Hopp til innhold

Ny rapport: – Venezuela har blitt eit lovlaust samfunn

Eit regime som fengslar, torturerer og avrettar folk som demonstrerer mot dei. Det er biletet Amnesty teiknar av Venezuela i ein ny rapport.

demo venezuela

Store mengder demonstrantar viste sin misnøye med regimet i Venezuela i januar i år. No offentleggjer Amnesty ein rapport som fortel om politiets metodar som dei meiner er brot på menneskerettane. Her frå hovudstaden Caracas 23. januar.

Foto: YURI CORTEZ / AFP

19 år gamle Alixon Osorio Dos Santos Pisani jobba som bakar i Venezuela, eit land der regimet for alvor har mista kontrollen på økonomien, og kor dei forsøker å behalde kontrollen på folket.

Pisani var ein av dei som var leie av regimet, og som ønska eit regimeskifte.

Difor gjekk han og nokre vener ned til ein del av Caracas – hovudstaden i Venezuela – kor dei visste det var demonstrasjonar. Dei tok med seg grytelokk og steikepanner som dei slo mot kvarandre. Slike demonstrasjonar har det vore mange av i Venezuela dei siste åra.

Medlem av Alixon Pisani familie sørger

Eit familiemedlem sørger over tapet av Alixon Pisani. 19-åringen vart drepen i januar då han var ute for å demonstrere mot regimet i Venezuela. Politiet opna eld mot ei folkemengde, der nokon i mengda kasta stein og molotovcocktails.

Foto: Amnesty

Etter kvart utvikla demonstrasjonane seg. Nokon starta å kaste stein og molotovcocktails – flasker fylte med bensin som vart sette fyr på. Etter litt køyrer ein motorsykkel med to væpna politimenn mot folkemengda. Han som sit bakarst skyt inn i folkemengda.

Det eine skotet treff Alixon i brystkassa, som seinare døyr på sjukehuset.

Ber FN om granskingskommisjon

Denne historia om tilfeldig skyting mot folk som viser motstand mot regimet er ei av historiene Amnesty fortel om i rapporten «Hunger for Justice». Der kjem det også fram historier som fortel om bruk av tortur, avrettingar utan dom og massearrestasjonar.

VENEZUELA-POLITICS/OPPOSITION

Demonstrasjonane i Venezuela har vart ei stund. Her frå 31. mai 2017.

Foto: Christian Veron / Reuters

Rapporten er eit resultat av at Amnesty sine folk har reist rundt i Venezuela i 18 dagar i byrjinga av februar for å snakke med folk og dokumentere historier om menneskerettsbrot. Dei har intervjua 70 personar, og innhenta både lyd- og biletmateriale.

Alt materialet skal ha blitt sjekka og verifisert av ekspertar, skriv Amnesty i rapporten.

– Grove brot på menneskeretten skjer systematisk i Venezuela. I slutten av januar reagerte regimet koordinert og veldig aggressivt mot landsdekkande demonstrasjonar mot matmangel og forverring av levestandarden. Minst 47 menneske vart drepne og 900 vilkårleg arresterte, inkludert barn og ungdom, seier samfunnssjef i Amnesty, Tale Birkeland Hungnes.

Amnesty meiner rapporten beviser at regimet til Nicolás Maduro står bak brotsverk mot menneskeslekta, og at regimet må haldast internasjonalt ansvarleg for dette.

APTOPIX Venezuela Political Crisis

Opposisjonsleiar, sjølvutnemnt president og leiar for nasjonalforsamlinga i Venezuela, Juan Guaidó, er frontfiguren i eit opprør mot regimet i landet. Han får støtte frå USA.

Foto: Fernando Llano / AP

Allereie i september i fjor bad land som Peru, Paraguay, Chile, Argentina, Colombia og Canada om at Den internasjonale straffedomstolen (ICC) etterforskar Nicolas Maduros regime i Venezuela for brot på menneskerettane. No ber Amnesty at FN etablerer ein granskingskommisjon.

– Noreg og det internasjonale samfunn kan ikkje la vere å hjelpe offera for menneskerettsbrota. Dei må vise at slike brotsverk ikkje går ustraffa, og Noreg må ta initiativ i FNs menneskerettsråd i juni til ein uavhengig granskingskommisjon for å undersøke om det har skjedd brotsverk mot menneskeslekta i Venezuela, seier Hungnes.

Ho meiner eit «lite og uavhengig» land som Noreg kan danne alliansar på tvers og spele ei viktig rolle for å «sikre rettferd for offera for menneskerettsbrot».

Kina inn med naudhjelp

Det har vore spesielt uroleg i Venezuela i fleire månader, og seinast denne veka oppmoda opposisjonsleiar Juan Guaidó til nye protestar. Men mange støtter også sittande president Nicolás Maduro, og det er førebels lite som tyder på ei rask løysing på konflikten i landet.

Men økonomien i landet går stadig like dårleg, og mangelen på mat er stor. I går landa eit fly med 71 tonn medisinsk utstyr på flyplassen utanfor Caracas. Hjelpa vert omtalt som «humanitært, teknisk samarbeid».

AFP_1GB8PH

President Nicolás Maduro er fotografert av sin eigen stab under eit møte 9. mai. Han møter framleis stor motstand frå opposisjonen i Venezuela.

Foto: HO / AFP

Når USA forsøkte å levere naudhjelp til landet tidlegare i år vart hjelpesendinga stansa av regimet. Seinare har Røde Kors fått lov til å levere naudshjelp til bebuarar i landet.

At Kina får lov til å komme med naudhjelp, medan USA vert nekta, fortel ein del om konfliktbiletet i landet. Regimet skuldar USA og vestlege makter for å støtte eit forsøk på regimeskifte i landet, og meiner Guaidó er ei nikkedokke for Trumps regime.

At stormaktene står på kvar si side av konflikten betyr også at FNs tryggingsråd er handlingslamma, fordi stormaktene sitt med vetorett.

LES OGSÅ: Verda er splitta i synet på Venezuela

VENEZUELA-CRISIS-OPPOSITION-PROTEST-AFP PICTURES OF THE YEAR 201

Eit bilete frå 2017. Ein demonstrant tek fyr medan han demonstrerer mot politiet i Venezuela. Nokre demonstrantar tek i bruk valdelege middel, slik som molotovcocktails. Det er uklart om det er grunnen til at denne mannen brenner. I byrjinga av 2019 nådde demonstrasjonane i Venezuela sitt førebelse toppunkt kva gjeld tal på demonstrantar.

Foto: RONALDO SCHEMIDT / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt