Hopp til innhold

Venezuela: Fryktar valdeleg utfall etter Oslo-møte

Om Venezuela-samtalane i Oslo går dårleg kan utfallet bli valdeleg, fryktar leiaren for ei norsk-venezuelansk foreining. Ho seier folk har fått nok av dialog og krev handling.

Venezuela Political Crisis

Protestane i Venezuela har vore store lenge. No er det samtalar mellom regjering og opposisjon i Oslo, men det er uvisst kva samtalane omhandlar.

Foto: Fernando Llano / AP

NRK melde onsdag at representantar for partane i konflikten i Venezuela er i Oslo for samtalar.

Torsdag kveld stadfesta opposisjonsleiaren i Venezuela, Juan Guaidó at det er sendt ein delegasjon til Noreg.

Og natt til fredag kunne det norske utanriksdepartementet opplyse at Noreg er involvert.

– Noreg informerer om at det som del av ein utforskingsfase har vore kontakt med representantar for sentrale politiske aktørar i Venezuela, med sikte på å støtte dei i arbeidet for å finne ei løysing på situasjonen i landet, skriv UD i ei pressemelding.

Venezuela Political Crisis

Opposisjonsleiaren i Venezuela, Juan Guaidó stadfester å ha sendt ein delegasjon til Noreg for å forhandle om ei løysing på den politiske konflikten i heimlandet.

Foto: Martin Mejia / AP

Redd for væpna kampar

Etter at nyheita kom har leiaren for den Venezuelanske foreininga i Noreg, Maylem Lauvstad, fått mange meldingar frå andre norske venezuelanarar i Noreg. Dei fryktar det er snakk om nok ein runde med det dei kallar «dialog».

Maylem Lauvstad

Maylem Lauvstad håper samtalane i Oslo er meir enn berre ein vanleg dialog, men bidrar til politiske løysingar i heimlandet Venezuela.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Eg har fått mange meldingar frå folk som lurer på kva det er som skjer. Det venezuelanske miljøet er mindre positive, og det er fordi dei har ferskt minne av ein mislykka dialog. Ordet «dialog» har blitt misbrukt av regimet i Venezuela. Dei seier «dialog», men alle veit at det ikkje nødvendigvis fører til nokon endring, seier Lauvstad.

Heller ikkje ho veit kva samtalane handlar om, men seier at ho verkeleg håper det er snakk om samtaler som fører til endring på bakken.

– Om initiativet er mislukka fryktar eg at fleire venezuelanarar begynner å håpe på militær intervensjon, sjølv om ikkje alle forstår kva det faktisk inneber. Intervensjon er ikkje noko ønskjeleg løysing, men for nokon i Venezuela er det den einaste løysinga dei ser, seier ho.

President i Venezuela, Nicolás Maduro, meiner opposisjonen er styrt av USA og andre vestlege makter. Medan hans eige regime får støtte frå andre land der kommunisme eller sosialisme har vore ein del av landets nyare historie, slik som Cuba, Russland og Kina.

X80001

President i Venezuela, Nicolás Maduro, møtte soldatar i landets marine tysdag denne veka.

Foto: HANDOUT / Reuters

Har forhandla fleire gonger

Frykt for væpna kampar har også blitt nemnt tidlegare når samtaler har falt saman. Det har vore fleire rundar med forhandlingar mellom partane tidlegare, utan at det har ført til at regimet i Venezuela har gått av, eller at opposisjonen meiner at dei har fått gjennomslag for sine krav.

Ein to år lang forhandlingsprosess som gjekk føre seg i Den dominikanske republikk var skuffande for dei som håpa på ei løysing. Samtalane stranda i fjor utan nokon avtale.

Etterpå har demonstrasjonane i Venezuela blitt stadig meir omfattande. Også Vatikanet har tidlegare forhandla mellom partane, og no er det Noreg sin tur.

– Regjeringa i Venezuela vil sjølvsagt ikkje ha ein meklar som har godkjent Guaido, og Noreg har haldt ei nøytral linje. Me veit ikkje kva intensjonane i samtalane er, men at Noreg er valt som forhandlar er positiv. For oss som er i opposisjon er det positivt at Noreg heller ikkje anerkjenner Maduro som president. Så da håper vi at Noreg kan bruke sin erfaring i konflikthandtering til å finne ei løysing, seier Lauvstad.

– Opposisjonen har ingenting å forhandle med

Ho meiner likevel at regjeringa må vise at dei vil ha endring, og ikkje berre snakke om dialog for å kjøpe seg tid.

– Den einaste makta som opposisjonen har er makta dei har i gatene. Opposisjonen har ingenting å forhandle med. Det veit jo regjeringa, så dei kallar inn til dialog for å ha eit betre ansikt overfor omverda. Det dei gjer er at dei lekker om dette til pressen fordi dei veit at dei einaste som taper på at ein snakkar om dialog er opposisjonen.

Foreininga hennar støttar ikkje Guaido, men ønskjer seg eit demokratisk Venezuela, og er samla i kritikken mot president Nicolás Maduro.

– Me er leie etter fleire år med protestar. Det er krise i Venezuela, både politisk, humanitært, og i helsesektoren. Me kan ikkje halde ut dette lengre, seier Lauvstad som mellom anna viser til Amnestys rapport tidlegare denne veka som argument for at det stadig skjer brot på menneskerettane i heimlandet hennar.

SISTE NYTT

Siste nytt