Hopp til innhold

Ving-turistane fekk reise heim – no står fleire av dei fast i Stockholm

Fleire av dei norske turistane som har vore stranda på Rhodos sidan søndag gjekk i natt om bord eit fly til Stockholm. – Dei kjem seg heim i dag, seier Ving.

Sover i lobby

Vaksne og barn måtte sove på golvet og andre stader i lobbyen til hotellet på Rhodos søndag.

Foto: Unni Arnøy / NRK

Delar av reisefølgjet frå Rhodos landa på Arlanda i Stockholm i natt, men får ikkje fly vidare til Noreg enno. Ifølgje Ving skal dei komme heim i dag.

1.182 nordmenn var frå søndag til natt til tysdag fast i ein hotellobby grunna tekniske problem på den internasjonale flyplassen på Rhodos.

Bagasje frå Rhodos

Fleire av dei 1.182 nordmennene som har vore stranda på Rhodos sidan søndag har no kome seg til Arlanda. Tysdag morgon fekk dei bagasjen sin.

Foto: Unni Arnøy / NRK

Natt til tysdag kom dei seg på eit fly til Arlanda, og skulle etter planen bli flydd vidare til Bergen og Stavanger.

Passasjerar reisande til Oslo landa på Oslo Lufthamn i dag tidleg.

Berre ein representant frå Ving til stades

Berre passasjerar som skulle til Bergen og Stavanger fekk reise, medan reisande til Oslo måtte bli igjen på Rhodos.

Passasjerane skal ha stått i innsjekkingskø i over fire tinar då dei skulle fly til Sverige.

– Ingenting fungerte. Dei hadde ikkje bemanningslister, så alle som skulle til Arlanda måtte vente i avgangshallen i fleire timar før noko skjedde, fortel NRK-medarbeidar Unni Arnøy som er i Stockholm.

rhodos-kaos

Runar Bjørshol (t.h.) har vore på ferie med kona si Heidi og barnebarnet Alice (t.v.). Dei skulle eigentleg reist heim att til Noreg søndag kveld. Bjørshol synest det er skremmande at ikkje Ving har vore meir forberedt.

Foto: Privat

Ifølgje Arnøy var det berre ein mann frå Ving til stades på flyplassen på Rhodos.

– Folk var heilt i harnisk fordi det ikkje var noko struktur. Guiden gjorde alt han kunne, men kom til kort. Den siste timen fekk han hjelp av fleire representantar frå Ving og Securitasvektarar, fortel Arnøy vidare.

Skal få komme heim i dag

Klokka 08.00 i dag tidleg hadde Ving eit nytt møte. Informasjonssjef i Ving Noreg, Siri Røhr-Staff, fortel til NRK at dei som er på Arlanda skal få komme heim i dag.

Iinformasjonssjef i Ving Norge Siri Røhr-Staff

Informasjonssjef i Ving Noreg, Siri Røhr-Staff, meiner at alle gjestane kjem seg heim i dag.

Foto: Pressefoto / Ving

– Vi veit ikkje eksakte tider enno, men dei kjem seg heim i dag, seier Røhr-Staff.

Flykaoset søndag kveld førte til problem for alle reisande til og frå Rhodos.

– Det er snakk om svært mange reisande som blei ramma av dette. Dette førte til at å skaffe nye fly, samt hotellovernatting midt i høgsesongen har vore ekstremt krevjande, seier Røhr-Staff.

Dette førte til at Ving måtte gjere kalkulerte endringar av eigne fly, som gjekk over andre reisande. Dei måtte også leige inn fly frå andre selskap.

– Thomas Cook Airlines Skandinavia, Ving Noreg/Sverige og Spies i Danmark har jobba døgnet rundt for å få gjestar heim frå Rhodos slik at dei skulle sleppe ei natt til utan hotell.

Vi har gjort det beste ut av ein svært krevjande situasjon, seier Røhr-Staff.

SISTE NYTT

Siste nytt