Hopp til innhold
Urix forklarer

Verda er splitta i synet på Venezuela

Konflikten i Venezuela er ikkje berre ei krise for det latinamerikanske landet, men også ein dragkamp mellom fleire av verdas stormakter.

Venezuela og verden

Kartet viser landa som har vald side i den konflikten i Venezuela. Landa markert i raudt støtter sittande president i Venezuela, Nicolás Maduro, der Kina seier dei støtter Venezuelas interne prosessar, men vert rekna blant landa som støttar Maduro. Landa i blått har sagt at dei anten støtter Guaidó, eller støtter Guaidó om det ikkje blir nyval.

Foto: NRK

USA markerte tidleg standpunkt i Venezuela-krisa, og kort tid etter følgde fleire latinamerikanske land på. Dei støtter alle leiaren for Venezuelas nasjonalforsamling, Juan Guaidó, som erklærte seg sjølv som president.

I tillegg har EU kravd nyval, og Spania, Tyskland, Frankrike, Nederland og Storbritannia har alle sagt at dei støtter Guaidó om det ikkje vert nyval. Noreg har på si side sagt at dei ønskjer nyval, men ikkje flagga tydeleg side i konflikten.

Russia Venezuela

Venezuelas president Nicolas Maduro møtte sin russiske kollega, Vladimir Putin, i desember då Maduro besøkte Russland.

Foto: Mikhail Klimentyev / AP

På motsett side står mellom andre Russland, Cuba og Iran, som alle støtter sittande president Nicolás Maduro.

Kina seier på si side slik dei ofte seier; at dei ikkje vil blande seg inn i interne konfliktar i eit anna land. Kinesarane seier dei respekterer Venezuelas sjølvstende og suverenitet, og dei vert rekna med blant støttespelarane til Maduros regime.

Sjå det interaktive kartet her:

Verden og Venezuela

Frykt for oljestans og flyktningar

Oljeproduserande Venezuela er eit viktig land for USA på fleire vis. Landet er ein storprodusent av olje, og USA er landet som kjøper det meste av oljen.

Men landets økonomiske krise har ført til at oljesektoren har slite mykje dei siste åra. I 2018 var produksjonen nede i rundt ein million fat olje per dag, mot tre millionar fat per dag i 2013. Til samanlikning produserte Noreg rundt 1,8 millionar fat kvar dag i 2018. Denne utviklinga kan skade USA, der berre Canada og Saudi-Arabia er større oljeimportørar.

Den økonomiske krisa kan også skape ei endå større humanitær krise, som igjen vil føre til flyktningar i nabolanda og USA.

Og så er det den politiske biten, der Nicolás Maduro lenge har vore ein sterk motstandar av USA og Vesten. Om han får halde på makta vil også den politiske motstanden halde fram med å vere stor i Venezuela, der sosialistiske krefter har styrt landet sidan Hugo Chávez tok over i 1999.

VENEZUELA-CRISIS-OPPOSITION-GUAIDO

Juan Guaidó har utfordra Venezuelas president Maduro, som han meiner juksa seg til valsiger i fjor.

Foto: LUIS ROBAYO / AFP

Stor gjeld til Russland og Kina

Og det er sosialismen som blir den raude tråden når ein ser på lista over kva land i Latin-Amerika som støtter Maduro.

Bolivia, Cuba, Uruguay og Nicaragua er dei fire landa som støtter Maduro, og dei er alle styrt av sosialistiske eller kommunistiske presidentar. Mexico er det einaste store landet i Latin-Amerika som har sagt seg nøytrale i konflikten.

Politisk ideologi og ikkje minst den globale stormaktskampen er viktige årsaker til at Russland og Kina står på er Maduros side. Dei to landa sit med vetomakt i FNs tryggingsråd som i helga diskuterte situasjonen i Venezuela, og kan dermed stanse FN frå eventuelle forsøk på å gjere noko med konflikten.

I tillegg står Venezuela i stor gjeld til Russland og Kina. Landet har stor utanlandsgjeld til dei to stormaktene, og store delar av inntektene frå oljesektoren går til å betale renter på desse låna.

Russland har tidlegare gitt Venezuela betre lånevilkår for å hjelpe landet i den vanskelege økonomiske situasjonen som landet står oppi, men Venezuela er framleis avhengige av Russland for at ikkje økonomien skal kollapse heilt.

Kallar Maduro diktator

Sjølv om krisa i Venezuela ikkje har fått dei største overskriftene, så har den vart ei god stund. Ved presidentvalet i mai i fjor gjennomførte opposisjonen ein boikott. Nicolás Maduro, Venezuelas omstridde president, vann valet. Problemet er at store delar av opposisjonen boikotta valet, og fleire land rundt om i verda aldri anerkjente resultatet.

Ifølgje valkommisjonen fekk Maduro 68 prosent av stemmene, medan hovudutfordrar Henri Falcón fekk 21 prosent. Men Falcón meiner valresultatet var ugyldig, og hans side meiner valoppslutninga berre var på svake 30 prosent.

I forkant av valet hadde Maduro allereie gjennomført endringar som fjerna mykje makt frå landets parlament der opposisjonen står sterkt, og dette styrka hans rolle som president. Motstandarane hans kallar han for diktator.

Kva vil skje no?

Konflikten eskalerte då Guaidó tok over som leiar av parlamentet i byrjinga av januar, og han kunngjorde at han var klar for å ta over som president i landet fordi president Maduro ikkje er legitimt vald. Då tusenvis av demonstrantar tok til gatene førre veke fekk konflikten overskrifter verda rundt.

No er spørsmålet om Maduro kryp til korset og arrangerer nyval, noko han har nekta for fram til no. Eller om militæret skifter side og stiller seg bak Guaidó. Dei som har militæret på si side sit med det meste av makta i landet.

USA har blitt skulda for å støtte opp om eit statskupp av sittande president Maduro, og Russland meiner USA søker regimeendring i Venezuela, og at situasjonen minner om tidlegare tilfelle av at USA har involvert seg i maktkampar i andre søramerikanske land.

I kulissane til det økonomisk skakkøyrde Venezuela står altså mektige land med store lommebøker og trekker i trådane.

SISTE NYTT

Siste nytt