee hjelpte oss, men han skada oss også samtidig. For å vere ærleg var det eit stygt liv, eg gjekk ned i vekt og mista matlysta, fortel ho.

Sylvia fortel ho gløymde å ta medisinen sin, og ho vart til slutt så sjuk ho måtte sitte i rullestol. Ho byrja å tigge utanfor kyrkjer for å overleve.

Eg spør ho om kva draumar ho har for framtida.

– Eg ynskjer meg ein familie, for eg har to barn med eksmannen min, og eit med min noverande mann. Kanskje eg skal kjempe mot staten slik at eg kan få barna tilbake ein dag?

Ho smiler av tanken. Først må ho bli frisk, men ho har i det minste brote med miljøet frå kloakken. Det gjer samtidig at ho ikkje kan hjelpe oss vidare i leitinga.

Bucuresti

KOR ER GJENGEN TIL BRUCE LEE? Det er ikkje lett å finne dei igjen i ein millionby med 18.000 sprøytenarkomane.

Foto: NRK

Mannen frå Sauda

Eg er i ferd med å gje opp søket etter gjengen til Bruce Lee. Kanskje alle er døde? Frosne i hel på eit gatehjørne, eller reist heim til landsbyen der dei kom ifrå langt oppe i Bukovina?

Så får eg telefon frå Morten Brekke frå Sauda heime i Norge. Han har fått nyss om at NRK er i Bucuresti.

Han sender oss eit fotografi av seg sjølv og Bruce Lee, og fortel han kjenner miljøet godt.

Morten Brekke og Bruce Lee

MORTEN BREKKE: Eldsjeler frå Sauda med Morten Brekke i spissen, har i ei årrekke hjelpt miljøet rundt Bruce Lee. Og Brekke visste kor gjengen til den fengsla gjengleiaren hadde blitt av.

Foto: privat / NRK

– Dei er ufatteleg fine folk, viss du berre blir kjend med dei. Dei er berre fødde på feil plass, fortel han.

Og Brekke veit kor eg kan finne restane av gjengen til Bruce Lee.

Heile tida har dei oppheldt seg nær jernbanestasjonen, ved eit suppekjøkken sponsa med basarinntekter frå vestlandsbygda Sauda.

Og endeleg – finn vi fleire nøkkelpersonar i staben til Bruce Lee.

På kjøkkenet står Stella og lagar suppe. Det var same jobb som ho hadde hjå Bruce Lee. Men no får ho løn av organisasjonen til Morten Brekke, Romania Aid. Og ho har fått råd til å bu i leilegheit med familien sin.

I rommet ved sidan av ligg det fleire lass med klede, donert av gåvmilde menneske frå Sauda.

Livvakta til Bruce Lee

BESTEKOMPIS OG LIVVAKT: Mannen som går under namnet Moldovita, fortel han og Bruce Lee kom saman til Bucuresti. No prøvar han å kome på rett kjøl igjen, og får hjelp av Romania Aid.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Der møter vi bestekompisen og den tidlegare livvakta til Bruce Lee. Ein røsleg kar, som går under namnet Moldovita.

Han fortel han og Bruce Lee rømde frå barneheimen og tok toget til hovudstaden for over tjue år sidan.

– Alle vegar leder til Bucuresti, ler han.

Vi skal til Bucuresti , hovudstaden i Romania. For fire år siden var Sundagsrevyen med under jorda ved jernbanestasjonen i byen- der vart han vitne til eit heilt lite samfunn av rusmisbrukarar, lommetjuvar og prostituerte. Sjefen i dette miljøet var ein mann som kalla seg Bruce Lee. Korleis har det gått med han- og dei andre som budde under bakken? Bur dei der i dag også? Vår reporter som var der for fire år sidan har vore tilbake for å finna ut kva som har skjedd.

SJÅ REPORTASJEN I SØNDAGSREVYEN: Videojournalist Roger Sevrin Bruland besøker gamle trakter.

Moldovita har med seg dei to barna sine, ein son og ei dotter. Han fortel at dei no bur i eit okkupert hus. Det er ikkje ideelt, men det kunne vore verre.

– Kva skal eg seie? Eg er saman med borna mine, eg rusar meg ikkje lenger og eg drikk ikkje lengre. Det er viktig å få litt hjelp.

Marina-Roxana Avram

TRENG BETRE TILBOD: Dagleg leiar for Romania Aid, Marina-Roxana Avram, seier til NRK at det må eit krafttak til for å betre situasjonen for dei heimlause.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Dagleg leiar, Marina-Roxana Avram, fortel at det må eit krafttak til for å hjelpe dei heimlause.

– Det vi treng er store senter, der vi kan integrere dei og gje dei arbeid. Så må dei få seg ein heim og ein familie. For dette er det viktigaste vi har i livet, ein familie, jobb og nok ressursar til å leve, fortel ho.

For framleis har denne europeiske hovudstaden menneske som lever i eit hol i bakken, eller på eit gatehjørne under ei pappkasse.

Dei som overlevde

DEI SOM OVERLEVDE: Stella var kokke og Moldovita livvakt. No møtes dei regelmessig ved suppekjøkenet, og snakkar ofte om livet dei levde i undergrunnen saman med Bruce Lee. begge håpar at dei aldri vil leve på den måten igjen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK