Hopp til innhold

Kommune vedtok tiggeforbod utan å tenke over det

Det er årevis sidan nokon har sett ein tiggar, men frå februar vert det forbode å tigge i kommunen.

Utkikkspunktet Stegastein på vinteren

FORBOD: Tiggarar er ikkje velkomne i turistkommunen Aurland.

Foto: Noralv Distad

Då kommunestyrepolitikarane i Aurland diskuterte saka, vart det ingen stor debatt. Heller ikkje nokon flammande innlegg.

Faktisk var det ikkje så mange som hugsa kvifor tigging i det heile var eit tema.

Det var ikkje diskusjon rundt dette punktet i kommunestyret eller i høyringsrunden etterpå, seier ordførar Trygve Skjerdal (Sp) i Aurland kommune.

Kommunen, som kanskje mest er kjent for turistdestinasjonane Flåm og Stegastein, blir éin av berre fire kommunar i landet med tiggeforbod.

Men då NRK tok kontakt for å spørje kvifor kommunen ville ha eit slikt forbod, måtte dei leite i sakspapira frå 2019 for å finne årsaka.

Turistar på stasjonen i Flåm-

Turistkommunen Aurland blir éin av fire kommunar i landet med eit tiggeforbod.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Ein årelang debatt

Aurland, Nordre Follo, Nissedal og Bjørnafjorden er dei einaste kommunane i landet som forbyr tigging.

Sola kommune oppheva tiggeforbodet i 2021.

I 2014 bestemte regjeringa at kommunane sjølve kan bestemme om dei skal ha tiggeforbod.

I tillegg kom det forslag om eit nasjonalt tiggeforbod. Men i 2015 blei forslaget stansa i Stortinget.

I haust kom SV med eit representantforslag om at kommunane ikkje lenger skal ha lov til å lage lokale tiggeforbod.

– Eg synest det er ein grunnleggande fridom menneske har å kunne be om hjelp viss ein meiner at ein har behov for det, meiner Andreas Sjalg Unneland i SV.

Tidlegare Frp-leiar Carl I. Hagen meiner derimot at kommunane sjølve må få bestemme og at det er viktig for lokaldemokratiet.

Justiskomiteen skal komme med ei innstilling i midten av februar.

Les også Bjørnafjorden har landets eneste tiggeforbud – nå vil SV oppheve det

tigger

Ville hindre organisert kriminalitet

Ved Sognefjorden slenger dei ikkje om seg med politivedtekter og ifølge Sogn Avis har dei ikkje vore oppdaterte sidan 1966.

Tiggeforbodet er ein del av dei nye politivedtektene til Aurland.

Då saka var oppe i kommunestyret i 2019 var det politiet som føreslo eit slikt forbod.

Dette for å hindre organisert kriminalitet og menneskehandel. I tillegg blei omdømmet til kommunen som turiststad trekt fram.

Politistasjonssjef Magne Straumstein i Sogn vil ikkje spekulere på kva vurderingar som blei gjort då politivedtektene blei bestemte.

Magne Straumstein

Politistasjonssjef Magne Straumstein i Sogn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Er det framleis ønske frå politiet om tiggeforbod i Aurland?

– Politiet vil ikkje komme med eit framlegg om at forbodet blir fjerna.

Ordførar Trygve Skjerdal forsvarar det nye tiggeforbodet.

– Vi skal heller hjelpe dei som treng det enn å tillate tigging, konkluderer han.