Hopp til innhold

VIP-lista skaper bry for Sør-Korea før opningsseremonien

USAs visepresident Mike Pence og Kim Yo-jong, søstera til den nordkoreanske leiaren, ønskjer ikkje å møte kvarandre under OL. Ifølgje gjestelista kan dei to likevel bli sittande berre meter frå kvarandre under opningsseremonien.

OL-troppen til Nord-Korea ankommer Sør-Korea

VELKOMST: Utøvarar frå Nord-Korea deltok torsdag på ein velkomstseremoni i Pyeongchang. Nord-Korea er blitt samde med Sør-Korea om at landet skal sende ein liten tropp med utøvarar til vinterleikane.

Foto: Ed Jones / AFP

Nord-Korea har «absolutt ingen planar» om å møte USA i Sør-Korea, melder det statlege nyheitsbyrå KCNA, dagen før vinterleikane startar i Pyeongchang.

Heller ikkje USAs visepresident Mike Pence har bede om noko møte med Nord-Korea. Onsdag sa han at amerikanarane snart vil offentleggjere dei hardaste sanksjonane mot Nord-Korea nokosinne.

Dette har blitt eit vanskeleg dilemma for vertslandet Sør-Korea. Ifølgje protokollen for kvar VIP-gjestane skal sitte under opningsseremonien, vert dei to plasserte berre meter frå kvarandre, skriv The Guardian.

Kim Yo-Jong

BLIR SENDT TIL OL: Kim Yo-jong (t.v.) er søstera til den nordkoreanske leiaren Kim Jong-un (t.h.). Det finst få bilete av henne, dette er frå mars 2015.

Foto: Str / AFP

«Fredsleikane»

Sør-Korea jobbar hardt for at vinterleikane skal bli sett på som fredslege og forsonande. Sermonien kan likevel vise seg å bli svært krevjande, seier ein kjelde som har kjennskap til planlegginga til Reuters.

– Kor nær bør nordkoreanarar og amerikanarar sitte, når Washington har vore så offentlege med sanksjonar og press mot Nord-Korea? Og kven får eit høgare sete?, spør vedkomande oppgitt til nyhetsbyrået.

Den internasjonale olympiske komité overlèt den delikate avgjerda om sitteplassar til dei sørkoreanske vertane.

IOC-presidenten Thomas Bach sa at han ikkje ønsker «å gjere feilen å forsøke å blande seg inn», noko som ville vore «ei oppskrift på katastrofe».

Mike Pence

SKAL DELTA: USAs visepresident Mike Pence leiar den amerikanske delegasjonen som deltek på opningsseremonien.

Foto: Toru Hanai / Reuters

Ein av dei som skal vere til stades saman med Pence under OL er faren til Otto Warmbier, den amerikanske studenten som vart fengsla av Nord-Korea. Han var halden fanga i 17 månader, og døydde kort tid etter at han vart sett fri.

– Vi vil vere der for å heie på våre amerikanske idrettsutøvarar, men vi vil også vere der for å stå saman med våre allierte og minne verda om at Nord-Korea er det mest tyranniske og undertrykkjande regimet på planeten, sa Pence på onsdag.

Militærparade

Medan utøvarane gjer seg klare til leikane, heldt Nord-Korea ein militærparade torsdag.

I 40 år har landet halde ein militærparade i april, ifølgje BBC. Denne gongen valde regimet på endre datoen til 8. februar, dagen før OL startar i Pyeongchang.

Medan utøvarane gjer seg klare til dei olympiske leikane i Sør-Korea, marsjerer det nordkoreanske militæret på andre sida av grensa.

PARADE: Militære køyretøy køyrde gjennom gatene i Pyongyang torsdag. Dette videoen er frå Paektu Cultural Exchange.

Nord-Korea og leiaren Kim Jong-un har fått kritikk for at dei vel å halde ein militærparade så tett opp mot OL.

Paraden vart ikkje sendt direkte på TV, slik regimet gjorde under den førre, store militærparaden i april i fjor.

SISTE NYTT

Siste nytt