Hopp til innhold

– Vi blir i gatene heilt til Maduro er borte

Store menneskemengder har teke til gatene i den venezuelanske hovudstaden Caracas i kveld. Opposisjonsleiaren lovar å halde det gåande heilt til Nicolás Maduro har gått av.

Opposisjonsleiar Juan Guaido i Caracas 1. mai.

Opposisjonsleiar Juan Guaidó talte til tilhengjarane sine i Caracas i dag. Han lovde daglege demonstrasjonar heilt til president Maduro går av.

Foto: Carlos Garcia Rawlins / Reuters

Det blir meldt om samanstøytar fleire stader i Caracas. Nasjonalgarden skyt tåregassgranatar mot steinkastande demonstrantar, som prøver å blokkere trafikken på ein motorveg like ved ein flybase aust i byen.

Det var her Guaido prøvde å få støtte frå dei militære i kampen for å få den sitjande presidenten til å trekkje seg. Dette ser ikkje ut til å ha lukkast. Det verkar som om militærapparatet framleis står på Maduro si side, sjølv om ein del offiserar har gjort det klart at dei støttar Guaido.

– Blir verande i gatene

Demonstrasjon i Caracas.

Også tilhengjarane til Nicolás Maduro var talrikt ute i gatene i Caracas 1. mai. Her ein av dei med ein stor plakat med bilete av den omstridde presidenten.

Foto: Yuri Cortez / AFP

- Det er ingenting å feire for venezuelanske arbeidarar i dag på 1. mai. Vi kjem til å bli verande i gatene til vi har oppnådd fridom for det venezuelanske folket. Regimet vil prøve å auke undertrykkinga, dei vil prøve å få meg stilt for retten, og dermed gjennomføre eit kupp, sa Guaido til tilhengjarane sine i dag.

Under uroa i Caracas i går vart ein person drepen og fleire titals såra . Det har hittil ikkje kome meldingar om skadde i dag.

Juan Guaidó er formelt president i den venezuelanske nasjonalforsamlinga. I januar utropte han, med støtte frå eit fleirtal i nasjonalforsamlinga, seg som den rettmessige presidenten i landet. Han kravde at Maduro straks skulle trekkje seg.

Rundt 50 land, blant dei USA og fleire andre vestlege nasjonar, har godkjent Guaido som den rettmessige leiaren i Venezuela.

Demonstrasjon i Venezuela.

Det er uklart kor mange som deltek i demonstrasjonane mot den sitjande presidenten i Caravas, men det er snakk om ei enorm folkemengd.

Foto: Federico Parra / AFP

USA og Russland i ordkrig

Samstundes skuldar USA og Russland kvarandre for å prøve å påverke situasjonen i det kriseramma landet. I ein telefonsamtale med Russlands utanriksminister Sergej Lavrov skulda USAs utanriksminister Mike Pompeo Russland for å destabilisere situasjonen i Venezuela.

Lavrov svarte på si side at USA si rolle i Venezuela er destruktiv og klart i strid med internasjonal lov. Retorikken mellom dei to landa om Venezuela liknar stadig meir på den kalde krigen.

USA har gått ut med open støtte til Guaido, medan Russland støttar den sitjande presidenten Nicolás Maduro.

Demonstrasjonar i Caracas.

Det er gatekampar i Caracas onsdag kveld norsk tid. Caracas ligg seks timar etter norsk tid.

Foto: Matias Delacroix / AFP

Støtte til Maduro

Det var ikkje berre opposisjonen som tok til gatene i Caracas i dag. Også støttespelarane til Maduro markerte 1. mai med å hylle den hardt pressa presidenten. Maduro har sterk støtte frå tradisjonelle arbeidarklasse-veljarar.

Etter uroa i går heldt Maduro ein fjernsynstale, flankert av dei viktigaste militære leiarane og fleire etterretningstoppar. Her skulda han Guaidó for å ha prøvd å gjennomføre eit kupp.

– Eg gratulerer dei væpna styrkane for å ha «sigra over denne vesle gruppa som ynskjer å spreie vald gjennom væpna oppstand». Dette skal dei ikkje kome ustraffa frå, sa han blant anna i talen.

Støttedemonstrasjon for Maduro.

Frå ein støttedemonstrasjon for Maduro i Caracas 1. mai.

Foto: Stringer / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt