Hopp til innhold

Oslo har forbod. No vil også Bergen gjere det forbode å sove ute

Fattige tilreisande som søv på gata, har ikkje råd til noko anna, meiner Robin Hood-huset i Bergen. No kan det bli forbode å overnatte utandørs.

Gatebenk i Bergen

Fattige tilreisande nyttar gjerne benkar når dei må sove utandørs i Bergen. Men dette kan no bli forbode.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

– Når vi opnar kafeen, kjem dei hit forfrosne for å varme seg før dei må ut att og leite etter flasker, fortel Goran Indjic.

Han er rådgjevar ved Robin Hood-huset i Bergen.

På kvardagar tilbyr dei ein møtestad og jobbrådgjeving til mellom annan fattige tilreisande. Dei driv også oppsøkande arbeid.

EØS-borgarar kjem til Noreg for å finne arbeid, men endar som regel opp med å leite etter flasker, fortel Indjic.

Goran Indjic, Robin Hood-huset i Bergen

Goran Indjic jobbar på Robin Hood-huset i Bergen. Han meiner det ikkje er gode alternativ til overnatting utandørs for mange i Bergen.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Etter at kommunen la ned overnattingstilbodet til utlendingar i 2022, har fleire blitt nøydde til å sove utandørs.

No kan det også bli forbode å sove på gata.

– Det er på ein måte ein god ting å ønske at folk ikkje skal vere ute på gata, men då må vi ha alternativ, seier Goran Indjic.

Vil forby soving utandørs

Det er byrådet i Bergen som har foreslått å forby overnatting utandørs. Det skjer i samband med ei oppdatering av politivedtektene i byen.

Byrådet vil ha inn denne setninga inn i dei nye politivedtektene, etter modell frå politivedtektene i Oslo:

«I offentlege parkar, grøntareal, friområde, på, ved eller under vegar eller plassar i tettbygd strøk er overnatting, camping, telting eller liknande forbode, med mindre anna går fram av skiltinga på staden.»

– Vi ynskjer å ha moglegheita til å vise vekk bubilturistar og dei som camper på offentlege stader i Bergen sentrum. Dette er eit stort problem, sa sosialbyråd Charlotte Spurkeland (H) i ein oppheita debatt på Politisk kvarter måndag morgon.

Tidlegare byrådsleiar Rune Bakervik (Ap) kalla forslaget frå det nye byrådet for nedrig.

– Dette er heilt forkasteleg i landets første menneskerettsby, sa Bakervik i debatten.

Benk bybanen Bergen

Benkar på bybane-stopp er stadar der heimlause kan bruke til overnatting.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Skal ikkje straffe folk som søv ute

I Oslo har det dei hatt eit liknande forbod sidan 2013. Dette vart innført då Arbeidarpartiet og Raymond Johansen styrte byen.

– Vil du kalle Arbeidarpartiet i Oslo sin politikk for nedrig og hjarterå, spurte programleiar Bjørn Myklebust?

– Arbeidarpartiet i Oslo får svara sjølv for sin politikk. Eg meiner at det ikkje skal vere forbode å sove ute i vår by, svarte Bakervik på spørsmålet.

Charlotte Spurkeland (H) avviste at politiet ville straffa dei som sov ute.

– Hensikta er ikkje at personar som er vanskelegstilte ikkje skal kunne sove på gata. Politiet seier også at det ikkje er forholdsmessig å reagere på dette, forklarte ho i debatten.

Byrådet sier det kun er camping de vil ramme, ikke fattige utlendinger. Nedrig og hjerterått, mener Arbeiderpartiet.

Byrådet seier det berre er camping de vil ramme, ikkje fattige utlendingar. Nedrig og hjerterått, meiner Arbeidarpartiet.

– Mykje depresjon og håpløyse

Byrådet vil framover berre tilby gratis overnatting til nordmenn som slit.

Dermed har utlendingar frå EØS måtta ty til sovepose på benkar eller i ein krok på gata sidan slutten av 2022, eller finne ei ledig seng hjå kjenningar.

For tida er det i underkant av ti menn som treng ein stad å bu. Men andre tider på året kan det vere opp i førti personar mellom 25 og 50 år, anslår Indjic i Robin Hood-huset. Dei fleste er frå Romania, og nokon frå Polen.

– Etter nedlegginga er dei blitt stilte i eit dårleg lys. Dei blir sett på som uønskte element og opplever mindre gjevarglede, fortel Indjic.

– Det er mykje depresjon og håpløyse, kanskje til og med på grensa til apati. Folk er litt rådville og veit ikkje heilt kva dei skal gjere, seier han.

– Kvifor legg dei seg til å sove på gata i Bergen?

– Fordi dei ikkje har alternativ. Dei er nøydde til å tene pengar. Mange har store familiar dei skal brødfø. Nokon finn kanskje eit hus dei kan dele og bu tett, gjerne fire-fem personar på eitt rom som søv på skift. Det er dei heldige, seier Indjic.

Goran Indjic, Robin Hood-huset i Bergen

Hit kjem mange som overnattar på gata. Goran Indjic kjenner til til fleire som har sove ute, men som aldri har vakna opp igjen.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

– Har ikkje råd til noko anna

Han kjenner til eit knippe menn som føler at dei har helse til å takle å bu utandørs.

– Dei har ikkje råd til noko anna.

Men Indjic er uroa for helsa deira. Han kjenner til to-tre personar dei siste par åra der brukarar har sove ute, drukke for mykje alkohol og ikkje vakna opp att.

Vi har opplevd å miste fleire av våre husvener, som vi kallar dei.

I tillegg fortel fleire om dårlegare helse og behov for stadig fleire medisinar.

Vidare er han bekymra for at dei kan bli så desperate at dei bryt seg inn på byggeplassar og i forlatne hus som ikkje er i bruk, og bli politimeld.

Goran Indjic, Robin Hood-huset i Bergen

Kvardagar kan folk som slit få hjelp og varma på Robin Hood-huset i Bergen

Foto: Tony Ågotnes / NRK